mars 2013

Nydeleg skitur frå Nesheimsfjellet til Øvstedalen

Langfredag samla 57 sporty sjeler seg på Nesheimsfjellet. Dei var klare for idrettslaget sin tradisjonstunge langtur i påsken. Dei bratte bakkane mot Nonhaugen stråla i solskin, noko me vestlendingar ikkje er for godt vane med.

130 bingospelarar i Eksingedalen

Ingen tvil om at påskebingo i Eksingedalen er populært! Tradisjonen tru er det alltid Påskebingo skjærtorsdag - og denne tradisjonen er 35 år gammal. Tradisjonen tru vart det også i går heilt fullt i gymnsalen på skulen - og ein god gjeng enda rundt eit bord i gangen. På Bingoen møter ein kjente, mindre kjente og ukjente fjes - og medan mange er godt rutinerte påskebingospelarar er det òg ein og annan nybyrjar.

Stemninga er stor - og spenninga aukar etterkvart som det vert færre og færre kuler att. Ingen tvil om at gleda er aller størst for vinnaren av korga med frukt og påskegodt heilt til slutt - men i same sekund også eit utbreidd sukk i salen over at moroa er over for denne gongen.
Men, om ein ikkje vart vinnar i år (heller) .... så tenkjer ein "betre lukke neste år" og går lukkeleg heimatt.  


Med leiar Elisabeth som bingosveivar og Magnar som opplesar og kommentator var spenninga stor og salet av bingobrett godt. Ei viktig inntekstkjelde for Eksingedalen IL.
Foto: LivA Bergo

Gudstenester i Eksingedalen i påska

I Eksingedalen er det gudstenester desse dagane i påskehelga. Sokneråda ynskjer vel møtt.

Skitur til Øvstedalen

Langfredag, 29.mars, er det klart for Eksingedalen IL sin tradisjonelle påsketur. I år ein heilt ny tur for mange, frå Eksingedalen til Øvstedalen. Turen startar ved Indretjørna på Nesheimsfjellet kl 11.00. Derifrå går ein over Nonhaugen,ned Bydalen og vidare om Fossestølen før ein skrir nedover Kringsdalen til Øvstedalen. Det går buss attende til Eksingedalen etter turen.

Mange fine naturperler på turen: Her utsyn mot Fossestølen og vidare mot Kringsdalen. Foto: Liv A.Bergo

Fleire bilete frå turen er å finna i albumet: Eksingedalen - Øvstedalen.
Påmelding til Mari 91833752 eller Haldis 99101673 innan 22.mars, for å bestilla plass i bussen...

Imponerande innsats

At Eksingedalen Bygdaråd har mange jern i elden er ikkje å overdriva. Den 11 sider lange årsmeldinga viser til mange saker som det er jobba med. Nokre med raskt resultat, medan andre saker har vore tidkrevjande. Alt i alt ein imponerande dugnadsbasert innsats av arbeidsutvalet og andre medlemer i Bygdarådet.
Årsmeldinga frå Bygdarådet kan du lesa her.

Bingo

Tidspunkt: 
28. Mars 2013 - 19:30
Beskrivelse: 

Bingo på Eksingedalen skule skjærtorsdag kl. 19.30. Arrangør er Eksingedalen IL.

Rassikring i Trefallstranda

Prosjektet er nå i byggeplanfasen.  Jeg kan foreløpig ikke gi deg noe svar på når anleggsarbeidene vil kunne starte. Dette grunnet usikkerhet rundt grunnforholdene i Trefallsvatnet som må utredes videre før anleggsarbeidet kan ta til. Det jeg kan si er at det er et prioritert tiltak, og det er bevilget penger til prosjektet i 2013/14. Dette skriver Fredrik Flatås til Eksingedalen Bygdaråd.

Kartutsnitt for den planlagde traseen. Begge bileta fra plangrunnlaget til Statens vegvesen.

Årsmøte i Øvre Eksingedalen Grunneigarlag

Tidspunkt: 
8. April 2013 - 19:00

35 strikkande damer i Ljosheim

Det er godt frammøte når Kvinne- og familielaget bed inn til strikkekafè, dei aller fleste godt utrusta med garn og strikkepinnar. Og dei som ikkje hadde utstyret med seg, fekk gjerne utdelt det dei mangla. Siv Dyvik og Silje Stien frå Dale Garn viste fram nye modellar, oppskrifter og garnkvalitetar - og delte raust ut garn til strikkeglade damer.

Siv inspirerer til nye strikketøy. Foto: Solfrid Urke Nese

Stafett er stafett

Søndag 17. mars er det klart for nok ein skistafett på Bergo. Eksingedalen IL er arrangør, og innbyding er gått til skientusiastar både i Modalen og Vaksdal kommunar. At arrangementet heiter Vaksdalsmeisterskap skal ein ikkje ta så tungt, seier styret i skigruppa. Det vikigaste er å få flest mogeleg ut på ski. "Det gjer så godt.... etterpå" er eit velkjend uttrykk blandt dei som kjem i mål med blodsmak i munnen, og det stemmer. Nedanfor finn du info om rennet, samt reglement for rennet.

Kvitanosi- forlokkande fjell

Det som starta med ein jentetur for 7, skulle bli noko heilt anna.

Han er nitti på kvinnedagen

-    Du Helge, kva er framtidsplanane?
-    Hmmm, eg er jo nitti no. Då må eg vel sleppa å tenkja altfor mykje på framtida.
Så vert han stille eit halvt minutt.
-     Nei, forresten. Sanninga er vel at eg ikkje tenkjer på noko anna enn framtida. Og det er framtida i jordbruket i landet, framtida for Eksingedalen, og framtida til skulen og garden her på Bergo. Og so ser eg med litt attende, då, veit du. Dermed får eg eit perspektiv på samfunnsutviklinga. Set deg ned her, du som skriv. Dette må me snakka om.
Helge Bergo er fødd på kvinnedagen i 1923, 8. mars. Dermed er han 90 i dag.



 


 


 


 


 


Slik er han – også i dag: stø på hand, klår i blikket, les halv bok før andre har kome seg til frukostbordet. Her på ein terrasse på Naxos, med flott utetemperatur, 89 år, med stigande helse. 


Foto: Gunnar Hatland


BKK med halvert Beinhelleren-søknad

No har dei bestemt seg: BKK vil byggja pumpekraftverk i Beinhelleren.  Frå ein stasjon med pumpe i Beinhelleren-området skal vatnet pumpast opp i tunnelen som går til Evanger kraftstasjon. Den årlege produksjonen i Evanger vil auka med om lag 3,1 prosent.


For to år sidan tok BKK opp frå skuffa gamle planar om å byggja pumpekraftverk i Beinhelleren.  Råskissene som BKK presenterte i 2011 var omfattande, mellom anna med overføring av vatn frå Fjellanger-delen av vassdraget til Beinhelleren.  Skissene vart ingen braksuksess, i alle fall ikkje hjå dei som hadde bygd seg nytt kraftverk på Fjellanger i 2007, og som følte at dei vart truga med ekspropriasjon.

Alt klart til lagsmeisterskap i langrenn

Alt er no klart til gjennomføring av lagsmeisterskap i langrenn på Bergo. Dette melder skigruppa i Eksingedalen IL. Det kalde veret dei siste dagene har gjort løypene faste og fine. Spora er harde og glatte, så det blir nok klister under skia for å få feste. Rennet går i klassisk stil, dette er fast stilart for lagsmeisterskapet. For ordens skuld, rennet er laurdag 9. mars.

Vil ha alle ungdomsskuleelevane på same skule

Vaksdal kommune sin administrasjon skal no greie ut to alternativ når det gjeld framtida til skulen – og spesielt ungdomsskuleelevane - i Eksingedalen:
 * Behalde barneskulen i Eksingedalen som no, men alle ungdomsskuleelevane frå heile Eksingedalen skal gå på skule  i Modalen
 *
Alle elevane frå heile Eksingedalen og Eidslandet skal gå på skule i Eksingedalen, og det vil seie at ingen skal gå på skule i Modalen.

Det var eit einstemmig formannskap som kom fram til  at dette skal vera administrasjonen si oppgåve å greia ut. Når ei utgreiing er ferdig, kjem saka igjen opp i formannskapet før ho til slutt hamnar i kommunestyret til endeleg avgjerd.

Styremøte i Eksingedalen IL

Tidspunkt: 
5. Mars 2013 - 19:30
Beskrivelse: 

Styremøte i Eksingedalen IL kl. 19.30

meir fisk