desember 2013

Romjulstreff i Ljosheim

Tidspunkt: 
28. Desember 2013 - 19:30
Beskrivelse: 

Eksingedalen Kvinne- og Familielag inviterer til romjulstreff i Ljosheim larudag 28. desmber kl. 19.30. Ta med kveldsmat til spleisebord. Kaffi og kakao vert servert. Kr. 20,- for vaksne kr. 10,- for born.

Juletrefest på Ekse

Tidspunkt: 
26. Desember 2013 - 13:00
Beskrivelse: 

Det er juletrefest på Ekse Grendahus torsdag 26. desember kl. 13.00. Matøkt, gang rundt juletreet, leikar, loddsal og besøk av nissar. Sal av kaffi, kakao og brus. Ta med mat. Matpengar kr. 30,-

Heim til jol

”HEIM TIL JOL” er namnet på jolespelet publikumet fekk sjå under juletrefesten på Bergo torsdag kveld (19. Desember). Vi blei tatt med på ei reise gjennom joletida og joletradisjonar. Dette til stor glede for eit begeistra publikum.

Helsing frå Eksingedalen

Ungdomsskuleelevane i Eksingedalen har laga postkort og brosjyrar.  I alt er det 9 ulike postkort med motiv frå Eksingedalen og brosjyrar for tre av dei gamle ferdslevegane.
Desse er no klare til salg: ::

 

Joletrefest på skulen

Skulen ynskjer alle velkomne til joletrefest torsdag 19.desember kl19.00. Elevane viser framsyninga "HEIM TIL JOL". I tillegg det vert jolemarknad med sal av lykter, postkort og turbrosjyrar.

Og så vert det sjølvasgt både kaffikos og gang rundt joletreet!

 

Årsmøte i Eksingedalen IL

Tidspunkt: 
18. Januar 2014 - 15:00
Beskrivelse: 

Årsmøte i Eksingedalen IL på Eksingedalen skule kl. 15.00. 

Gudsteneste i Nesheim kyrkje

Tidspunkt: 
9. Mars 2014 - 11:00
Beskrivelse: 

Nesheim kyrkje. Gudsteneste kl. 11.00 ved Edvard Bø. Nattverd. Offer til Kirkens Bymisjon. Årsmøte. Kyrkjekaffi

Gudsteneste i Eksingedalen kyrkje

Tidspunkt: 
2. Februar 2014 - 11:00
Beskrivelse: 

Eksingedalen kyrkje. Gudsteneste kl. 11.00. Edvard  Bø. Nattverd. Årsmøte.

Gudsteneste i Nesheim kyrkje

Tidspunkt: 
19. Januar 2014 - 11:00
Beskrivelse: 
NESHEIM KYRKJE kl. 11.00. Gudsteneste. Nattverd. Ved Frode Kvamsøe. Takkoffer til HimalPartner. Kyrkjekaffi.
 

Gudsteneste i Eksingedalen kyrkje

Tidspunkt: 
24. Desember 2013 - 12:00
Beskrivelse: 

EKSINGEDALEN KYRKJE kl. 12:00. Julegudsteneste. Kvamsøe

Juleverkstad og førjulskos

Han var stolt over den flotte kreasjonen sin, Ådne Matre Nordheim: Snømann med reinsdyr    - og jammen "fann ho tante fram lys også!"  Foto: LivABergo

Mange lure nissar og artige julefigurar vart til rundt borda i Ljosheim denne desemberføremiddagen. Kvinne- og familielaget har skipa til juleverkstad ein laurdag i desember i 10 år, og mange set pris på denne årvisse tradisjonen. Både fastbuande og tilreisande møtest både til førjulskos og målretta produksjon av pynt og gåver. 

BKK med U-sving i Askjelldalen

BKK trekkjer no søknaden om å få byggja Askjelldalen pumpekraftverk. Med denne søknaden hadde BKK eit løyve nesten i lomma.  Vaksdal kommune og andre som har uttala seg, har vore positive til søknaden. Prosjektet har vore karakterisert som godt, og innvendingane har vore få og «moderate».

Også Eksingedalen Bygdaråd har uttala seg positivt, stort sett berre med merknader om fisk, det vil seie faren for at røye kan hamna i Holskardvatn .

Førjolstreff i Ljosheim

Kvinne- og familielaget inviterer små og store til førjolstreff i Ljosheim laurdag 7.desember.
For dei yngste vert det nisseverkstad og baking av kakemenn og peparkaker frå10.30-12.30. Ungdommane får den same tida høve til å laga julegåve av ulikt slag.

Kafe med servering av graut, julekaker og kaffi frå kl 12.30. Her er alle velkomne!
Etter dette vert det høve for ungdommar og vaksne til å laga dekorasjonar av ulikt slag.

meir fisk