november 2013

Framdrift i mobilsaka

Både den administrative og den politiske leiinga i Vaksdal kommune stilte sterkt med rådmann, ass. rådman, ordfører og varaordfører då dei inviterte til informasjonsmøte saman med Pål-Helge Lukashaugen frå Telenor om stoda i mobilsaka.

Me syng jula inn

Tidspunkt: 
15. Desember 2013 - 11:00
Beskrivelse: 

NESHEIM KYRKJE kl. 11:00. Me syng jula inn. Ved sokneprest Bø. Kyrkjekaffi.

Gudsteneste med lysmesse

Tidspunkt: 
1. Desember 2013 - 15:00
Beskrivelse: 

EKSINGEDALEN KYRKJE kl. 15:00. Lysmesse med utdeling av bok til 4- og 6-åringane. Kvamsøe. Nattverd. Dåp. Kyrkjekaffi.

Leiv Nesheim held møte

Tidspunkt: 
5. Desember 2013 - 18:00
Beskrivelse: 

Leiv Nesheim frå Nordhordland Indremisjon held møte i Neshem kyrkje torsdag 5. desember kl. 18.00

Leiv Nesheim held møte

Tidspunkt: 
4. Desember 2013 - 20:00
Beskrivelse: 

Leiv Nesheim frå Nordhordland Indremisjon held møte hjå Inger og Yngve Lavik onsdag 4. desember kl.20.00

Årsmøte i Eksingedalen hjortevald

Tidspunkt: 
3. Desember 2013 - 20:00
Beskrivelse: 

Årsmøte i Eksingedalen hjortevald i Ekse Grendahus 3. desember kl. 20.00

Einar Trefall nummer 15 i opningsrennet på Beitostølen

Resultat frå 15 km klassisk, menn 19-20 år, frå sesongåpning på Beitostølen finn du ved å klika på linken under.

http://www.beitoworldcup.com//2013/resultatlister/langrenn/2211/Men%2019-20y%2015K%20results.pdf

Møte i husastyret for Ljosheim

Tidspunkt: 
27. November 2013 - 19:30
Beskrivelse: 

Møte i husastyret for Ljosheim onsdag  27. november kl. 19.30

Styremøte i Øvre Eksingedalen Grunneigarlag

Tidspunkt: 
27. November 2013 - 19:30
Beskrivelse: 

Styremøte i Øvre Eksingedalen Grunneigarlag kl. 19.00

Styremøte i Eksingedalen IL

Tidspunkt: 
20. November 2013 - 19:30
Beskrivelse: 

Styremøte i Eksingedalen IL kl. 19.30

Møte i samarbeidsutvalet ved Eksingedalen skule

Tidspunkt: 
25. November 2013 - 19:00
Beskrivelse: 

Møte i SU ved Eksingedalen skule mandag 25 november kl. 19.00

Julefest på skulen

Tidspunkt: 
19. Desember 2013 - 19:00
Beskrivelse: 

Eksingedalen skule.
 

Styrketrening med Renathe

Tidspunkt: 
9. Desember 2013 - 20:00
Beskrivelse: 

Eksingedalen skule

Styrketrening med Renathe

Tidspunkt: 
2. Desember 2013 - 20:00
Beskrivelse: 

Eksingedalen skule

Styrketrening med Renathe

Tidspunkt: 
25. November 2013 - 20:00
Beskrivelse: 

Eksingedalen skule

Styrketrening med Renathe

Tidspunkt: 
18. November 2013 - 20:00
Beskrivelse: 

Eksingedalen skule

Styrketrening med Renathe

Styrketreninga startar opp att mandag 18.november kl 20.00 på skulen. Etter planen vert det trening kvar mandag framover, men sjekk kalendaren på Eksingedalen.no for å vera heilt sikker!

Årsmøte i Vaksdal Senterparti

Tidspunkt: 
13. November 2013 - 20:00
Beskrivelse: 

Årsmøte i Vaksdal Senterparti på Dale Ungdomsskule kl. 20.00

Årsmøte i Eksingedalen/Vaksdal Bondelag

Tidspunkt: 
12. November 2013 - 20:00
Beskrivelse: 

Årsmøte i Eksingedalen/Vaksdal Bondelag på Eksingedalen/Vaksdal Bondelag på Eksingedalen skule tysdag 12. november kl. 20.00. Leif Arne Lirhus frå fylkesstyert vert med.

Må satsa for å sikra busetnaden

Einar Trefall sa det, kort og kontant:

- Eg er odelsgut til garden vår i Haugen. Det som slike som meg må vurdere når vi eventuelt skal busetja oss i Eksingedalen er fire tema: Barnehage, skule, mobildekning og fiberkabel heilt fram til huset. Dette er dei viktigaste sakene vi må satsa på.

Einar Trefall  ga klar melding om kva som må koma på plass for at det skal vera skikkeleg interessant for ungdommen å busetja seg her, etter endt utdanning . Foto:Gunnar Hatland. FotoF

Mobilplan klar denne månaden

- Telenor har lova at dei skal ha ein utbyggingsplan for betre mobildekning i  Eksingedalen klar no i november, slo ordførar Eirik Haga fast på det opne debattmøtet på Eksingedalen skule torsdag 6. november.
- Det vert ikkje november 2014 då, ville ein opptrekt varaordførar Sigmund Simmenes veta.


- Nei, no i november i år. 2013, svara ordføraren.


Det var Vaksdal kommune  med nytilsett  landbrukskonsulent, Eksingedalen Bygdaråd og Eksingedalen/Vaksdal Bondelag som saman var møtearrangørar.  Temaet for møtet var «Framtidsblikk på Eksingedalen – Opp og fram 2025». Og tema var mange: busetnaden i dalen, vidare satsing på jordbruk og tilleggsnæringar, bustadbygging, arealplan, og økonomisk stimulans til å satsa på utvikling av dalen. Men det var truleg mobilsaka som vart det enkelttemaet som tok mest tid, og som spissa debattane.

Heiderspris til Haldis og Gaute – og Gamlo

Kor står Litago?
-  Litago? Vi kan jo ikkje ha namn på over 40 mjølkekyr. Her går det på nummer.
-  Går det an å driva med mjølkekyr utan ei Litago då?
-  Ja, ja. Det går flott! Ei av dei har i alle fall namn, og det er Gamlo. Vi hadde ho med oss då vi kom til Nesheim for sju år sidan. No er ho 11 år, har hatt ni kalvar og mjølkar riktig godt.

 

Billedtekst: Litt kos til Gamlo frå Haldis Bjotveit Øvstedal . Gaute er tydeleg stolt av superkua og smilar i sekundane før den raude automatiske fôringsvogna kjem for å gje Gamlo nytt påfyll. Foto: Gunnar Hatland

Juleverkstad og laurdagstreff i Ljosheim

Tidspunkt: 
7. Desember 2013 - 10:30
Beskrivelse: 

Juleverkstad, graut og førjulskos.


Eksingedalen Kvinne- og familielag

Foreldremøte for foreldre 2.-8.klasse

Tidspunkt: 
7. November 2013 - 19:00
Beskrivelse: 

Tema: Ungdomsskulen i Eksinigedalen 2014-15

meir fisk