desember 2014

Snø-rekord til jul

Gjennom mykje av desember har snøen dala jamt over Eksingedalen. Det har gitt resultat!

Når julafta så vidt hadde kome i gong, gjekk Ingunn L Gullbrå sin daglege tur for å måle nedbør og snøhøgde på Gullbrå. I dag viste snø-høgda 130 cm. Dette er rimeleg mykje, og det kom spørsmål om kva som er vanleg til jul. «Me pleier no ha bra med snø til jul», var eitt svar. 

Juletrefest på Ekse

Tidspunkt: 
26. Desember 2014 - 13:00
Beskrivelse: 

Juletrefest i Ekse Grendahus 26. desember kl. 13.00.

Joletrefest og opning av "Peparkakegrenda"

Eksingedalen skule inviterer til joletrefest torsdag 18.desember klokka 19. Elevane stiller ut arbeid frå joleveka, mellom anna Eksingedalen si "Peparkakegrend". Det vert program, jolegraut med mandel i, kaffi og jolekaker. Og, sjølvsagt: Song av jolesongar og gang om joletreet. Skulen ynskjer alle hjarteleg velkomne!

Morgonstemning i desember. Foto: Eksingedalen skule

Mobilutbygging utsett

Det ser diverre ikkje ut for at det blir utbygd for mobildekning i nokon "tause" delar av Eksingedalen før ut på våren 2015. Dagens status-melding frå kommunen lyder:

 

Status per 15. desember 2014 er som følgjer:

Trefall og Gullbrå :

Planlagt sett i drift  i slutten av april/fyrste del av mai 2015.

Bindingsbø - Bergo:

Planlagt sett i drift sumaren 2015.

Rest Eksingedalen (2 master):

Vinterkledde tre

200-årsflaum ramma Eksingedalen

All tekst er innhenta og skrivne av elevane på Eksingedalen ungdomsskule, valfag i medie og kommunikasjon: Mona Gullbrå, Jakop Flatekval og Håkon Øvstedal

Uvanleg store vannmasser kom ned frå fjellsida og fylte opp Ekso tysdagen i slutten av oktober. 200-årsflaumen, som ramma Vestlandet, gjorde store skadar, og det var nære på at liv gjekk tapt i Eksingedalen.

Mange menneske vart òg evakuerte under flaumen. Eksingedalen slapp heldigvis billig unna. Ingen hus, fjøs eller bruer vart øydelagt, og heller ikkje dyr og menneske skada under flaumen. Etter målingane i Modalen falt det 321,5 millimeter frå torsdag kveld 23. oktober til tysdag kveld 28. oktober. Så Modalen må nok vera spesielt lei av regnvêret. I Eksingedalen falt det òg mykje regn: Måndag 27.10. 68,5 mm, tysdag 28.10. 69,9 mm og onsdag 29.10. 65,0 mm. Samla på disse tre dagane falt det over 20 cm nedbør i Eksingedalen.

Fotballbana på Bergo på ettermiddagen tysdag 28. oktober.

Romjulsfest i Ljosheim

Tidspunkt: 
27. Desember 2014 - 19:30
Beskrivelse: 

Romjulsfest i Ljosheim 27. desember kl. 19.30. 18 års aldersgrense. Litt program og levande musikk. Bar. Hugs kontantar. Arr: Husastyret for Ljosheim

Joletrefest på skulen

Tidspunkt: 
18. Desember 2014 - 19:00
Beskrivelse: 

Eksingedalen skule inviterer til joletrefest!

Tradisjon - og noko nytt

Tradisjonen tru er det lysmesse i ei av Eksingedalskyrkjene i adventstida. I år hender dette i kyrkja på Nesheim. Denne tradisjonen har me hatt lenge, på ein av søndagane i desember. Og som regel på ettermiddagstid slik at me har kunna oppleva stemninga av levande lys og andre små lyskjelder inne i kyrkja, med skumring ute.

Ledig stilling i Eksingedalen

Vaksdal kommune lyser ut stilling som Fagarbeidar reinhald, og evt eigedom

Arbeidsstad: Eksingedalen skule. 

Noko for deg?  

Her er link til Vaksdal kommune si side, der du kan søkje stillinga

Stillingsanonsa finn du også i vedlegg under.

meir fisk