desember 2011

Kontakt Ekso Villfisk

Ekso Villfisk DA  5728 Eidslandet
post@eksovillfisk.no


Rune Nesheim   916 21 107
Bjarne Lavik      915 97 501







Bjarne med kontakt...

 

Brunaurefiske i Eksingedalen

Kultivert fiskeområde


Fiske

 

For deg som liker å fiske er Eksingedalen ypperleg. Frå Gullbrå øverst i dalen til Eidslandet nederst i dalen renn elva Ekso som elv, fossar og stille vatn, og endar i fjorden ved Eidslandet. Det er og mange flotte vatn i fjella rundt dalen. Fiske kan du gjere nesten overalt, men husk å kjøpe fiskekort.

Her får du kjøpt fiskekort


Gullbrå - Fosse:

Kontaktinformasjon Eksingedalen.no

Eksingedalen.no er nettsida til Eksingedalen ved Eksingedalen Bygdaråd.

Redaktør for nettsida:

Magnar Nese

Tlf 56 59 59 54

Send epost magnanes@online.no 

 

For kontakt med Eksingedalen Bygdaråd:

Kontaktperson

Frøydis Gullbrå

Tlf 56 59 52 77

Send epost frogull@online.no

 

Lavikstølen

Stølsvegen:

Frå fylkesvegen gjennom Eksingedalen tek du av ca 1 km ovanfor Lavik, og køyrer til venstre opp sidevegen mot Haugen og Fjellanger. Bilen kan plasserast på parkeringsplass i Huagen, her du også finn informasjonsskilt om Lavikastølen og Haugastølen.

Stølsvegen, som også er ein traktorveg går slakt oppover lia til venstre. På vegen passerer du eit område med ein del hytter. Tilkomst til stølen er svært god, då traktorvegen går heilt fram til stølsvollen. Det tek ca 20 minutt å gå til stølen.

 

Juletrefest på Ekse Grendahus

Tidspunkt: 
26. Desember 2011 - 13:00
Beskrivelse: 

Juletrefest på ekse grendahus.

Ta med mat. Kaffi/brus og kakao vert servert Kr 30,-

Haugastølen

Turen til Haugastølen er lett å gå. Her er fleire alternative ruter, der ein kan gå både på sti og på grusveg.

 Også om vinteren kjennes det godt å komm etil støls

Stølsvegen

Flatekvalstølen

 

Utsikt tilbake til Flatekval 

Stølsvegen

Nesheimstølen

Nesheimstølen er eit godt utgangspunkt for turar vidare innover fjellet, sommar som vinter.

Påskestemning med utsikt til Nesheimstølen

 

Stølsvegen 

Brakestadstølen og Øvstestølen

Brakestadstølen ligg idyllisk til ved ei tjørn om lag 50 minutts gange frå hovedvegen, medan Øvstestølen ligg eit stykke vidare oppover.

Stølsvegen

Trefallstølen

Trefallstølen ligg omlag ein halv times gange frå hovedvegen. Stølen ligg langs stien som Turistforeningen har merkt til Selhamar. Den starter frå fylkesvegen, omlag midt mellom Trefall og Ekse. Der står inforamsjonsskilt om stølen ved vegen, og der er råd å setje frå seg bil der.

Fyrste del av stien er bratt, og svingar seg oppover lia, før det flatar ut innover mot stølen.

 

Eksestølen

Eksestølen er eit av dei mest populære utfartsområet i Eksingedalen, særleg ved påsketider. Terrenget er lett å og fint å gå, både på ski og til fots.

Ekse, turen til Eksestølen byrjar her

Stølsvegen

Haugen Fjellgard

Garden ligg midt i Eksingedalen, 2 km frå hovudvegen. Garden vert driven av ekteparet Kåre-Magnar Trefall  og Elisabeth Holth, som driv mjølkeproduksjon og med sau. Haugen Fjellgard er eit bra utgangspunkt for turar i Eksingedalen sommar som vinter, og for fisketurar langs Ekso.

Gullbråholmen

Stølsvegen

Utsikt mot Gullbrå
 
Utsikt frå Eggi mot Gullbrå

Fin rundtur på ca 3 timars gangtid.
Start ved Hagafossen på Ekse, der det også står info-tavle om stølen. Bil kan plasserast ved vegen her.
Godt synleg og merkt sti startar med stigning, deretter er det relativt flatt terreng innover til stølen Gullbråholmen. Dei opprinnelege stølshusa låg utpå ei halvøy i Holmsvatnet

Komen så langt kan det vere godt med ein pause, og kanskje ein dukkert??

Holmsvatnet er fint å bada i, og her er også rikeleg med fjellaure for dei som vil prøve fiskelukka.
Velkomen på tur. 

Frå Gullbråholmen er der nyleg merkt opp att gamal sti ned til Gullbrå. Følg dei blå merka rundt austenden av vatnet, vidare opp lia mot Eggi. Bilete viser utsikta mot gardane på Gullbrå. Det går an å gå ned her.

Her er der utsyn mot fjella sør for Gullbrå, med Kvitanosi, 1433moh som den høgaste toppen i området

Når du er komen ned att på vegen kan du rusle langs denne i ca 2 km til du finn att bilen din.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det er fint å ta med born på Gullbråholmen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Morgonstemning...

 

 

 

 

 

Julefest og juleavslutning på skulen

Tidspunkt: 
20. Desember 2011 - 19:00
Beskrivelse: 

Pensjonistar, besteforeldre, føresette, tilsette og søsken er invitert til fest fra kl 19.00 til 21.00.

Ta med litt julebakst.

Underhaldning

Mat og prat

Juletregang

Fiskeregler

FISKEREGLER FOR KULTIVERINGSSONA


1. Fiskekortet er personleg og skal alltid medbringast under fiske. Det er kun tillete med ei stang pr. fiskekort og eit kort pr. person.


2. Kortet gjev kun tillatelse til fiske med stang. Garnfiske, linefiske, ståsnøre, oterfiske eller ein kvar annan form for fastståande redskap er forbudt.


3. Fiskekortet skal framvisast ved førespurnad om dette frå fiskekontrollør.
Vert dette ikkje imøtekomme kan kortinnehavar bortvisast. Fiskekontrollør
Skal vise legitimasjon.

Uttale Beinheller pumpe

Til NVE

Konsesjonsavdelinga

 

 

Uttale frå Eksingedalen Bygdaråd om Beinhelleren pumpe

 

Bygging og drift av Beinhelleren pumpe vil føra med seg ei rekkje ulemper. Grunneigarar, grunneigarlag, ei rekkje organisasjonar og Vaksdal kommune har gjeve uttaler der det samla sett er stor skepsis til og motstand mot prosjektet.

 

I det alt vesentlege deler Eksingedalen Bygdaråd denne skepsisen, og kan ikkje tilrå utbygging verken etter det eine eller andre alternativet.

………………

 

Ekse Grendahus

Ekse Grendahus er eit skulehus frå 1950 talet. Huset er påbygd med soverom, dusjar og toaletter. Seks soverom, med i alt 24 senger+ 10 madrasser. Funksjonelt kjøkken med oppvaskemaskin med stor kapasitet og kjøl-frys kombiskåp. Spisesal med plass til 48 pers.

 

Julegudsteneste i Eksingedalen kyrkje ved Frode Kvamsøe.

Tidspunkt: 
24. Desember 2011 - 12:00

Juleverkstad for vaksne og ungdomsskuleelevar. Eksingedalen Kvinne- og Familielag

Tidspunkt: 
15. Desember 2011 - 19:00

Me syng jula inn i Eksingedalen kyrkje ved sokneprest Edvard Bø.

Tidspunkt: 
11. Desember 2011 - 11:00

Juleverkstad for born. Eksingedalen Kvinne- og Familielag

Tidspunkt: 
10. Desember 2011 - 12:00

Volleyballtrenign på Eksingedalen skule EMIL

Tidspunkt: 
5. Desember 2011 - 19:30
meir fisk