august 2014

Fin dag på gammal ferdaveg

Fin tur over fjellet til Modalen vart det søndag, som avslutning på Eksingedalsdagane. Dei 400 høgdemeterane opp frå Dalastova på Flatekval er bratte, men det gjekk lett oppover den gode stien for 17 spreke mosjonistar. Historiane langs vegen var mange, og tankar gjekk til den tida eksingedølane måtte gå denne eller ein av dei andre fjellovergangen for å komma til Mo. Eksingedølane frå midtre delen av dalen hadde då varebuer ved sjøen på Mo, og dei rodde til Bergen på handelsferd. På den tida hadde eksingedølane også vegarbeidsplikt i Modalen, og det var i slikt arbeid ein av karane kring 1840 sa: "Lat oss rydja vår eigen veg!" Slik vart det, og eksingedølane gjekk i gang med vegarbeid frå Eidslandet og oppover. Slik vart Reitlevegen, den gamle kløvjevegen gjennom Eksingedalen til. Og deretter byrja arbeidet med bilvegen i 1888.

 

Skugge i lia og fin sol på Flatekval. Foto: Liv A Bergo

Diabolo i Eksingedalen

Strålande Eksingedalsdagar

Som vanleg hadde marknadskomiteen ein kamp mot vind og regn marknadsdagen, og utstillarane måtte rigga seg til mellom vasspøyser og drypande telt. Heldigvis ordna det seg rett før sjølve opninga; slusene heldt tett og sola stakk også fram innimellom. Det var god stemning, og folketalet i Eksingedalen dobla seg. Over 200 var innom marknaden, det vart handla og ete godt. Folk let vel og stemninga var god!


Tett med folk og kø i marknadsteltet rett etter opninga, det er kjekt for både utstillarar og arrangørar! Foto Liv A Bergo 

31. August 2014 - 13:10

Tidspunkt: 
31. August 2014 - 13:10
Vertilhøve: 
Lettskyet pent
Vannstand: 
Lav
Luft-temperatur: 
+ 20 grader
Vasstemperatur: 
+ !2 grader
Kommentar: 
Fin temperatur, men en del vind. Ingen vak å se i denne vinden. Pleier å stilne noe på kvelden. Etter litt regn i natt har elven steget med noen få cm.

Resultat Fagerdalsløpet

Fagerdalsløpet, resultatliste 2014  
           
Gutar 10-14 år        

28. August 2014 - 14:00

Tidspunkt: 
28. August 2014 - 14:00
Vertilhøve: 
Pent
Vannstand: 
Lav
Luft-temperatur: 
+ 19 grader
Vasstemperatur: 
+ 12 grader
Kommentar: 
Pent og stort sett vindstille. Litt vak av og til. På deler av sone 3 er det nå mye flotgras i overflaten, men i øvre og nedre deler av langstrekket er det greie fiskeforhold. Fire fiskere i elven i dag.

27. August 2014 - 17:40

Tidspunkt: 
27. August 2014 - 17:40
Vertilhøve: 
Pent
Vannstand: 
Lav
Luft-temperatur: 
+ 18 grader
Vasstemperatur: 
+ 12 grader
Kommentar: 
Varmt og vindstille.Periodevis noe vak i øvre del av sone 3. Ser ut til at det er litt mer aktivitet rett før sola går ned.

26. August 2014 - 11:50

Tidspunkt: 
26. August 2014 - 11:50
Vertilhøve: 
Pent
Vannstand: 
Lav
Luft-temperatur: 
+ 15 grader
Vasstemperatur: 
+ 12 grader
Kommentar: 
Vindstille og litt vak å se av og til. Mest vak i den øvre delen av sone 3. Det blir pent og varmt vær fremover så vannstanden vil nok holde seg lav. I går vårfluer og flygemaur.

25. August 2014 - 9:00

Tidspunkt: 
25. August 2014 - 9:00
Vertilhøve: 
Lettskyet pent
Vannstand: 
Lav
Luft-temperatur: 
+ 11 grader
Vasstemperatur: 
+ 12 grader
Kommentar: 
Vindstille og lite vak nå. Vannstanden er lav og med været som er meldt vil den nok bli lav en stund fremover. Noen fine fisker i helga også bl.a kilosfisk og en på 3.1kg. Fikk en fin i gårkveld på 550 gram. Det går bla i Superpuppa og kulehodenymper str 14 - 16.

23. August 2014 - 21:35

Tidspunkt: 
23. August 2014 - 21:35
Vertilhøve: 
Regn
Vannstand: 
Lav
Luft-temperatur: 
+ 11 grader
Vasstemperatur: 
+ 11 grader
Kommentar: 
Tilbake etter noen feriedager. Her har det vært en god del regn utover ettermiddag - kveld. Vannstanden har steget med ca 20 cm. Noen vak av og til. Fiske kan ofte være gunstig når elven begynner å stige, spesielt ved der mindre bekker og elver kommer inn i hovedelven.

Kveldstur til Trefallstølen

Tidspunkt: 
27. August 2014 - 18:00
Beskrivelse: 

Kveldstur til Trefallstølen onsdag 27. august. Start frå vegen kl. 18.00. Eksingedalen IL, turgruppa.

Program for Eksingedalsdagane

Eksingedalen inviterer til tradisjonelle Eksingedalsdagar med
Fagerdalsløp og marknad ved Nærbutikken på Lavik laurdag 30.august kl. 12-16.

PROGRAM for LAURDAG:

Kl. 11-12.30: Fagerdalsløpet

Kl. 13: Minikonsert med jentegruppa Knis

Kl. 13.30-15: Pil og bogeskyting, luftgevær, hesteriding

Kl. 15: Andeslepp med premiar til dei tre raskaste endene

ca kl. 15.30: Premieutdeling og kåring av skyttarkonge, -dronning, -prins og -prinsesse

 

Gudsteneste i Nesheim kyrkje

Tidspunkt: 
31. August 2014 - 11:00
Beskrivelse: 

Gudsteneste i Nesheim kyrkje kl. 11.00 ved Marianne Gammelsæter. 1.klassingane i Eksingedalen er spesilelt invitert til denne gudstenesta.

Eksingedalsdagar 30.- 31.august 2014

Laurdag 30.august er det klart for tradisjonell Eksingedalsmarknad ved butikken på Lavik. Marknaden opnar med Fagerdalsløpet kl 12, og heldt fram med ulike aktivitetar fram til kl 16. Det vert høve  til handel av ulikt slag, og god mat å eta. Søndag kan ein vera med på tur langs den gamle ferdslevegen frå Flatekval i Eksingedalen til Farestveit i Modalen. Program for begge dagane vert lagt ut på heimesida i løpet av veka.  

Våt marknad var det både i 2010 og 2012, men god stemning i telta!  Foto: Liv A Bergo

Velta av vinden

Vinden laurdag kveld velta mange tre i Eksingedalen. Den store asken på Brakestad var eit av trea som måtte gi tapt for kreftene i vindkasta denne kvelden. 

Foto: Solfrid Urke Nese

10. August 2014 - 10:55

Tidspunkt: 
10. August 2014 - 10:55
Vertilhøve: 
Skuet opphold
Vannstand: 
Lav
Luft-temperatur: 
+ 15 grader
Vasstemperatur: 
+ 13 grader
Kommentar: 
Elven er lav, men har steget litt i natt. Etter kraftig vind i natt er vinden løyet. Kan bli greie fiskeforhold utover dagen. Reiser bort en 10 - 12 dager. Når butikken er stengt kan fiskekort kjøpes hos Rune Nesheim tlf. 91 62 11 07, eller Kjell Lavik.

8. August 2014 - 15:45

Tidspunkt: 
8. August 2014 - 15:45
Vertilhøve: 
Lettskyet pent
Vannstand: 
Lav
Luft-temperatur: 
+ 20 grader
Vasstemperatur: 
+ 13 grader
Kommentar: 
Litt regn i natt og elven har steget med noen få cm. Stort sett vindstille og periodevis litt vaking på nedre halvdel av sone 3. Vårfluer.

7. August 2014 - 14:50

Tidspunkt: 
7. August 2014 - 14:50
Vertilhøve: 
Skyet opphold
Vannstand: 
Lav
Luft-temperatur: 
+ 20 grader
Vasstemperatur: 
+ 13 grader
Kommentar: 
Stort sett vindstille og sporadisk vaking. Fisker fra 500 til 1.1 kg i går. Greie forhold på de riktige steder. Vi trenger ellers litt regn for å friske opp elven litt. Vårfluer.

5. August 2014 - 17:55

Tidspunkt: 
5. August 2014 - 17:55
Vertilhøve: 
Skyet opphold
Vannstand: 
Litt under midels
Luft-temperatur: 
+ 20 grader
Vasstemperatur: 
+ 13 grader
Kommentar: 
Litt lavere vannstand, men fine forhold. noe vind på ettermiddagen, men vinden pleier å avta ved kveld. Litt vaking. Vårfluer.

4. August 2014 - 22:35

Tidspunkt: 
4. August 2014 - 22:35
Vertilhøve: 
Lettskyet pent
Vannstand: 
Middels
Luft-temperatur: 
+ 20 grader
Vasstemperatur: 
+ 13 grader
Kommentar: 
Vannstanden har gått litt ned, men fremdeles fine forhold. Noe vaking i dag. Litt døgnfluer noen steder, ellers vårfluer og mygg.

3. August 2014 - 10:20

Tidspunkt: 
3. August 2014 - 10:20
Vertilhøve: 
Regn
Vannstand: 
Middels
Luft-temperatur: 
+ 16 grader
Vasstemperatur: 
+ 13 grader
Kommentar: 
Noe regn i natt og vannstanden er har steget litt igjen. I går 1 fisk på 1,8 kg + noen 4 - 500 gramere. Selv om det er lite vaking så er fisken aktiv under vannflaten med slik temperatur og vannstand.

1. August 2014 - 8:25

Tidspunkt: 
1. August 2014 - 8:25
Vertilhøve: 
Skyet opphold
Vannstand: 
Middels
Luft-temperatur: 
+ 15 grader
Vasstemperatur: 
+ 13 grader
Kommentar: 
Fin vannstand og bra forhold. Noen få vak i sone 3 nå kl 8 30. I skrivende stund for det meste vindstille. Letter skydekke og sol seinere på dagen. Vårfluer.
meir fisk