mars 2014

Glimt frå fjellheimen

Trygve Nilsen, i lag med familien sin, er ein flittig brukar av fjella i Eksingedalen. Han har teke desse bileta, begge frå veke 13.

Kvitanosi mandag 24. mars.

Skjerjevasshovden 30.mars

Bilete frå stølar i Eksingedalen?

Eksingedalen Bygdaråd arbeider med fornying av informasjonstavlene til stølsvegane. Tavlene frå 2003 treng fornying, og nytt er at alle stiane skal graderast  etter nasjonal merkestandard for turstiar. Stiane vert klassifiserte med ulik farge på informasjonstavla. Gjensidigestiftelsen har gjeve midlar til arbeidet gjennom Vestlandsprosjektet. 

Kjekt med basar og åresal

Klart det er kjekt med basar og åresal! Og spennande om ein er den heldige og vinn nett det ein har mest lyst på, eller om ein kjem heim utan noko denne gongen også. Eksingedalen Kvinne- og familielag hadde sin årvisse basar, i Ljosheim fredagskvelden.

Elias følgjer godt med på mamma Aud Marit sitt fang. Gevinstar har han alt sikra seg - men heilt utan tvil klar for meir! Då gjeld det å følgja godt med, passa på tala sine og håpa på flaks! Foto: LivABergo
 

Kva er dette - Babyboom?

Det er nok ikkje det, men hendinga gir håp for alle små i Eksingedalen!

Årsmøte i Eksingedalen Grunneigarlag

Tidspunkt: 
12. April 2014 (Hele dagen)
Beskrivelse: 

Årsmøte i Eksingedalen Grunneigarlag i Ljosheim.

Årsmøte i Øvre Eksingedalen Grunneigarlag

Tidspunkt: 
8. April 2014 - 19:30
Beskrivelse: 

Årsmøte i Øvre Eksingedalen Grunneigarlag på Eksingedalen skule kl. 19.30

Årsmøte i Øvre Eksingedalen Maskinlag

Tidspunkt: 
8. April 2014 - 19:00
Beskrivelse: 

Årsmøte i Øvre Eksingedalen Maskinlag på Eksingedalen skule kl. 19.00.

Workshop og Danseframsyning

Tidspunkt: 
26. April 2014 (Hele dagen)
Beskrivelse: 

Workshop frå kl 11
Show med framsyning kl 17

Ope for barn og unge, frå Eksingedalen og andre stader

Gruppa VoDa frå Voss i samarbeid med Eksingedalen skule

Årsmøte i Eksingedalen Beitelag

Tidspunkt: 
29. Mars 2014 - 16:00
Beskrivelse: 

Årsmøte i Eksingedalen Beitelag på Eksingedalen skule kl. 16.00. Etterpå vert det møte i Eksingedalen Sankelag.

Grendahuset Ljosheim

Grendahuset Ljosheim er eit av dei eldste ungdomshusa i landet. Det er blitt laga tilbygg to gongar sidan huset var nytt, og det er gjort vedlikehald og oppgraderingar. Bygget egnar seg til alle slags festsamkomer, samt møte. Med to salar som går an å slå saman til ein er det mange bruksområde for huset. 

Nye husleigesatsar frå 14.02.14:

Vetlesalen:
kr.300.- for medlemmer

kr.1000.- for utanbygds leigarar

Heile huset:
kr. 1000.- for medlemmer

kr. 1500.- for utanbygds leigarar

Vask etter bruk kan avtalast.

Det er no Ole Jakob Nese, tlf. 461 33 110 som tek imot tinging av huset. Lyklar kan ein få hjå Haldis Fjellanger, Karin N. Flatekval og Rune Nesheim.

Møte i Nesheim kyrkje

Tidspunkt: 
24. April 2014 - 19:00
Beskrivelse: 

Møte i Nesheim kyrkje torsdag 24. april kl. 19.00 ved Reidun Skurtveit frå Nordhordland Indremisjon.

Møte hjå Inger og Yngve Lavik

Tidspunkt: 
23. April 2014 - 20:00
Beskrivelse: 

Møte hjå Inger og Yngve Lavik onsdag 23. april kl. 20.00 ved Reidun Skurtveit frå Nordhordland Indremisjon.

Biskop på besøk

Biskop Halvor Nordhaug besøkte Eksingedalen tysdag 11.mars.

Under sin bispevisitas i Vaksdal kommune, spanderte Halvor Nordhaug ein heil dag i Eksingedalen. For at biskopen skulle få oppleva prest og kantor sin vanlege arbeidsveg, tok dei han med over Nesheimsfjellet då dei kom til dals. Fjellet viste seg imidlertid frå ei mild side denne dagen, så han vart nok ikkje skremt av den turen.

Biskop Halvor Nordhaug saman med elevar frå Eksingedalen skule        (Foto: Liv A Bergo)

Stafetten er avlyst.

Skigruppa i Eksingedalen IL beklagar å måtta melda at skistafetten som skulle vore avvikla søndag 16. mars er avlyst. Etter å ha vore i kontakt med tidlegare deltakarar viser det seg at det er mange som ikkje har høve til å delta dette året. Difor ynskjer me å gi beskjed alt no. Oppturen frå i fjor med god deltaking gjer at me likevel prøver på nytt til neste år, er meldinga frå skigruppa.

I staden for stafett blir det arrangert friteknikkrenn på same stad og til same tid som stafetten skulle gått. Dette rennet er ope for alle. Løypen vert preparert for både klassisk og skøyting.

Håkon heidra med Langhellepokalen

Sverre Langhelle frå Straume i Vaksdal kommune var i mange år ein pådrivar for skiidrett, og då spesiellt langrenn, i Stamnes IL. Engasjementet hans gjekk vidare enn sitt eige lag. Resten av kommunen fekk nyta godt av arbeidet som han og resten av styret i Stamnes IL gjorde. Vaksdalsmeisterskap i langrenn vart arrangert av Stamnes IL i mange år. Sidan det sjeldan var nok snø i Stamnesområdet, vart Eksingedalen og Bergsdalen brukt som rennstadar.

Førstehjelpskurs

Tidspunkt: 
27. Mars 2014 - 18:00
Beskrivelse: 

Kurs i grunnleggjande førstehjelp blir arrangert på skulen på Bergo kl 18-21.30

Aktuelt for alle frå ungdomsskule-alder. 

Kurshaldar: Nordhordland Førstehjelp og Opplæring.

Lokal arrangør: Eksingdalen skule i samarbeid med Eksingedalen IL

Årsmøte i Bygdarådet

Tidspunkt: 
2. April 2014 - 19:00
Beskrivelse: 

Eksingedalen skule

Fagre Eksingedalsfjell

Tross det milde veret i det siste, i fjellet er det snø nok til å gå på tur. Bileta er tatt frå sørsida av Trollahorgi mellom Beinhellerdalen og Lonevågdalen. Foto: Trygve Nilsen

Til Eksestølen med Eksingedalen IL

Ei aktiv helg for Eksingedalen IL. Mange av skiløparane frå lagsmeisterskapen stilte godt kledde i tunet på Ekse søndag føremiddag. Det blas og snøa - og meir "vêr" skulle det verta. Nokre hadde plan om å gå vidare frå Eksestølen til Nesheim, men med null sikt framme på Eksestølen valde alle å skri attende til Ekse. 

Blide jenter på tur: Kari, Thea, Ingrid og Hanna . Foto LivABergo

25 lagsmeistrar i Eksingedalen IL

25 løparar stilte til start i Eksingedalen IL sitt lagsmeisterskap 1.mars på Brakestad. På premiutdelinga på skulen kunne alle kjenna seg som meistrar etter eit vel gjennomført renn! I elles så snøfattige Eksingedalen var det kjekt å kunna gå i dei fine løypene på Brakstad. Blide løparar, tidtakarar og publikum skapte god steming og eit kjekt skirenn!

Taktikken klar?Fellesstart elitepulje nr 1.  Foto: Charlotte S Jensen

 

Songstund i Nesheim kyrkje

Tidspunkt: 
30. Mars 2014 - 15:00
Beskrivelse: 

Songstund i Nesheim kyrkje søndag 30. mars kl. 15.00. Me syng gamle og nye salmar. Nesheim sokneråd.

Lagsmeisterskap i Eksingedalen IL

 

meir fisk