april 2013

30. April 2013 - 22:35

Tidspunkt: 
30. April 2013 - 22:35
Vertilhøve: 
Snø - Sludd - og innimellom regn
Vannstand: 
Under Middels
Luft-temperatur: 
+ 4 grader
Vasstemperatur: 
+ 1 grad
Kommentar: 
En dag med lav temperatur og en del vind. Alikevel minker det litt på isflakene hver dag. I kveld kl 2230 noen få vak øverst i sone 3 og ved nederste brua i sone 1. Ingen endring de første dager.

Skulen på Ekse heldt fram, iallfall ei veke til

Ein historisk dag var det likevel i dag, 30.april, då trådlaust internett vart kopla opp i det gamle skulehuset. Jubelen var stor hjå engelsklæraren som fekk nettet akkurat tidsnok til å gjennomføra engelskprøve!
Internett gjer skuledagen langt enklare å gjennomføra, spesielt for ungdomsskulen. No kan alle vera samla på Ekse det meste av tida.
Fasttelefon vert det også i skulehuset, frå torsdag.

Omgangsskule – med topp innsats

- Internett?
- Nei!

- Mobildekning?
- Nei!
- Fasttelefon?
- Nei
-
 Men nøgd med skuledagen likevel?
- JA!
Elevane på Eksingedalen skule held i desse vekene til  i Grendahuset på Ekse. Steinen som kom ned like ved skulen på Bergo førte til stengt skule. Og då var det ikkje anna å gjera enn å tenkja nytt – eller rettare sagt tenkja på gamlemåten. Mykje lenger enn til grendaskulane, ja heilt attende til omgangsskulen. Den gongen då oldemor starta med ABC-boka.


Litt nostalgi med dei gamle pultane, berre papir og  bøker kan brukast  i grendahuset på Ekse.  Men fredagar har elevane PC-dag heime. Frå venstre Hanna Gullbrå Tollefsen, Ingeborg Furevikstrand, Jorill Nese, Thea Flatekval og kontaktlærar Susanne Leiren.
Foto: Gunnar Hatland.

29. April 2013 - 22:30

Tidspunkt: 
29. April 2013 - 22:30
Vertilhøve: 
Vekslande regn og snø
Vannstand: 
Under middels
Luft-temperatur: 
+ 3 grader
Vasstemperatur: 
+ 1 grad
Kommentar: 
I dag tidleg ca 5 cm snø, men regnet bort utover dagen. Den resterende is har minket litt. Samme vær tirsdag. Ser ut til at en endring i været kan komme lørdag - søndag.

Her på garden er det eg som er sagførar

Feiring av nasjonaldagen

Tidspunkt: 
17. Mai 2013 - 12:00
Beskrivelse: 

17. mai-fest på Eksingedalen skule kl. 12.00. Talar er ordførar Eirik Haga.

Soknerådsmøte i Nesheim kyrkje

Tidspunkt: 
30. April 2013 - 19:30
Beskrivelse: 

Felles soknerådsmøte for Eksingedalen og Nesheim sokn i Nesheim kyrkje kl. 19.30

28. April 2013 - 14:55

Tidspunkt: 
28. April 2013 - 14:55
Vertilhøve: 
Regn og sludd
Vannstand: 
Under middels
Luft-temperatur: 
+ 3
Vasstemperatur: 
+ 1

Draumen til Britt

På Nese har det sidan i haust vore eit nytt tilskot til dalen sin aktivitet. Bygdefellesskapet som Britt har sett i gang kallar ho garasjesal. Ho fortel at ho lenge har hatt ein draum å få til noko slikt som dette. Så då ein gammal garasje på garden held på å falera, kom tanken om at den kanskje kunne gjera nytte som salsutstilling. Og garasjen vart pussa opp, han er så fin at den nesten er som eit lysthus, seier ho. 

Fotomontasje: Lars Ørjan Nese

Eksingedalen skule er mellombels stengt til 19.april.

Mandag føremiddag raste ein stor stein på om lag ½ kubikkmeter ned mot skulen i Eksingedalen. Skulen vart stengt og elevane sendt heim.
Kommuneleiinga har utvida stenginga av skulen ut veka – til 19.april.
Det vert framleis arbeidd med å få inn geolog for å vurdera situasjonen.

Mosoft

Eksingedalen skule mellombels stengt 15. og 16. april

Ein stor stein som kom susande i stor fart gjorde at Eksingedalen skule vart stengt mandag føremiddag. Steinen endra til alt hell retning like ved skulebygget, og spratt mot høgre, kløyvde eit tre, knakk ei grov grein - og landa roleg ned rett bak skulen.

Den omlag 1/2 kubikkmeter store steinen etter landing. Foto: LivA Bergo

Styremøte i Øvre Eksingedalen Grunneigarlag

Tidspunkt: 
15. April 2013 - 20:00
Beskrivelse: 

Styremøte i Øvre Eksingedalen Grunneigarlag kl. 20.00

Bondevenner

Terje Danielsen Kvamme og Sigmund Simmenes fekk synlege prov på at bønder i kommunen set pris på jobben dei gjer for landbruksnæringa i Vaksdal kommune. Utdelinga hende på Bergsdalstunet. "Bondevenn"- markeringa er ein del av ein landsomfamnande aksjon der Norges Bondelag ynskjer å heidra landbruket sine støttespelarar. Det er Eksingedalen/Vaksdal Bondelag som har peika ut desse to til bondevenner. Til venstre: Terje Danielsen Kvamme, landbrukstilsett i Vaksdal kommune. Til høgre: Sigmund Simmenes, leiar i Vaksdal Senterparti og varaordførar i Vaksdal kommune.

 

Styrketrening med Renathe

Tidspunkt: 
2. April 2013 - 20:00
Beskrivelse: 

Eksingedalen skule

meir fisk