april 2014

30. April 2014 - 20:20

Tidspunkt: 
30. April 2014 - 20:20
Vertilhøve: 
Pent
Vannstand: 
Middels
Luft-temperatur: 
+ 10 dagtid, nå kl2020 + 5 grader
Vasstemperatur: 
+ 4,5 grader
Kommentar: 
Noe mer vind i dag og noe kjøligere. Noen få vak når det er stille.Det ventes kjøligere et par dager til før tempen begynner å stige.

29. April 2014 - 22:30

Tidspunkt: 
29. April 2014 - 22:30
Vertilhøve: 
Pent
Vannstand: 
Middels
Luft-temperatur: 
+ 16 grader, kveld + 6 grader
Vasstemperatur: 
+ 5 grader
Kommentar: 
Mye stille, men også perioder med litt vind. Litt Marginata i sone 1. Tre fiskere i elva i dag. Mange bra fisker observert diverse steder i dag. Vannstanden holder seg noenlunde stabil. Det ventes litt kjøligere onsdag.

Feiring av Grunnlovsdagen

Tidspunkt: 
17. Mai 2014 - 12:00
Beskrivelse: 

Feiring av Grunnlovsdagen på Eksingedalen skule kl. 12.00. Talar er Trine Grønbeck

28. April 2014 - 23:15

Tidspunkt: 
28. April 2014 - 23:15
Vertilhøve: 
Pent
Vannstand: 
Middels
Luft-temperatur: 
+ 17 dagtid, i kveld + 6 grader kl 2317
Vasstemperatur: 
+ 6 grader
Kommentar: 
For det meste vindstille å fin dag. Sporadisk vaking i sone 3 og 4. Det ventes litt kjøligere på tirsdag.

Fri flyt framover

Fem unge dansarar frå Voss Dansekompani, VoDa, hadde godt grep om publikummet sitt i Eksingedalen laurdag 26.april. Jentene presenterte showet «Fri  flyt framover» og gjennom dette mange ulike utrykk og dansformer. Forestillinga var variert, der alle dansarane også hadde sitt nummer der dei og deira særtrekk stod i framgrunnen. Musikken var alt frå kjente hits til indisk musikk og dans. 

Dei blide jentene viste stort engasjement og var  tett på publikum. Constanze Bürger er korreograf og leiar for gruppa, som tel i alt sju jenter. Showet har vore vist ulike stader, m.a. under  Vossa Jazz, og ein del av konseptet til gruppa er å reisa rundt og tilby workshops og show.

 

 

 

 

 

 

 

 

Constanze til venstre,
saman med Mari og Kristin
-  med Sarah på toppen. 

27. April 2014 - 21:40

Tidspunkt: 
27. April 2014 - 21:40
Vertilhøve: 
Pent
Vannstand: 
Middels
Luft-temperatur: 
+ 18 dagtid, kveld + 10 grader
Vasstemperatur: 
+ 6 grader
Kommentar: 
En ny fin dag med forholdsvis lite vind. Sporadisk vaking,noe mer i sone 1. I helgen noen fisker fra 500 - 700 gram. Noen Marginata observert i dag også. Dette er svært tidlig etter hva som er vanlig. Det ventes etter hvert litt kjøligere utover i uken.

25. April 2014 - 22:00

Tidspunkt: 
25. April 2014 - 22:00
Vertilhøve: 
Pent
Vannstand: 
Middels
Luft-temperatur: 
+ 17 grader
Vasstemperatur: 
+ 4,5 grader
Kommentar: 
En ny fin dag med stabil vannstand. En god del vindstille, men ellers svak vind. Sporadisk vaking. En fisker i elven i dag + en som kom i kveld. Kommer vist flere lørdag. Den lave vanntemperaturen byr vel ikke på den store vakfesten,men Marginataen har vist seg i noen få eksemplarer.

Danseshow med VoDa og lokale jenter

Voss Dansekompani, VoDa, inviterer til  Workshop og Show  i Eksingedalen laurdag 26.april. Dette er ei gruppe unge vossajenter som syns dans er spesielt kjekt - og dei vil både læra frå seg og dansa saman med andre ungdommar. Frå kl 11 laurdag er det først workshop, der deltkarane får læra meir om dans og får så instruksjon for å vera med på delar av showet.
 

24. April 2014 - 22:50

Tidspunkt: 
24. April 2014 - 22:50
Vertilhøve: 
Pent
Vannstand: 
Middels
Luft-temperatur: 
+ 17 grader
Vasstemperatur: 
+ 4,5 grader
Kommentar: 
En del smeltevann i elven. For det meste vindstille men i perioder et svak vind. To fiskere i elven i dag. Status kl 1800 var tre fisk. Eksemplarer av Marginata observert i dag på noen varmere lokaliteter. Værmeldingen lover bra vær i helgen.

23. April 2014 - 13:00

Tidspunkt: 
23. April 2014 - 13:00
Vertilhøve: 
Lettskyet pent
Vannstand: 
Middels
Luft-temperatur: 
+ 17 Grader
Vasstemperatur: 
+ 4 grader
Kommentar: 
Vindstille tidlig på dagen, men nå litt svak vind avog til. Sporadisk vaking i sone 3 og 4

Bondens miljøplan

Dei som har studert kalenderen på denne sida har nok lagt merke til at det skal haldast kurs i "Bondens miljøplan". Kva er så dette? På heimesida til Statens Landbruksforvaltning fins det informasjon om dette, og her kan du lesa dette:

22. April 2014 - 21:25

Tidspunkt: 
22. April 2014 - 21:25
Vertilhøve: 
Pent
Vannstand: 
Middels
Luft-temperatur: 
+ 8 kl 2130, dagtid + 19grader
Vasstemperatur: 
+ 4 grader
Kommentar: 
Stort sett vindstille, litt svak vind seint på ettermiddagen. Sporadisk vaking i sone 3 og 4.

Folkevandring i Eksingedalsfjella

Ein strålande dag på Kvitanosi, langfredag 2014! Sjølv om toppen ligg i Voss kommune, reknar ein denne turen som ein av dei store toppturane frå Eksingedalen. Truleg var 100 menneske på toppen av Kvitanosi denne dagen, det var ei jamn folkevandring frå Gullbrå og oppover i fleire timar. Her kunne ein vera saman med andre - men og nyta fantastisk natur i fred og ro. På toppen var det varmt og vindtstilt,og dei fleste gav seg god tid til å nyta det flotte målet med fantastisk utsikt.


Skyfritt og knallblå himmel. Utsikt frå hav til vidde! Foto: LivABergo

 

Påsketradisjonar i Eksingedalen

Idrettslaget har to lange, gode påsketradisjonar: BINGO og PÅSKETUR!
Bingoen er alltid skjærtorsdag kveld, og fellesturen på ski går langfredag. Påska 2014 har vermeldingar som er godt tilpassa dette. Medan regnet høljar ned torsdagen, er det strålande meldingar for fredag.

Så: Skjærtorsdag er det klart for bingo kl 19.30 på Eksingedalen skule. Idrettslaget lovar som vanleg fine gevinstar - og god bingostemning!

Fredag går fellesturen til Kvitanosi, med start frå Gullbrå klokka 11. Tradisjonen tru, vert det truleg ein jamn straum av turfolk oppover (og etterkvart nedover) heile fredagen. 

Vel møtt på BINGO og KVITANOSI!

Frå fellesturen til Kvitanosi 2012. Foto: LivABergo

Nonhaugen påska 2014

Palmesøndag. Foto: Ulrik Bindingsbø

Palmesøndag. Foto: Trygve Nilsen

Turgruppa i idrettslaget avlyser skileik

På grunna av dårlege vermeldingar for palmesundag har turgruppa i Eksingedalen IL bestemt at skileikdagen på Nesheimsfjellet skal avlysast. Håpet er at veret betrar seg til langfredag slik at turen til Kvitanosi kan gå som planlagt.

Bondens miljøplan

Tidspunkt: 
24. April 2014 - 19:30
Beskrivelse: 

"Bondens miljøplan". Kurs på Eksingedalen skule torsdag 24. april kl. 19.30. Arrangør: Vaksdal kommune.

AVLYST Sykkelrittet "Den Grøne Sløyfa"

Tidspunkt: 
21. Juni 2014 - 11:00
Beskrivelse: 

AVLYST! Sykkelrittet "Den Grøne Sløyfa" som har start på Evanger og målgang på Eidslandet blir arrangert laurdag 21. juni. Starttidspunkt er kl. 11.00

Arrangementet blir i år diverre avlyst grunna lita interesse / påmeldingar.

PÅSKEBINGO

Tidspunkt: 
17. April 2014 - 19:30
Beskrivelse: 

Trasdisjonell påskebingo!
Eksingedalen IL, på Eksingedalen skule

Ekstraordinært årsmøte i Bygdarådet

Tidspunkt: 
28. April 2014 - 19:00

Organisering av Eksingedalen Bygdaråd

Eksingedalen Bygdaråd skal måndag 28.april halda ekstraordinært årsmøte. Hovudtemaet er organiseringa av Bygdarådet og nye vedtekter for organisasjonen. På Bygdarådet sitt ordinære årsmøte den 2.april vart ei ny organisering av Bygdarådet diskutert.  Føremålet med ei ny organisering er å nå fram med meir informasjon til alle som ynskjer det, og opna opp for at  fleire kan delta i diskusjonar og komma med innspel.  Ny organisering vil også gje større demokrati ved at alle busette i dalen får møte- og stemmerett i Bygdarådet.

Eksingedalen Bygdaråd skal framleis vera ein ideell og allmennyttig organisasjon som skal arbeida for samfunnsutvikling i Eksingedalen. Den vesentleg endringa er at årsmøtet vil vera ope for heile bygda.

Årsmelding

Årsmeldinga frå Eksingedalen Bygdaråd er no tilgjengeleg på denne sida. Klikk på "Bygdarådet", og du vil kunne lesa den der.

Gudsteneste i Nesheim kyrkje

Tidspunkt: 
20. April 2014 - 11:00
Beskrivelse: 

Påskedag
NESHEIM KYRKJE kl. 11.00. Høgtidsgudsteneste. Bø. Nattverd. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp - Fasteaksjonen. Forsongarar møter kl. 10.15.

meir fisk