november 2012

Julekonsert

Modalskoret med fleire musikalske hjelparar held julekonsert i Nesheim kyrkje søndag 9. desember kl.15.00. Jentegruppa KNIS frå Eksingedalen er også med. Denne gruppa består av 9. og 10. -klassingar frå Eksingedalen skule.

Tilskot til både bygging og kjøp av bustadhus

200.000 kroner i tilskot til bygging av nytt bustadhus, og same beløpet til kjøp av bustadhus i Eksingedalen/ Eidslandet.  Vilkåret ved kjøp er at  huset har moderne oppdatert standard, og at bygget vert teke i bruk som husvære.

Dette er hovudpunkta i det nye regleverket om stimuleringstilskot til busetnad i Eksingedalen/Eidslandet som formannskapet i Vaksdal kom samrøystes fram til i møtet måndag 26. november

No skal saka opp til endeleg vedtak i kommunestyremøtet 17. desember.

Saue-tap på fjellbeita ned til 3,2 prosent

 -  3,2 prosent vart tapstalet for alle sauene som i år vart slept i fjella over Eksingedalen denne sesongen. Det må vi vera nøgd med, og det reknar vi som eit godt tal, seier Marius Hindenes i Eksingedalen Beitelag. Han fører statistikken for dei som har slept til saman rundt 4.200 sauer til fjells i år.

Omframt årsmøte

Tidspunkt: 
3. Desember 2012 - 19:30
Beskrivelse: 

Omframt årsmøte i Eksingedalen Sameiga BA. Møte vert halde på Eksingedalen skule måndag 3. desember 2012, kl. 19.30

Førjulsfest og juleavslutning

Tidspunkt: 
20. Desember 2012 - 19:00
Beskrivelse: 

Eksingedalen skule.
Avslutningsfest før jul. Utstilling av elevarbeid, program og kaffistund. 
Alle er velkomne!

Bygdakafè

Tidspunkt: 
11. Desember 2012 - 12:30
Beskrivelse: 

Eksingedalen skule.

v/ elevane i 9. og 10.klasse.

Førjulstreff i Ljosheim

Tradisjonen tru inviterer Kvinne- og familielaget til førjulstreff. I år i ei ny utgåve i Ljosheim. Dette skjer laurdag 1. desember frå kl 11-15 - og det vert juleverkstad, risgraut, kaffi og julekaker. Noko å laga for dei som vil det, berre mat og prat om ein ynkjer det.


 

-  
Me vil prøva noko nytt i år, seier Karin N Flatekval, primus motor for arrangementet.
 -  Ljosheim er ein triveleg stad å samlast for å komma i god førjulsstemning. Programmet høver for både små og store, og ein kan komma og gå nett når ein vil.

Årsmøte i Eksingedalen Bondelag

Tidspunkt: 
24. November 2012 - 13:00
Beskrivelse: 

Årsmøte i Eksingedalen Bondelag på Eksingedalen skule laurdag 24. november kl. 13.00

Bygg på Lavik utsett nok ein gong

Eksingedalen kjem ekstremt dårleg ut av framlegget til investeringsbudsjett for Vaksdal for neste år. Investeringsbudsjettet er på nær 60 millionar kroner. Av desse pengane gjer rådmannen i Vaksdal framlegg om at 0,4 prosent, 250.000 kroner skal gå til Eksingedalen og Eidslandet i 2013.
 -  Stemmer dette med det kommunepolitikarane har sagt om at dei vil satsa på Eksingedalen, spør folk, lag og organisasjonar som drøftar saka lokalt etter at budsjettframlegget vart offentleg.

Brus, frukt og snop tent inn på eit halvt minutt

BKK steller godt med ungdomane i Eksingedalen. Måndag 5. november gløtta BKK på porten inn til Evanger kraftstasjon, og slapp inn ni elever frå ungdomsskulen på Bergo, pluss tre lærarar. Ein og ein halv kilometer inne i fjellet, i den store kraftstasjonen, var det dekka bord med brus, frukt og passeleg med snop til ein måndag å vera. Det gav ekstra energi til opplevelsesturen og omvisninga.



 


 


9. og 10.klasse i Eksingedalen, 1500 meter inne i fjellet på Evanger: Ingrid Trefall, Jorill Nese, Thea Flatekval, Kari Bergo, lærar Susanne Leiren, Håvard Bergo, Magnus Trefall, Audun Øvstedal, Hanna G Tollefsen, Ingeborg Furevikstrand. Forto: Eksingedalen skule


Gullkroken til Ekso-fiskarane sin gullgutt


Bjarne med Gullkroken, og kona Liv Edith etter at tittelen ”Årets ildsjel” vart henta heim til Eksingedalen fredag kveld.  Betre reklame kan ikkje Ekso som fiskeelv få. Foto: Malin Mathiesen

Årsmøte i Vaksdal Senterparti

Tidspunkt: 
8. November 2012 - 19:30
Beskrivelse: 

Årsmøte i Vakdsal Senterparti torsdag 8. november kl. 19.30 i Eidslandet Grendahus. Stortingsrepresentant Kjersti Toppe og fylkessekretær Vidar Skeie deltek.

Fiskeforvaltning, møte på Eksingedalen skule

Tidspunkt: 
8. November 2012 - 20:00
Beskrivelse: 

Møte for medlemar av Bygdarådet og styremedlemene i grunneigarlaga. i dalen på Eksingedalen skule kl. 20.00

meir fisk