januar 2015

Vegopning til Gullbrå i dag

Melding frå kommunen i dag:

"Vegen til Gullbrå opnar i dag

Status FV 344:  Laurdag 31. jan kl 12:00

Statens Vegvesen har hatt synfaring med helikopter i område i dag. Vervarselet for komande veke med kaldt, fint ver gjer at vegvesenet opnar vegen i dag. Raset før Gullbrå vert også frest opp slik at vegen vert open heilt fram til Gullbrå.

For dei isolerte bygdene er dette godt nytt. Vegen har vore stengt sidan onsdag 21. januar."

Vegen framleis stengt

Melding frå Vaksdal kommune i dag:

"Fredag 30.januar kl 10.45: FV 344 er framleis stengt ved Brakestad

Etter ny vurdering av Statens Vegvesen i dag, er fylkesvegen framleis stengt ved Brakestad. Vegvesenet føretar ny vurdering lørdag formiddag.Det er snøvær i området og dårleg sikt. Snødekket er svært fuktig og rasfaren er framleis stor"

Veret ser ut til å bli betre frå i morgon, så då håpar ein både i Statens vegvesen, kommune og i bygda at det kan bli ei løysing med opning av veg.

Stengt veg i øvre Eksingedalen

Kva er det eigentleg som skjer i Eksingedalen. Snøras har gått på Gullbrå, men vegen er stengt ved Brakestad. I dag kom nytt snøras over fv344 mellom Nesheim og Brakestad. Me skal prøve å forklare kort korleis det heng saman. 

Kart over området (statens kartverk)

På kne i sofaen og med hovudet trykt opp i hjørna av vindaugskarmen

Ny ekstremsport tenkte du kanskje då du las overskrifta. Vel, det er slik Grete Haugen må plassera seg for å prøva å få fanga mobiltelefonsignala. Og det klarar ho av og til. Grunnen til at ho gjer dette er at det snart er tre veker sidan telefonlinja til Haugen og Fjellanger vart sliten sund av snø. Då dette hende vart dei som er knytt til linja utan telefon og internett. Og sidan det er flaksen som avgjer om mobiltelefonsignala når fram, er gardane isolert når det gjeld denne typen kommunikasjon.

Vegen stengt i kort periode ved Storesvåa på Brakestad

Foto: Magnar Nese

Etter å vore stengd på grunn av snøras frå omlag kl. 12.00 vart vegen opna for trafikk kl. 16.00. Raset gjekk i Storesvåa på Brakestad, som er ein kjend rasplass. Det har gått snøskred tre gongar tidlegare i vinter, det eine av dei nådde vegbana og stengde vegen i nokre timar tidleg i januar.

Proviant til dei isolerte eksingedølane

Vaksdal kommune sytte tysdag føremiddag for at dei som bur på Trefall, Ekse og Gullbrå fekk påfyll av mat og nødvendig utstyr. Gullbrå er no m.a. utstyrt med satelitttelefon og hjartestartar. I alt vart det tre turar for helikopteret som frakta alt frå mat og medisinar til skulebøker, drivstoff og to geologar. To geologar var i området i dag også, for å sikra seg ny bilete til å følgja med i utviklinga av dei rasfarlege områda.

 

 

Lokal snøstorm då helikopteret endeleg kom! Foto: Håkon Øvstedal

Veret var ustabilt og med varierande sikt - så det var ei stund spennande om det kom noko helikopter. Helikoteret hadde landings- og lasteplass på fotballbana ved skulen på Bergo, og dei fem elevane som i dag var på skulen fekk anleis skuletimar for å vera med på denne hendinga. 

Oppdatering stengt veg måndag 26.1 kl 16

Vegen mellom Brakestad og Gullbrå ser ut til å bli stengt til torsdag - i alle fall.

Frå Vaksdal kommune si heimeside måndag 26.1 kl 14.30

"Framleis stengt veg ved Trefallstrand i øvre Eksingedalen

Fylkesveg 344 har vore stengt ved Trefallstrand sidan onsdag 21. januar grunna rasfare.
Det er og gått eit ras mellom Ekse og Gullbrå.
Søndag var straumen vekke i to timar i Eksingedalen.
Statens vegvesen vil vurdera situasjonen på ny torsdag 29. januar.

Oppdatering stengt veg sundag 25.1 kl 16.40

Framleis stengt veg pga rasfare ved Trefallstranda. Det ser ut som folket oppom Brakestad må belage seg på å hente fram meir tolmod. Ny vurdering av vegen er venta i morgon føremiddag. Kommunen arbeider tett med saka og la ut følgjande melding på si heimeside no i ettermiddag:

"Isolerte bygder i Eksingedalen

Søndag  25.01. ettermiddag  er  framleis  FV 344 stengt ved Brakestad.  Statens vegvesen vil vurdera situasjonen på ny om morgonen mandag 26.01 når det blir lyst.

Oppdatering vegstenging laurdag 24.jan kl 21.30

Vaksdal kommune la laurdag kveld ut følgjande informasjon på sine heimesider:

"Bygder i Eksingedalen isolert av ras

Laurdag ettermiddag  er  framleis  FV 344 stengt ved Brakestad.  Vegvesenet melder i kveld at det vert ny vurdering med gelog søndag morgen når det blir lyst.

Vaksdal kommune har auka beredskap og samarbeidar med naudetatane og Røde Kors om løysingar om det skulle oppstå fare for liv og helse.

Om det oppstår akutte situasjonar må innbyggarane ringe nødnummer 113 lege og  110  brann

Kommunen har sendt ut varsel via telefon og sms til innbyggarane i område.

Vaksdal kommune kan nåast på vaktelefon 959  87  632"

 

Status stengt veg

Vegen mellom Brakestad og Gullbrå har vore stengt sidan onsdag 21. jan pga rasfare. 

Status no laurdag 24.jan kl 18 er som følgjer: Vegvesenet kan informere om at det har vore geolog i området i dag. Dei observerer framleis rasfare, og vegen vil ikkje bli opna i løpet av helga. På vegvesenet sin informasjonstelefon 175 var der ingen opplysning om når neste vurdering blir gjort. 

Oppdatering stengt veg

Vegen mellom Brakestad og Gullbrå har vore stengt sidan onsdag 21.jan.

Status no laurdag 24.jan kl 18: Det har på ny vore geolog-vurdering i dag, og det er bestemt at vegen ikkje vert opna i helga. Vegvesenet (175) kan no ikkje seie kortid neste vurdering blir gjort.

Det har no kome mykje snø i vegen, slik at det er heilt uframkommeleg med bil på strekninga. Det må brøytast før ein kjem fram. Trefallsvatnet er også usikkert, slik at ein kan ikkje køyre der med snøscooter. 

Gudsteneste i Eksingedalen kyrkje

Tidspunkt: 
29. Mars 2015 - 11:00
Beskrivelse: 

Palmesøndag. Familiegudsteneste i Eksingedalen kyrkje kl. 11.00 ved sokneprest Edvard Bø.

Gudsteneste i Nesheim kyrkje

Tidspunkt: 
8. Mars 2015 - 11:00
Beskrivelse: 

Gudsteneste i Nesheim kyrkje kl. 11.00 ved sokneprest Frode Kvamsøe. Kyrkjekaffi.

Gudsteneste i Eksingedalen kyrkje

Tidspunkt: 
1. Februar 2015 - 15:00
Beskrivelse: 

Gudsteneste i Eksingedalen kyrkje kl. 15.00 ved sokneprest Frode Kvamsøe. Kyrkjekaffi. Årsmøte.

Årsmøte i Kvinne- og familielaget

Tidspunkt: 
3. Februar 2015 - 19:30
Beskrivelse: 

Stad: Eksingedalen skule

Langrennsløyper

Det er no laga langrennsløyper på Bergo og Nesheim. Oppdateringar utover vinteren kjem under Eksingedalen IL, Løypemeldingar ski. Rikeleg med snø gjev fine tilhøve for å boltra seg på ski. Løyper og terreng er tilgjengeleg for alle som ynskjer å koma seg ut. Når du ferdast i fjellet; hugs rasfaren.

 

 

Løyper på Bergo. Foto: Magnar Nese

 

Stengd veg frå Brakestad til Gullbrå

Vegen i Eksingedalen er no stengd frå Brakestad til Gullbrå. Grunnen til dette er at Storesvåa på Gullbrå rasa i føremiddag og stengde vegen i ein breidde på omlag 100 meter. Det vart då vurdert at rasfaren i Trefallstranda er så stor at vegen vart stengd ved Brakestad.

Foto: Olav Gullbrå

Vintrane varierer veldig

Denne vinteren kom snøen seint men fort. Slik oppsummerer i allefall dei som bur på Brakestad det. Frå siste veka i november til midten av januar vert hugsa som ein omtrent samanhengande nedbørsperiode. Og når mesteparten av nedbøren kjem som snø viser det att i terrenget også.

Trea har fått harde belastningar denne vinteren. Biletet er frå Korneset på Bergo.
Foto: Liv Anne Bergo

Avlyst: Sykkeltur Gullbrå-Eidslandet

Tidspunkt: 
7. Juni 2015 - 11:30
Beskrivelse: 

Sykkeltur frå Gullbrå til Eidslandet er avlyst på gunn av dårlege vermeldingar. Eksingedalen IL, turgruppa.

Skileikdag i Holo på Nesheimsfjellet

Tidspunkt: 
18. April 2015 - 13:00
Beskrivelse: 

Skileikdag i Holo på Nesheimsfjellet. Tur til Nonhaugen for dei som vil det. Eksingedalen IL, turgruppa. Turgruppa anbefalar tur til Nonhaugen først, og deltaking på skileiken etter turen.

Skitur til Kvitanosi

Tidspunkt: 
3. April 2015 - 11:00
Beskrivelse: 

Langfredagstur til Kvitanosi. Eksingedalen IL, turgruppa. Start v/ Gullbrå.

meir fisk