februar 2013

Bygdakafè

Tidspunkt: 
12. Mars 2013 - 12:30
Beskrivelse: 

Minikokkane serverer kjøttkaker!

Kongelege gjestar

Asbjørn Nese fekk i april 2012 tildelt Kongens Fortenestemedalje i sølv etter ein innsats som organist i Eksingedalen gjennom 60 år. I tilegg til å ha vore organist har Asbjørn lagt ned mykje frivillig arbeid med å skipa til konsertar og delta med musikk i bygda.
 Saman med fleire andre som har fått den edle medalja siste året, vart Asbjørn denne veka invitert til slottet. Saman med seg hadde han kona Lilly som følgje – og barnebarnet Jorill som reisefølgje til Oslo.
 På slottsplassen og klare for kongeleg visitt: Lilly og Asbjørn Nese. Foto: Jorill Nese

Terminlister

Terminliste for skigruppa og turgruppa sitt program finn du ved å klikka på Eksingedalen IL i menyen øverst på denne sida.

Fagerdalsløpet

Tidspunkt: 
24. August 2013 - 12:00
Beskrivelse: 

Fagerdalsløpet blir arrangert for 4. gong. Start kl. 12.00. Eksingedalen IL

Fottur til Foss-stølen

Tidspunkt: 
8. September 2013 - 11:00
Beskrivelse: 

Tur til Foss-stølen. Start kl. 11.00. Eksingedalen IL, turgruppa.

Sykkeltur Gullbrå-Eidslandet

Tidspunkt: 
2. Juni 2013 - 12:00
Beskrivelse: 

 

 

Gullbrå-Eidslandet. Me startar kl.12.00 frå Gullbrå. Buss frå Eidslandet-Gullbrå NB! Syklane kan sendast opp med godsbussen på tysdagen om ikkje anna er avtalt. Hugs merkelappar og pengar.(150 kr pr.sykkel)

Kveldstur

Tidspunkt: 
18. September 2013 - 18:00
Beskrivelse: 

Kveldstur til Brakestadstølen. Start kl. 18.00. Eksingedalen IL, turgruppa.

Kveldstur

Tidspunkt: 
4. September 2013 - 18:00
Beskrivelse: 

Kveldstur til Eikefetstølen. Start kl. 18.00. Eksingedalen IL, turgruppa.

Kveldstur

Tidspunkt: 
12. Juni 2013 - 18:00
Beskrivelse: 

Kveldstur til Nesestølen. Start kl. 18.00. Eksingedalen IL, turgruppa.

Kveldstur

Tidspunkt: 
5. Juni 2013 - 18:00
Beskrivelse: 

Kvelsdtur til Vetlejordstølen. Start kl. 18.00. Eksingedalen IL, turgruppa.

Skitur Nesheimsfjellet-Øvstedalen

Tidspunkt: 
29. Mars 2013 - 11:00
Beskrivelse: 

Nesheimsfjellet-Øvstedalen.Kl.11.00 frå fjellet. Påmelding innan fredag 22.mars til Mari 91833752/Haldis 99101673. Pris på buss tilbake avhenger av kor mange me vert.

Tur til Gullbråholmen

Tidspunkt: 
24. Februar 2013 - 12:00
Beskrivelse: 

Skitur til Gullbråholmen. Start frå vegen kl. 12.00. Turgruppa i Eksingedalen IL

Lake to Lake - Bergofossen

Mellom Bakkar og Berg

Michael Jackson

Storsatsing i Vaksdal kulturskule- med solid innsats frå Eksingedalsjenter

Onsdag 20.februar kl 18 braka det laust, og ein fullsett Dalehall fekk valuta for kvart minutt.    Frå første tone var publikum fanga, og fekk servert perler frå Jackson på rekke og rad. Solister, korps og band gav strålande lyd og drama-elevar laga ekstra liv til innslaga. Fremst på scenen på dei fleste melodiar stod jenter frå Eksingedalen.

Telenor held mobildøra på glytt

Det er no snart 19 månader sidan Vaksdal kommune fekk bevilga om lag 4,7 millionar kroner til utbygging av mobilnettet. Kommunen løyvde vel 2 millionar kroner hausten 2011, for å få prosjektet med mobildekning i Eksingedalen og Stamnes-området på plass. Spørsmålet folk stiller seg er om det er kommunen som ikkje får det til, eller om det er Telenor som er tunge å ha med å gjera?

- Slik vi i Telenor ser det, kan det også vera mogeleg å få saka eit skritt framover ved hjelp av god kommunikasjon om andre aktuelle samarbeidsprosjekt vi har hatt, seier Pål H. Lukashaugen som er Prosjektleiar for fagområdet Dekning i Telenor Norge.

- Det som Telenor har svara Vaksdal kommune, og andre kommunar i liknande situasjon, er at gjennomfører ca 30 samarbeidsprosjekt med forskjellige kommunar i året. Siden hausten 2008 har vi sett i drift over 86 samarbeidsprosjekter med forskjellige kommunar. Opplevinga og tilbakemeldingane frå innbyggjararar og kommunar som har gjennomført samarbeidsprosjekter er veldig positive. Dei har jo fått det dei ønskjer, nemlig god mobildekning, seier Lukashaugen.

- No tek vi eit nytt utspel for å få snakka godt saman. Vi er i dialog med ordføraren i Vaksdal, og slik det nå ser ut kan det vera grunnlag for eit møte. Der blir det vel naturleg at vi presenterer andre vellukka løysingar basert på samarbeidsprosjekt som vi har hatt. Døra vår er altså framleis open, seier Pål H. Lukashaugen.

For eit par veker sidan vende Eksingedalen Bygdaråd seg til Vaksdal kommune for å få ei oppdatering om mobilsaka.  Kommunen svara med ei konsentrert utgreiing og her heiter det mellom anna: «Det vert arbeidd politisk for å løyse denne saka og det er tett kontakt mellom kommunane både administrativt og politisk for å øve påtrykk på løyvande myndigheiter og utbyggar. Fristen for å få utbetalt midlar er utsett til 30.juni 2013».

Michael Jackson i kulturskulen

Tidspunkt: 
20. Februar 2013 - 18:00
Beskrivelse: 

i Dalehallen på Dale.
Medverkande jenter frå Eksingedalen

Styrketrening med Renathe

Tidspunkt: 
19. Mars 2013 - 20:00
Beskrivelse: 

på Eksingdalen skule
Ope for alle

Styrketrening med Renathe

Tidspunkt: 
12. Mars 2013 - 20:00
Beskrivelse: 

Eksingedalen skule


Ope for alle

Styrketrening med Renathe

Tidspunkt: 
5. Mars 2013 - 20:00
Beskrivelse: 

på Eksingedalen skule.


Ope for alle.

Reine julekvelden i april for skulen

Det vert reine julekvelden midt i april på skulen på Bergo: Då får skulen fiberkabel og dermed stabilt internett med hastigheit som lynet. "Vetlejulafta" vart det 15. februar:


Ny fiber  til skulen. Skøyteboksen som koplar saman ny fiber med fiberen som går gjennom dalen vert heist opp att i stolpen. Foto: Eksingedalen skule

200.000 til nybygg – 100.000 til kjøp

Dei som vil byggja heilårsbustad i Eksingedalen og på Eidslandet vil få eit kommunalt stimuleringstilskot på 200.000 kr. Og dei som vil kjøpa seg brukt bustad til heilårsbruk, vil få eit tilskot på 100.000 kr. Dette vedtok Vaksdal kommunestyre mot to røyster frå SV og FrP.

Det har vore ei langdryg sak for å få plass eit reglement  for stimuleringstilskotet. Vedtaket om å løyve pengar vart gjort i desember 2011 i samband med  budsjettet for 2012. No – 14 månader seinare er reglementet klart.

Ekse Village House

 

Ekse Grendahus (Ekse Village House) war built as a school house in the 1950's. It has since been expanded with bedrooms, showers and restrooms. The house has 6 bedrooms, totalling 24 beds + 10 mattresses, and a functional kitchen with large capasity dishwasher and combined fridge freezer. The dining room seats 48 people.

 

Grandmother's lodge

Godmorstova, or Grandmother's lodge, is located in Vetlejord, 4 km up-valley from the tunnel to Modalen. The house was built 1871, and is a longhouse, a common design for homes at the time. The lodge is let to tourists, and is well equipped for self-catering.

 

meir fisk