mars 2012

Avslutningsfest for organist Asbjørn Nese

Tidspunkt: 
22. April 2012 - 15:00
Beskrivelse: 

Konsert i Eksingedalen kyrkje kl 15. Fest på skulen på Bergo ca kl 17. Asbjørn har no blitt pensjonist etter over 60 år som organist. Han har gjort ein stor innsats for musikklivet i nærområdet, og denne dagen skal han heidrast for innsatsen.

Konfirmantfest

Tidspunkt: 
15. Juni 2012 - 19:30
Beskrivelse: 

Sokneråda i dalen inviterer årets og fjorårets konfirmanter med familie til fest på skulen på Bergo.

Kyrkjegardsdag

Tidspunkt: 
31. Mai 2012 - 14:00
Beskrivelse: 

Kyrkjegardsdag med sal av blomar ved kyrkjegarden på Nesheim kl 14-16 og ved kyrkjegarden på Flatekval kl 16.30-18.30. Alle er velkomne til å kjøpe blomar og gjere det fint på kyrkjegarden - eller heime i hagen! Kyrkjeverge Svein Tøsse blir med!

Påskeaksjon


"Ingen egg uten høner, ingen mat uten bønder", var påskrifta utanpå eggekartongen medlemar frå Eksingedalen Bondelag delte ut på Dale onsdag 28. mars. I gangen på Coopen vart dei handlande møtt med fingermat og informasjon om betydninga av at det vert drive jordbruk i heile landet. Matmeldinga som skal handsamast i Stortinget rett etter påske, og jorbruksforhandlingane  i mai er særs viktig for alle som er glad i norsk mat.

Stålande stafettsøndag i Eksingedalen


12 lag stilte til start i VM i stafett 2012. Sol og varmegrader skapte stålande rammer - og gjorde dagen ekstra god både for løparar og tilskodarar. 

Fagertun stemna

Tidspunkt: 
17. Juni 2012 - 11:00
Beskrivelse: 

Fagertun stemna på Fagertun kl 11.00. Møte og basar. Alle velkommen.

Fotballtrening

Tidspunkt: 
27. April 2012 - 19:30
Beskrivelse: 

Fotballtrening på ballbana på Bergo kl. 19.30. Eksingedalen IL, fotballgruppa.

Fotballtrening

Tidspunkt: 
20. April 2012 - 19:30
Beskrivelse: 

Fotballtrening på Bergo kl. 19.30. På ballbana dersom snøen er vekke, i gymsalen dersom snøen enno ligg. Eksingedalen IL, fotballgruppa.

Fotballtrening

Tidspunkt: 
13. April 2012 - 19:30
Beskrivelse: 

Fotballtrening på skulen på Bergo kl. 19.30. Eksingedalen IL, fotballgruppa.

Folk til bygdene

LivOGLyst søknaden på med tittel "Folk til bygdene" har komme med i prekvalifisering om opptak som LivOGLyst-prosjekt. Prosjektet omfattar bygdene Eksingedalen, Eidslandet, Stamnes og Bergsdalen, og er eit samarbeid mellom bygdelaga og Vaksdal kommune. Innan kort tid vil det verta avgjort om prosjektet går vidare.

Bygdekonferanse 16.juni 2012

Som eit ledd i satsing på utvikling av bygdene i Vaksdal, vert det Bygdekonferanse laurdag 16.juni i Eksingedalen.
Bygdene Eksingedalen, Eidslandet, Bergsdalen og Stamnes står i fokus denne dagen.
Føremålet med konferansen er:
- Snu ei utvikling , skapa noko positivt til lokalsamfunnet
- Gje Inspirasjon og lyst til å flytta til bygdene
Konferansen er open for alle. Ungdommar frå områda får spesiell invitasjon.
Merk av datoen - program og føredragshaldarar vert kunngjort så snart det er klart.

Kulturskule-konsert

Tidspunkt: 
22. Mai 2012 - 19:00
Beskrivelse: 

Med elevar frå kulturskulen og songkoret Kilden.
Stad: Eksingedalen skule

PÅSKE-BINGO

Tidspunkt: 
5. April 2012 - 19:30
Beskrivelse: 

På Eksingedalen skule.
Eksingedalen IL

Møte i Marknads-komitèen

Tidspunkt: 
10. April 2012 - 20:00
Beskrivelse: 

Møte på Bergo.

Arbeidsmøte Bygde-konferanse

Tidspunkt: 
28. Mars 2012 - 20:00
Beskrivelse: 

Bygdarådet. Grendalaget, Vaksdal kommune
Stad: Flatekval

Arbeidmøte i stigruppa

Tidspunkt: 
28. Mars 2012 - 18:00
Beskrivelse: 

Arbeidsgruppe i Bygdarådet.
Møtestad: Eksingedalen skule

BYGDAKAFE

Tidspunkt: 
27. Mars 2012 - 12:30
Beskrivelse: 

ved Ekingedalen skule

Styremøte i Eksingedalen IL

Tidspunkt: 
14. Mars 2012 - 19:30
Beskrivelse: 

Styremøte i Eksingedalen IL i Haugen onsdag 14. mars kl. 19.30.

Styremøte i Eksingedalen Bondelag

Tidspunkt: 
13. Mars 2012 - 20:00
Beskrivelse: 

Styremøte i Eksingedalen Bondelag på Eksingedalen skule tysdag 13. mars kl. 20.00

Årsmøte i Eksingedalen Sameiga

Tidspunkt: 
27. Mars 2012 - 19:00
Beskrivelse: 

Det blir årsmøte i Eksingedalen Sameiga BA på Eksingedalen skule tysdag 27. mars kl. 20.00

Strikkekafè

Tidspunkt: 
11. April 2012 - 19:00
Beskrivelse: 

Kvinne- og Familielaget arrangerar strikkekafè i Ljosheim onsdag 11 april kl. 19.00.

Skistafett på Bergo

Mars er månaden for dei lokale ski-meisterskapa i Vaksdal. I Eksingedalen har det sidan 1978 vore arrangert stafett. Så også i år. Søndag 25. mars er det klart for duellar og nappetak mellom skiløparar i alle aldrar på Bergo. Frå skigruppa i Eksingedalen IL går invitasjonen til alle som har lyst til ha ein triveleg dag på ski, og som har lyst på premie. Det er nemleg premie til alle som er deltakarar denne dagen.

 

Frå starten i dei eldste klassane i 2011

 

Skileik-kveld på Bergo

Tidspunkt: 
26. Mars 2012 - 18:30
Beskrivelse: 

Årets siste skilek vert arrangert på Bergo mandag 26. mars kl. 18.30. Det blir premieutdeling for skikarusellen. Det er sommartid, slik at det er lenge lyst. Skulle det bli mørkt har me lysløypa til hjelp. 

Skigruppa i Eksingedalen IL

meir fisk