februar 2014

Strikkekafe i Ljosheim

Tidspunkt: 
19. Mars 2014 - 19:00
Beskrivelse: 

Kvinne- og familielaget skipar til.

Nabobygdene (Eidsland, Modalen, Brekkhus) er inviterte.
LivMarion frå Garnsenteret på Voss viser fram modellar og garn.

Ope for alle!

 

Lite snø avlyser lysløyperenn

Bergo 25.februar 2014. Foto: Liv A Bergo

Som biltetet viser er det langt frå det normale i Eksingedalen i år! 7 varmegrader og eit glimt av sola innimellom alt regnveret gjorde ettermiddagen den 25. februar til ein vårdag. Skirenn, derimot, har det til no i vinter ikkje vore råd å laga til på Bergo. Dei 20 cm med snø som kom sist veke vart ikkje liggjande lenge. Skigruppa i Eksingedalen IL har difor vedteke at lysløyperennet onsdag 26. februar vert avlyst. 

Ljos i Ljosheim

Grandahuset Ljosheim, som ligg på Flatekval i Eksingedalen har ein lang historie. Vedtektene for huset, som vart revidert fredag 14. februar, var 100 år gamle. Og huset er endå eldre, soga seier at det er det tredje eldste i landet.

Nest raskast i Herresåsen

Under tunge tilhøve vart Einar Trefall nummer to på turrennet Herresåsen Rundt søndag 23. februar. Våt nysnø gjorde rennet til eit slit frå start til mål. Vebjørn Turtveit vann rennet, han klarde å gå frå Einar på den første av to rundar oppe i åsen. Starten for dette rennet går i Voss ski- og tursenter, her er også målgangen.

Artikkelforfattaren havna blandt programheltane på grunn av stengt veg over Nesheimsfjellet, men kan anbefala løypene i Herresåsen for dei som ynskjer å testa dei. 

Gratulera til Einar. Har brukt eit av hans eigne bilet her. Kan kalla biletet "High hopes"

BKK er på veg til staden, men hindra av snøras.

Snøras på Vinningsleitet hindrar BKK som er på veg for å reparera feilen med den brennande isolatoren på Bergo. Veret i området er såleis på mange måtar utfordrande for BKK. All straumforyning til øvre del av Eksingedalen går via den brennande isolatoren. Med det er det stor fare for straumbrot.

Basar

Tidspunkt: 
28. Mars 2014 - 19:00
Beskrivelse: 

Stad: Ljosheim
Kvinne- og familielaget

Truleg brann i isolator bortom Bergovatnet

Eit sterkt, blinkande ljos på bortomsida av Bergovatnet vart først oppdaga i 18-tida søndag kveld. Fleire og fleire tok kontakt med "næraste nabo" til staden, fleire hadde opplevd at ljoset flytta seg fram og tilbake. Politiet vart difor kontakta. Mykje kunne tyda på at det var folk som ikkje kom seg derifrå. Det var uver og kraftig regn, og umolgeleg å kommunisera tvers over vatnet. Med mykje vatn på isen var det ei utfordring å ta seg bort til staden. 

Det vart sjekka ut om det kunne vera turgåarar frå dei næraste husa og hyttene, og så tilfeldigvis teke ein telefon til BKK. Det viste seg då at fleire frå øvre Eksingedalen hadde meldt om ustablit ljos og straum denne ettermiddagen - og denne feilen var ikkje funne. Sannsynlegvis er det ein isolator som står og brenn med eit særmerkt grønaktig ljos. Med det kunne politiet med ein eventuell redningsaksjon trekkja seg ut av saka omlag klokka 20, og BKK får ein jobb å gjera i det dårlege veret. 

Så turgåarane som først oppdaga det mystiske ljoset, lokaliserte rett og slett feilen for BKK!

Pizzakveld med quis i Ljosheim

Tidspunkt: 
14. Mars 2014 - 19:30
Beskrivelse: 

Det blir pizzakveld med quis i Ljosheim fredag 14. mars kl. 19.30. Arrangør er husastyret for Ljosheim.

Våronnmøte i Ljosheim

Tidspunkt: 
19. Februar 2014 - 11:00
Beskrivelse: 

Det vert VÅRONNMØTE i regi av Norsk Landbrukstenester Hordaland i Vaksdal kommune:

Onsdag 19.02 kl. 11.00 Ungd.huset Flatekvål, Eksingedalen

Bispevisitas i Eksingedalen

Tidspunkt: 
11. Mars 2014 (Hele dagen)
Beskrivelse: 

Besøk på skulen 11.30-14

Gudsteneste i Eksingedalen kyrkje, Flatekal kl 17.30

Styrketrening med Renathe

Tidspunkt: 
10. Mars 2014 - 20:00

Styrketrening med Renathe

Tidspunkt: 
3. Mars 2014 - 20:00

Styrketrening med Renathe

Tidspunkt: 
24. Februar 2014 - 20:00

Styrektrening med Renathe

Tidspunkt: 
10. Februar 2014 - 20:00

Søndagsarbeid i sauaflorane

Denne søndagen har det vore fosterteljing i sauaflorane i Eksingedalen. Omreisande fosterteljar Tor-Erik Ertzaas arbeider effektivt - og kartlegg fostertalet i nær 500 sauar på få timar. No veit bøndene kor mange av dyra som er drektige - og om dei kan venta 1,2, 3, 4 eller 5 lam! Lammatalet ser ut til å bli bra høgt kommande sesong: trillingar er det mange av, likeså firlingar - og det vert meldt om eitt kull med femlingar. Fosterteljinga er ganske sikker, men det kan komma både fleire og færre lam enn det som var råd å sjå på skjermen i dag. 

Ein etter ein går sauane forbi ultralydapparatet til Ertzaas. Lite anar dei om det spennande ein kan sjå på skjermen. Foto: Liv A Bergo

Studiekveld om jordbruks-tingingane

Tidspunkt: 
13. Februar 2014 - 19:30
Beskrivelse: 

Studiekveld om jordbrukstingingane på Eksingedalen skule kl. 19.30. Eksingedalen/Vaksdal Bondelag

meir fisk