desember 2012

Ekso

Dreams come true

Joffen the clever cat

Filmed in Eksingedalen, Norway

Ut på tur i vår natur

Eksotisk og internasjonalt i Eksingdalen

Butikkstyrar Sukhjeet Bharj inviterte til indisk nyttårsfest i Eksingedalen. Foto: LivA Bergo

Dei nær 60 frammøtte koste seg med indiske smakar: Kylling i kremsaus, kebab, nan, ris og ulike salatar. Nydeleg mat og eit strålande tiltak frå Sukhjeet, som til vanleg står bak kassa i Nærbutikken på Lavik.

Juletrefest

Ingen 2. juledag utan juletrefest på Ekse

I fjor rasa festen nesten bort, og nokon brukte 3-4 timar på heimturen til Voss. "Så gale som i fjor, kan det no aldri bli", sa folk, og så møtte dei opp. Og i år var naturen meir i godlage, det låg 20 cm fin ny julesnø og venta på oss då me vakna denne dagen.

God jul til alle!

Eksingedalen Bygdaråd ynskjer alle
ei riktig god jule- og nyttårshelg!

Dette flotte peparkakehuset står utstilt på skulen på Bergo. Legg gjerne turen oppom for å sjå! Foto: Liv Anne Bergo

Etterlysing av gode bilete frå Eksestølen

Dei som greier alle postane i Stølatrimmen får kvart år eit krus med eit bilete frå ein av turane. Motivet for 2012-kruset skal vera eit bilete frå Eksestølen. Dersom DU her eit godt bilete frå Eksestølen, så send deg gjerne til Turgruppa i Eksingedalen IL v/ Karin. Mailardessa til Karin er: jflatekv@online.no.

Juletrefest

Tidspunkt: 
26. Desember 2012 - 13:00
Beskrivelse: 

Juletrefest i Ekse Grendahus 26. desember kl. 13.00. Ta med mat, drikke vert servert. Matpengar kr. 30,- Tradisjonelt program.

Smaug seg inn under huda og blei der

Vi syng jula inn

Aksjeselskap skal erstatta Eksingedalen Sameiga BA

På det ekstraordinære årsmøtet i Eksingedalen Sameiga BA var oppløysingsvedtaket einstemmig, etter at styret hadde lagt fram denne tilrådinga:

”Styret går inn for at Eksingedalen Sameiga BA vert oppløyst, og at det i staden vert skipa eit AS som overtek verksemda og fører denne vidare, etter same retningslinjer som før.”

"I denne søte juletid" -Konsert i Nesheim kyrkje

Tidspunkt: 
9. Desember 2012 - 15:00
Beskrivelse: 

Modalskoret held konsert i Nesheim kyrkje søndag 9. desember. Dei har med seg musikarar og solistar. KNIS, Eksingedalen si eiga jentegruppe, deltek også.

Triveleg møteplass i desember

Laurdag 1.desember skipa Kvinne-og familielaget til den årlege juleverkstaden. For første gong vart dette arrangert i grendahuset på Flatekval i staden for på skulen. Det var gledeleg at frammøtet var like stort som vanleg. Mange utflytta eksingedølar kjem heim for å vera med på denne juleverkstaden, slik vert dette ein triveleg møteplass for mange.  

Blide skuleveninner møtest i desember:Trude Gullbrå busett på Voss, Aud Marit B Bergo er fastbuande med mann og barn i dalen - og Kjellrunn Lavik som er busett i Førde. Foto. LivA Bergo.

Fekk bøker i gåve frå kyrkjelydane

I kyrkja på Nesheim fekk borna i Eksingedalen som fyller 4- og 6 år i 2012 gåve frå kyrkjelydane. Solveig Lavik og Elias Bergo fekk 4-årsbok, og Silje Gullbrå fekk 6-årsbok. Soknerådsleiar i Nesheim sokn delte ut gåva.

Håvard henta heidersprisen

-  Eg vart litt skjelven då dei sa at det var eg som var vinnaren. Eg bukka og takka i handa, men slapp halda takketale. Det er jo ikkje godt å vera litt beskjeden som eg trur eg er, og så vera hoppande glad samstundes, seier Håvard Bergo.
Torsdag 30.november vart han kåra til vinnar av filmkonkurransen som Hordaland Bondelag har arrangert i haust. Og det som bør imponera mest, er at 15-åringen klatra øvst på pallen, mens ”proffane” frå Garnes steig opp på andre og tredje plass. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kamera til  3.500 kroner, heimelaga glidar laga av to gamle brøytestikker og  med  ein plakatstor sjekk på 10.000 kroner som godt underlag.  Meir skal det ikkje til i denne omgangen til for å vidareutvikla filmproduksjonen for kreative Håvard.  Foto: Gunnar Hatland 

meir fisk