februar 2012

Skigruppa flyttar skirenn

På grunn av dei store nedbørsmengdene som er meldt dei neste dagane og rasfaren som er stor for tida, har skigruppa bestemt å utsetja karusellrenna til neste veke.
Me har også bestemt å slå saman dei to renna. Ny renndato er tysdag 6. mars kl. 19.00
Dei som har meldt seg på til renna treng ikkje senda ny påmelding.

Konsert med Linda Lavik

Tidspunkt: 
2. Mars 2012 - 21:00
Beskrivelse: 

I samband med ein personalkveld for Uni Micro As sine ansatte i Modalen, fredag den 2. mars, gjev Linda Lavik ein intimkonsert på Mobryggja.

 

Framføringa er open for alle som ynskjer å komme, også dei som ikkje er ansatt i Uni Micro As. Konserten varer ca to timer.

Bill. kr 50,-

Linda Merethe Lavik høyrer til gullrekkja til Voss jazzskule.

Linda trakterer tangentane med forsiktigheit, for det meste, og utnyttar pianoet sine moglegheiter med ein moderne musikalitet. Komposisjonane hennar er på den melodiøse sida av jazzen. Lett å like, og lovande både som plate- og konsertmateriale.

Gudsteneste med ekstranummer

Å ha eit band på 5 personar som tonefylgje til salmar og liturgi vart ei spennande og god oppleving i kyrkja på Flatekval fastelavenssøndag. Delar av den nye liturgien vart prøvd ut, først med øving for kyrkjelyden saman med bandet før gudstenesta tok til, og så i gudstenesta. Slagverk, bassgitar, keyboard og elektrisk piano i samspel med kyrkjeorgelet gav ei ny oppleving til kyrkjefolket. Kantor Olav Arne Steinkopf hadde med seg elevar i kulturskulen i bandet.

”Du får 250.000 for å bu her”

Seint på ettermiddagen fredag 17.februar havna Eksingedalen på topp på den største nettstaden på Vestlandet, bt.no. ”Flytt hit – få 250.000 rett i lomma!” er tittelen på bt.no.  I kortversjonen på  mobiltenestene til  mobil.bt.no  er tittelen ”Du får 250.000 for å bu her”. 


Mobildekning klar i september

Går det som det no vert lagt opp til, vil heile Eksingedalen få mobildekning innan utgangen av september i år. Prosjektet er no lagt ut på anbod, og truleg tidleg i mai kjem det avklaring om kven som skal byggja ut mobildekninga i Eksingedalen.

Det var Eksingedalen Bygdaråd som tok opp saka om mobildekning sommaren 2010. I eit møte mellom Vaksdal Kommune og Bygdarådet, stilte Telenor opp på møtet med dekningsdirektør Bjørn Amundsen.

Nye takter i Eksingedalen kyrkje

Vi er inne i ei tid kor det skjer mykje nytt og spanande i kyrkja. Ny kyrkjeordning, ny liturgi, ny salmebok er berre nokre stikkord. I tillegg skal ein prøve ut ny liturgisk musikk.
På sundag vert det høve til å få høyre - og vere med og prøve ut - ny liturgisk musikk med band, skrive av komponisten Magnus Beite. Magnus Beite er utdanna filmkomponist og har m.a skrive musikk til ”Knerten gifter seg”, ”Fritt vilt”og ”Julenatt i Blåfjell”. Han har òg vore med på å produsere musikk til såpeserien ”Hotell Cæsar” på TV2.  I 2008 vant Beite prisen for årets mest spelte song på amerikansk radio med songen ”Closer”
Medverkande bandmusikarar vert elevar i kulturskulen, mellom anna får me høyre nokre av dei som gjekk vidare i lokalmønstringa av UKM i førre veke.. I tillegg vert kantor Olav Arne Steinkopf og organist Asbjørn Nese med. 

Nyhende er levert av Olav Arne Steinkopf
 

Magnus Beite

Marknadsdag 25.august 2012

Det vert Marknad ved butikken på Lavik 25.august.Det er to ledige plassar i Marknadsnemnda -  flott om frivilige fyller opp desse plassane!  


Marknaden 2010: Unge eksingedølar vert heia over målstreken i det første Fagerdalsløpet.


MARKNADSDAG

Tidspunkt: 
25. August 2012 (Hele dagen)
Beskrivelse: 

Marknadsdag på Lavik


Eksingedalen Bygdaråd

Årsmøte i Bygdarådet

Etter årsmøtet i Bygdarådet 16.februar 2012 er arbeidsutalet samansett slik:
Leiar: Liv Anne Bergo
Rekneskapsførar: Svein Tollefsen
Styremedlemmer: Olav Gullbrå og Gunnar Hatland

Av viktige saker framover vert:
*17.mai
*Marknadsdag 25.august
*Drift av Eksingedalen.no
*Eldreomsorg og aldersheimsplassar
*Skule, barnehage og SFO
*Arbeid med turstiar og turkart
*Leggja til rette for tilflytting til nye hus og eksisterande hus
*Prosjektet "Folk til bygdene" (LivOGLyst)
*1-dagskonferanse i mai/juni med fokus på utvikling av området
*Mobildekning
*Vassdragssaker
*Hjartestartar i dalen
*Fiberkabel i alle hus (som eit mål i løpet av 2-3 år)

Turprogram turgruppa 2017

 

Søndag 5.februar: KOM DEG UT DAG, frå kl 11.30 på Nesheim
Søndag 19.mars: Skitur til Blånipa eller Blåvasshorgi,
                                Oppmøte kl 11 ved Markhuset før Brakestad
Langfredag, 14.april: Kvitanosi, start frå Gullbrå frå kl 11

Eksingedalen Bygdaråd

Eksingedalen Bygdaråd arbeider for utvikling av bygda vår.

 

 

 
 

Eksingedalen framleis nr 2 i offisiell snømåling i Noreg

8.februar: 210 cm snø i Jordalen, 151 cm på Nesheim.
Elevar ved Eksingedalen skule har studert vêret i januar månad. Dei har gjort eigne observasjonar på Gullbrå, Nesheim og Flatekval i tillegg til å har studert målingane ved meteorologisk institutt sine målestasjonar på Gullbrå og Nesheim.

Resultatliste 8.februar 2012:
1.plass: Jordalen - 210 cm
2.plass: Nesheim - 156 cm
3.plass: Kvamskogen - 152 cm
4.plass: Veitastrond - 145 cm
5.plass: Gullbrå og Røldal, begge140 cm


Unge meteorologar:Håkon Øvstedal, Bjarte Gullbrå, Jakop Flatekval  og Mona Gullbrå

Levande kyrkje

Kaffi og drøs etter Gudsordet i Nesheim kyrkje
Sundag 5. februar vart det halde årsmøte i Nesheim sokn. Årsmeldinga viste god aktivitet omlag som sist år i den vesle kyrkja øverst i dalen. Etter dei aller fleste gudstenester blir det servert kaffi og godprat med naboen. Kanskje det er grunnen til at kyrkja har av det beste oppmøte i landet, sett ut frå folketalet?

 


Dei fleste tek seg tid til ein liten prat før skiløypene lokkar utanfor.
 

Terminliste ski 2016

Terminliste ski 2016, skigruppa.

Laurdag 13. februar kl. 13.00 på Nesheim.
Lagsmeisterskap i langrenn klassisk stil. Saft. Kiosk og premie-utdeling. Påmeldingsfrist 12. februar.

 

Onsdag 17. februar kl. 19.00 på Bergo.
Lysløyperenn i fri teknikk. Saft. Premieutdeling.
Rennet går på Nesheim dersom det ikkje er nok snø på Bergo. Hugs hovudlykt då.
 

NM i snø: Eksingedalen tek sølvmedalje

Trefall : 218 cm snø. Jordalen i Voss kommune: 220 cm. Anten vi no held oss til dei offisielle målingane på yr.no eller tal frå lokale målestavar, vert resultatet det same. Eksingedalen tek sølv i NM i snødjupna.
Ein kort situasjonsrapport frå denne dagen, måndag 6. februar kl. 11:

Eg har fått vore frisk i vinter, seier Einar


Med 12. plass i 15 km friteknikk og 39. plass i 10 km klassisk viste Einar Trefall at han framleis er i godt slag. Renna gjekk i Granåsen i Trondheim i helga, og var Norgescup. Einar går i klassen junior 18 år. 

Løyper Bergo

Oppkøyrde løyper fredag 3. feb. Lengde 800 m, lysløype. Faste fine forhold, klassisk og skøytetrasè.

Løypemeldingar

11.12.2017. Langrennsløype på 1,2 km på Nesheim (fram og tilbake i same løype)

 

 

 

 

Basar i Ljosheim

Tidspunkt: 
23. Mars 2012 - 19:00
Beskrivelse: 

Kvinne- og Familielaget

Fagmøte på Mo

Tidspunkt: 
7. Februar 2012 - 20:00
Beskrivelse: 

Storfeprosjektet i Hordaland inviterer til møte med tema: Kan me auka produksjonen i tradisjonelle båsfjøs? Eller er ombygging-lausdrift løysinga? Kommunehuset på Mo, småsalen 7. feb. kl. 20.00

meir fisk