september 2012

Ekso skal overvakast kvart år

No er jobben gjort for i år:  Tilgroinga i elva er fjerna på Flatekval, i Bergovatnet og delvis i Trefallsvatnet. Graset som kjem opp frå botnen er klypt, og røtene er fjerna frå botnen med undersjøisk fres – ein to meter brei trommel som raspar røtene laus slik at dei flyt opp. Denne behandlinga har både området ved Flatekval og Bergovatnet fått.  Når det gjeld Trefallsvatnet var her for liten vassføring til at området kunne fresast – berre klyppast i denne omgangen.  No vert det starta ein program for å følgje opp tilgroinga i elva kvart år.

30. September 2012 - 17:05

Tidspunkt: 
30. September 2012 - 17:05
Vertilhøve: 
Regn
Vannstand: 
Middels
Luft-temperatur: 
+ 10 dagtid + 7 kveld
Vasstemperatur: 
+ 6 grader
Kommentar: 
En del regn nå på ettermiddagen. Lite å se av aktivitet på overflaten. Noen 1/2 kilos fisker tatt i helgen på sone 1 ifølge tilbakemeldinger. Det ser ut til at vi får noe regn hver dag i denne uken.

29. September 2012 - 0:10

Tidspunkt: 
29. September 2012 - 0:10
Vertilhøve: 
Mye regn
Vannstand: 
Middels
Luft-temperatur: 
+ 11 dagtid 8 kveld
Vasstemperatur: 
+ 6 grader
Kommentar: 
For det meste vindstille og lite vak. Fiske under overflaten er nok det mest aktuelle på denne tiden av året.

27. September 2012 - 22:10

Tidspunkt: 
27. September 2012 - 22:10
Vertilhøve: 
Litt regn
Vannstand: 
Lav
Luft-temperatur: 
+ 12 dagtid + 7 kveld
Vasstemperatur: 
+ 6 grader
Kommentar: 
Ingen aktivitet på overflaten i dag. For det meste vindstille. Det ventes litt regn fredag også.

Jobb for å få fiberkabel på veggen!

Eg er kjent for å kalla ein spade for ein spade. Det er ein av grunnane til at eg har møtt mykje motstand sentralt. Men eg trøystar meg med at eg vert teken imot med glede ute i lokalsamfunna, sa stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen på det opne møtet som Vaksdal Senterparti arrangerte i Ljosheim på Flatekval onsdag 26. september. 


Per Olaf Lundteigen nytta den korte kaffipausen til  å snakka med  møtedeltakarane frå bygda: Frå venstre Bjarne Lavik,  Liv Edith Lavik, Olav Nese, Astrid Lavik, Per Olaf Lundteigen og Jomar Flatekval. Hovudpoenget til stortingsmannen fekk han også plassert inn ved kaffibordet: Stå på, folkens. Det er det som reddar bygdesamfunna.

Må ta opp konkurransen med Modalen

Olav Gullbrå frå Eksingedalen Bygdaråd hadde eitt hovudbodskap på det politiske møtet i  Ljosheim onsdag 26. september:

-Vi må ta opp konkurransen med Modalen når det gjeld tilskot til bustader for folk som vil flytta til Eksingedalen. Finst det til dømes friluftsinteresserte oljearbeidarar i Bergen som kunne tenkja seg å busetja seg i Eksingedalen må vi ha noko å tilby, og då nyttar det ikkje om vi har dårlegare tilbod enn det nabokommunen Modalen har, sa Olav Gullbrå. 


 


 


 


 


 


 


I paneldebatten var ordførar Erik Haga ( til venstre) oppteken av tilrettelegging gjennom godt kommunalt planarbeid , og var ekstra oppteken av utviklinga i elevtalet på ungdomsskulen, Per Olaf Lundteigen mana til politisk engasjement, Kjersti Toppe påpeika at det var bra at ungdomen dreg ut og skaffe seg utdanning, men det viktige er at dalen har så godt tilbod at dei kjem tilbake og buset seg her, Olav Gullbrå meinte at Eksingedalen må vera konkurransedyktig med Modalen. Møteleiar var Sigmund Simmenes (t.h.)


26. September 2012 - 23:05

Tidspunkt: 
26. September 2012 - 23:05
Vertilhøve: 
Lettskyet pent
Vannstand: 
Under middels
Luft-temperatur: 
+ 14 dagtid + 7 kveld
Vasstemperatur: 
+ 6 grader
Kommentar: 
Fin og for det meste vindstille dag. Sporadisk vaking. Vårfluer og mygg. Torsdag er det meldt litt regn.

25. September 2012 - 23:00

Tidspunkt: 
25. September 2012 - 23:00
Vertilhøve: 
Overskyet opphold
Vannstand: 
Under middels
Luft-temperatur: 
+ 13 dagtid + 9 kveld
Vasstemperatur: 
+ 6 grader
Kommentar: 
Noe vind tidlig på dagen, men stille nå i kveld. Noen få vak, men for det meste stille. Vårfluer og Mygg.

25. September 2012 - 9:20

Tidspunkt: 
25. September 2012 - 9:20
Vertilhøve: 
Overskyet opphold
Vannstand: 
Under middels
Luft-temperatur: 
+ 10 grader
Vasstemperatur: 
+ 6 grader
Kommentar: 
Mildere vær og en del vind 6m/sek. Internett var ute i går kveld, og derfor ingen værraport.

SP møte med Lundteigen og Toppe på Ljosheim

Tidspunkt: 
26. September 2012 - 19:00
Beskrivelse: 

Senterpartiet inviterer til møte på Ljosheim med Per Olaf Lundteigen og Kjersti Toppe. Sjå saka her: http://www.eksingedalen.no/nyhet/vil-trykkja-på-utvikling-i-eksingedalen

Vil trykkja på for utvikling i Eksingedalen

Treng du eit pust i bakken etter all sauesankinga desse dagane? Vaksdal Senterparti byr på ein kopp kaffi og ein stol å setja deg ned på i Ljosheim komande onsdag 26. september kl 19.00.  Fokus vert på politikken, som i dette tilfellet konkret gjeld utviklinga i Eksingedalen og på Eidslandet.
Kva har skjedd sidan Bygdekonferansen i juni 2012, spør dei to stortingsrepresentantane Per Olaf Lundteigen og Kjersti Toppe. Og ein av dei som skal svara er ordførar Erik Haga i Vaksdal.



 


 


 


Per Olaf Lundteigen representerer Buskerud på Stortinget, men har likevel ekstra god peiling på stoda i Eksingedalen. Han har vore her kvart einaste år dei siste i denne siste stortingsperioden for å oppdatera seg, mest gjennom verbal dragkamp med landbruksforkjemparen Helge Bergo. Foto: Stortinget


23. September 2012 - 20:30

Tidspunkt: 
23. September 2012 - 20:30
Vertilhøve: 
Pent
Vannstand: 
Under middels
Luft-temperatur: 
+ 13 dagtid + 1 kveld
Vasstemperatur: 
+ 5 grader
Kommentar: 
Vannstanden er synkende. Noe vak på dagtid og utover til etter solnedgang. Vårfluer - mygg.

23. September 2012 - 0:45

Tidspunkt: 
23. September 2012 - 0:45
Vertilhøve: 
Pent
Vannstand: 
Under middels
Luft-temperatur: 
+ 13 dagtid 0 kveld
Vasstemperatur: 
+ 5 grader
Kommentar: 
Til tider noe vak og for det meste vindstille. Det ventes omtrent samme vær i dagene som kommer.

22. September 2012 (Hele dagen)

Tidspunkt: 
22. September 2012 (Hele dagen)
Vertilhøve: 
Pent
Vannstand: 
Middels
Luft-temperatur: 
+ 11 dagtid + 4 kveld
Vasstemperatur: 
+ 6 grader
Kommentar: 
Vindstille og sporadisk vaking. Det ventes pent vær til og med mandag, og det blir forholdsvis kjølige netter.

20. September 2012 - 23:20

Tidspunkt: 
20. September 2012 - 23:20
Vertilhøve: 
Regnbyger
Vannstand: 
Middels
Luft-temperatur: 
+ 8 dagtid + 5 keld
Vasstemperatur: 
+ 6 grader
Kommentar: 
Vannstanden holder seg stabil, men den vil nok synke når finværet kommer fredag. Ingen vak å se i dag. Det snødde helt ned i dalen formiddag i dag, men den forsvant like fort som den kom.

5.000 sauer på heimveg frå snøkledd beite

 


 


Spelsauen har kanskje meir vet i smalahovudet sitt enn andre rasar. Dei er nesten alltid dei første som trekkjer nedover når det går mot hausten.  Torsdag 20 september var desse av seg sjølv komne ned på bøen i Yksendalen.  Trass eit slør av snø også her, langa dei innpå med umetteleg lyst av  graset som slapp unna håslåtten. Foto: Gunnar Hatland  


I fjella opp frå Eksingedalen og heilt mot Sognefjorden går det no rundt 5.000 sauer som skal heim. Helga 21. til 23. september er første sankehelg, og så vert det ein ny omgang helga etter. 
 - Går det som dei melder på yr.no, har vi flaks med vêret. Snøen i fjellet gjer at sauene samlar seg i flokkar, og trekkjer nedover i dalane.  I tillegg ser det altså ut til at vi får kjempevêr med bra temperatur, god sikt og solskin, og det er jo lovande for alle som skal til fjells i helga, seier største sauebonden i Eksingedalen, Leif Kåre Ekse. Han åleine har 600 dyr som skal heim til garden på Ekse.

Bygdakafe

Tidspunkt: 
16. Oktober 2012 - 19:00
Beskrivelse: 

Presentasjon av elevarbeid frå temaveka "Vilt og Vakkert".
Middag med viltmeny.


Eksingedalen skule

Middag til ti på ein time – med aure og nypoteter

Ekso er dei siste ti åra utvikla til å vera den beste elva for brunaure (fjellaure) på Vestlandet. Det er fluefisket som er dominerande, mest på strekninga mellom Lavik og Flatekval. Men det er mykje fisk i resten av  vassdraget også.
Etter berre ein time med garn ute i Vetlatjødna på Bergo var middag til ti personar sikra. Det var Bjarte Gullbrå og Anna Bergo som resolutt tok med ei garnlenkje, entra robåten og fekk ut garnet for å henta opp middagen.

 


 


 
Frå venstre Sigve og Idar frå småskulen, Bjarte som var  skippar på den lokale fiskeskuta denne dagen, og vidare Vegard, Johannes, Andreas og Silje saman med friluftsliv-studenten Anna  Bergo, som hadde ansvaret for  den strategisk gode plasseringa av garnet.
Foto: Gunnar Hatland   Foto 

19. September 2012 - 19:35

Tidspunkt: 
19. September 2012 - 19:35
Vertilhøve: 
Regnbyger
Vannstand: 
Middels
Luft-temperatur: 
+ 10 dagtid + 5 kveld
Vasstemperatur: 
+ 8 grader
Kommentar: 
Litt mindre regn i dag og elven har gått ned med ca 50 cm. I kveld er det snø på toppene og kaldt. Lite vak å se.

Grensejusteringslova kan bli endra

Inndelingslova - som er det formelle namnet på lova om justering av kommunegrenser -  kan bli endra.  Lovendringa kan gjelde frå 1. januar 2014. Det er saka om  ”flytting” av Eksingedalen frå Vaksdal til Modalen kommune som er bakgrunn for at  ei mogeleg lovendring no kjem opp.

18. September 2012 - 20:10

Tidspunkt: 
18. September 2012 - 20:10
Vertilhøve: 
Lettskyet opphold
Vannstand: 
Over middels
Luft-temperatur: 
+ 12 dagtid + 9 kveld
Vasstemperatur: 
+ 9 grader
Kommentar: 
Etter flom i dag tidleg er vannstanden nede på litt over middels. Elva er på synkende og dette forsetter nok onsdag da det er meldt lite regn. Vårfluer og mygg. Sporadisk vaking.

17. September 2012 - 19:30

Tidspunkt: 
17. September 2012 - 19:30
Vertilhøve: 
Regnbyger
Vannstand: 
Over middels
Luft-temperatur: 
+ 12 dagtid + 9 kveld
Vasstemperatur: 
+ 9 grader
Kommentar: 
Litt mindre regn på dagtid men tiltagende nå i kveld. Lite vak, men vårfluer og mygg.

16. September 2012 - 20:45

Tidspunkt: 
16. September 2012 - 20:45
Vertilhøve: 
Litt regn
Vannstand: 
over middels
Luft-temperatur: 
+ 12 dagtid + 9 kveld
Vasstemperatur: 
+ 10 grader
Kommentar: 
Litt mindre regn i dag og vannstanden er på synkende. Lite vak. Vårfluer og mygg. Holder værmeldingen på Storm vil nok vannstanden synke en god del utover i uken.

15. September 2012 - 19:55

Tidspunkt: 
15. September 2012 - 19:55
Vertilhøve: 
Stort sett oppholdsvær
Vannstand: 
Over middels
Luft-temperatur: 
+ 12 dagtid + 9 kveld
Vasstemperatur: 
+ 10 grader
Kommentar: 
Vannstanden er for øyeblikket synkende etter en dag med mindre regn og opphold fra kl 1600. Lite vak. Under slike forhold kan steder der sidebekker og elver renner inn i hovedelven være interesanne.
meir fisk