oktober 2012

Møte hjå Inger og Yngve Lavik

Tidspunkt: 
27. November 2012 - 20:00
Beskrivelse: 

Møte hjå Inger og Yngve Lavik tysdag 27. november kl. 20.00 ved Leiv Nesheim, Nordhordland Indremisjon. Kollekt.

Møte i Nesheim kyrkje

Tidspunkt: 
28. November 2012 - 18:00
Beskrivelse: 

Møte i Nesheim kyrkje onsdag 28. november kl. 18.00 ved Leiv Nesheim, Nordhordland Indremisjon. Kollekt.

Møte i Nesheim kyrkje

Tidspunkt: 
2. November 2012 - 19:00
Beskrivelse: 

Møte i Nesheim kyrkje fredag 2. november kl. 19.00 ved Audun Hjellvik, Nordhordland Indremisjon. Kollekt

Dårleg nett skadar skulearbeidet i Eksingedalen

Foreldra sukkar. Skuleelevane slit. Internettet på Eksingedalen skule er til tider mildt sagt dårleg. Og til tider – det er ganske ofte det. No har Interkommunale IKT tenester Nordhordland, som Vaksdal kommune har gått inn i, vore på besøk på skulen. Status er ikkje oppløftande. Her er det problem som ikkje løyser seg sjølv. Situasjonen er slik at nettet er til skade for skulearbeidet. 
 -  Det er to problem på Eksingedalen skule. For det første er linja inn  til skulen for svak. For det andre er det for mange  tekniske boksar inne i skulebygget, og dei samarbeider ikkje godt nok. Resultatet er at nettet ikkje fungerer slik det skal for elevane i skulesituasjonen, seier Rune Garmann frå IKT Nordhordland.

24. Oktober 2012 - 21:55

Tidspunkt: 
24. Oktober 2012 - 21:55
Vertilhøve: 
Skyet opphold
Vannstand: 
Middels
Luft-temperatur: 
+ 7 dagtid + 3 kveld
Vasstemperatur: 
+ 4 grader
Kommentar: 
Vindstille og nesten ingen vak. Det ventes kaldere vær og snø på torsdag. Dette blir nok den siste værmeldingen for i år.

Bjarne i eldsjel-konkurranse med dei store

Hjelpe meg! Skal eg inn i konkurranse med dei store gutane? Bjarne Lavik veit ikkje heilt kva fot han skal stå på. Fredag 2. november skal han møta fram på Riksscenen i Oslo for å konkurrera om tittelen ”Årets ildsjel” blant sportsfiskarar. Det er Gullkroken.no som står for kåringa, og Bjarne konkurrerar her mot fire andre kjente superentusiastar.


Bjarne i fôringsanlegget i Sødalen. Her fôrar dei opp småfisk i eitt år, og når fisken kjem attende i elva er dette motoren i å gjera Ekso til beste fiskeelva på Vestlandet. Foto: Gunnar Hatland

Utprøving av ny gudstenesteordning.

Tysdag 23.10 kl 19.30 er det  gudsteneste i Eksingedalen kyrkje med utprøving av ny gudstenesteordning. Etter gudstenesta er det soknemøte og soknerådsmøte.
Kyrkjelydan skal vera med på å velja korleis gudstnestene skal vera oppbygde, difor er det viktig at mange møter fram for å høyra og delta på gudstenesta. Dette seier kantor Tone Synnøve Øygard Steinkopf. Ho har vore med på å arbeida fram forslaga som kyrkjelydane i Vaksdal skal ta stilling til.

Gudsteneste med soknemøte

Tidspunkt: 
23. Oktober 2012 - 19:30
Beskrivelse: 

Det blir gudsteneste i Eksingedalen kyrkje tysdag 23. oktober kl. 19.30. her blir det gjennomgang av ny gudstenesteordning. Etter gudstenesta vert det soknemøte. Møtet er felles for begge sokna i dalen.

21. Oktober 2012 - 20:10

Tidspunkt: 
21. Oktober 2012 - 20:10
Vertilhøve: 
Litt regn av og til
Vannstand: 
Under Middels
Luft-temperatur: 
+ 10 dagtid + 6 kveld
Vasstemperatur: 
+ 4 grader
Kommentar: 
En vindstille dag med noen få vak her og der.

Babyhuer frå Eksingedalen til Malawi

Flittige kvinner ei rekke stader rundt i Hordaland har strikka huer til nyfødde i Malawi heilt sidan 2007. Medlemmene i Eksingedalen kvinne- og familielag er blant dei ivrigaste, og har strikka mange hundre gode varme ullhuer og andre varme strikkesaker slik som babylabbar og tepper. Alt er frakta til Lilongwe, hovudstaden i Malawi, og har komme til nytte hos nokon som treng det.

Jordmor Helena tek strikkehue frå Eksingedalen på ein liten kald nyfødd som treng litt «starthjelp» etter fødselen.  Jordmor Christina frå Malawi  til høgre; ho har nettopp vore hospitant i 6 månader på KK i Bergen som ein del av prosjektet. Foto: Britt Eide

19. Oktober 2012 - 23:50

Tidspunkt: 
19. Oktober 2012 - 23:50
Vertilhøve: 
Litt regn
Vannstand: 
Middels
Luft-temperatur: 
+ 10 dagtid + 6 kveld
Vasstemperatur: 
+ 4 grader
Kommentar: 
Fin vannstand, men lite vak. Det er ikke meldt nedbør lørdag.

18. Oktober 2012 - 23:20

Tidspunkt: 
18. Oktober 2012 - 23:20
Vertilhøve: 
Regn
Vannstand: 
Lav
Luft-temperatur: 
+ 8 dagtid + 6 kveld
Vasstemperatur: 
+ 4 grader
Kommentar: 
Elven er så smått begynt å stige etter at regnet kom. Det har stort sett vært vindstille. Lite og ingen aktivitet i overflaten.

18. Oktober 2012 - 23:20

Tidspunkt: 
18. Oktober 2012 - 23:20
Vertilhøve: 
Regn
Vannstand: 
Lav
Luft-temperatur: 
+ 8 dagtid + 6 kveld
Vasstemperatur: 
+ 4 grader
Kommentar: 
Elven er så smått begynt å stige etter at regnet kom. Det har stort sett vært vindstille. Lite og ingen aktivitet i overflaten.

Stjernefiolinist


Friske musikarar besøkte Eksingedalen skule torsdag 18.oktober. Det vart ein intimkonsert med nærleik til profesjonelle musikarar, som begge imponerte tilhøyrarane.
Foto: Eksingedalen skule


Forestillinga hadde namnet ”Stjernemusikar Catharina Chen”. Catharina vart kjent i 2003 som vinnar av Kjempesjansen, og er ein dyktig ung musikar i starten på si profesjonelle karriære. Sidan har ho teke utdanning og vunne fleire prisar. Ho flørta med publikum - og trollbandt publikum med fiolinen, med eit fingergrep som imponerte!

Vilt og Vakkert i Eksingedalen


Blid kafègjeng ynskjer gjestene velkomne til Bygdakafè. Foto: Eksingedalen skule

Det var ein kortreist viltmeny ungdomsskuleelevane i Eksingedalen serverte bygdafolket tysdag 16. oktober. Bygdakafèen var avslutning på skulen sitt temaarbeid ”Vilt og Vakkert”. Temaet  har vore arbeidd med i ulike fag både praktisk og teoretisk. I gymnastikksalen fekk gjestane dette presentert gjennom ord og utstilling, to-rettars middag og rikhaldig dessertbord.

16. Oktober 2012 - 19:15

Tidspunkt: 
16. Oktober 2012 - 19:15
Vertilhøve: 
Lettskyet pent
Vannstand: 
Lav
Luft-temperatur: 
+ 8 dagtid + 5 kveld
Vasstemperatur: 
+ 4 grader
Kommentar: 
Vindstille dag og med noen vak. mest vak på sone 3 og 1.

15. Oktober 2012 - 22:45

Tidspunkt: 
15. Oktober 2012 - 22:45
Vertilhøve: 
Lettskyet pent
Vannstand: 
Lav
Luft-temperatur: 
+ 8 dagtid + 5 kveld
Vasstemperatur: 
+ 4 grader
Kommentar: 
En dag med bra vær , men my vind. Snø i fjellet. Ingen vakaktivitet i elven. Tatt inn båter på sone 1 - 2 - 3 for vinteren.

14. Oktober 2012 - 13:50

Tidspunkt: 
14. Oktober 2012 - 13:50
Vertilhøve: 
Lettskyet pent
Vannstand: 
Lav
Luft-temperatur: 
+ 6 grader dagtid 0 grader kveld
Vasstemperatur: 
+ 4 grader
Kommentar: 
Bra vær, men kald og utrivelig vind. Temperaturen stiger utover i uken og det er meldt regn. Ingen aktivitet på overflaten.

12. Oktober 2012 - 22:20

Tidspunkt: 
12. Oktober 2012 - 22:20
Vertilhøve: 
Pent
Vannstand: 
Lav
Luft-temperatur: 
+ 8 dagtid + 6 kveld
Vasstemperatur: 
+ 4 grader
Kommentar: 
Mye vind utover dagen.For det meste stille på overflaten.

Fjelltrim og poengjakt til 20.oktober

 


 


Grøne bakkar, haustfarga lier og melisdryss over til snødekte fjell prydar Eksingedalen denne haustferien. Utsyn frå Nonhaugen til gardane Bergo og Nesheim. Foto: Liv Anne Bergo

11. Oktober 2012 - 22:00

Tidspunkt: 
11. Oktober 2012 - 22:00
Vertilhøve: 
Pent
Vannstand: 
Under middels
Luft-temperatur: 
+ 7 dagtid + 3 kveld
Vasstemperatur: 
+ 4 grader
Kommentar: 
For det meste vindstille. Noe vak å se på sone 3, spesielt etter solnedgang. Det blir pent vær i dagene som kommer, men vi må nok regne med nattefrost.

10. Oktober 2012 - 20:50

Tidspunkt: 
10. Oktober 2012 - 20:50
Vertilhøve: 
Litt regn
Vannstand: 
Under middels
Luft-temperatur: 
+ 7 dagtid + 5 kveld
Vasstemperatur: 
+ 5 grader
Kommentar: 
Brukbart vær i dag med ltt regn, men vindstille. Det er for det meste stille på overflaten, bortsett fra noen få enkeltvak. Det er meldt pent vær det nermeste dager.

Tilskot nødvendig for å stimulerar utviklinga

 -  Kan Eksingedalen verta konkurransedyktig med Modalen?
 -  Det går i alle fall ikkje an å få til noko vesentleg utan tilskot og stimulering, seier ordførar Knut Moe i Modalen.

Han svarer på spørsmål, lett diplomatisk. Vil naturlegvis fortsatt ha eit godt forhold til nabokommunen.

 - No er det ikkje mi oppgåve å fortelja kva mine politiske kollegaer i Vaksdal skal gjera, men eg kan jo ikkje lata vera å svara på spørsmål heller. I realiteten er Modalen og Eksingedalen, som alle ser, avhengige av kvarandre. Mange i Eksingedalen jobbar i Modalen, vi har barnehagebarn frå Eksingedalen, skulebarn, vi har gått saman om sjukeheimsplassar og har ei rekkja andre mindre saker som viser samspelet. Difor er utviklinga av Eksingedalen også viktig for Modalen.

Byggjeboom i Modalen - 10 nye hus

Han har all grunn til å smila, ordførar Knut Moe i Modalen. I år har kommunen gjeve tilskot til bygging av ti hus.  Nede på Mo sentrum er arbeidet i gang på tre nye hus no.
Foto: Gunnar Hatland 


Modalen kommune stimulerer bustadbygging i kommunen med 2,5 millionar kroner i år. Resultatet let ikkje venta på seg: No vert det reist ti nye einebustader i kommunen, ni på Mo og ein på Øvre Helland.  2,5 millionar kroner er betydeleg kostnad også for Modalen. Men det er noko som heiter kjære kostnader. Difor har ordførar Knut Moe grunn til å smila.

meir fisk