februar 2015

Vårtur

Tidspunkt: 
6. Juni 2015 (Hele dagen)
Beskrivelse: 

Vårtur til Hillesvåg ullvarefabrikk. Eksingedalen Kvinne- og Familielag.

Strikkekafè

Tidspunkt: 
14. April 2015 - 19:00
Beskrivelse: 

Strikkekafè i Ljosheim tysdag 14. april kl. 19.00. Liv Marion frå Garnsenteret presenterer nyheter. Eksingedalen Kvinne- og Familielag.

Basar

Tidspunkt: 
20. Mars 2015 - 19:00
Beskrivelse: 

Basar i Ljosheim fredag 20. mars kl. 19.00. Eksingedalen Kvinne- og Familielag.

Styrketrening

Tidspunkt: 
25. Mars 2015 - 20:00
Beskrivelse: 

Styrketrening på skulen på Bergo kl. 20.00. Eksingedalen IL

Friteknikkrenn på Nesheim

Tidspunkt: 
18. Mars 2015 - 19:30
Beskrivelse: 

Renn i friteknikk på Nesheim onsdag 18. mars kl. 19.30. Hugs hovudlykt. Eksingedalen IL

Styrketrening

Tidspunkt: 
11. Mars 2015 - 20:00
Beskrivelse: 

Styrketrening på skulen på Bergo kl. 20.00. Eksingedalen IL

Styrketrening

Tidspunkt: 
4. Mars 2015 - 20:00
Beskrivelse: 

Styrketrening på skulen på Bergo kl. 20.00. Eksingedalen IL

Premie må til

Når du er 7 år og har gått tur til 12 ulike stølar og 3 fjelltoppar i løpet av ein sesong, ja då har du gjort deg fortent til ein premie! Odin Flatekval er den yngste av dei 22 personane som har besøkt alle postane til Eksingedalen IL i 2014. Premien er eit krus med bilete frå ein av postane, i år Brakestadstølen.

Odin Flatekval med fjelltrim-premie.                            (Foto: Øyvind Flatekval)

Styrketrening

Tidspunkt: 
18. Februar 2015 - 20:00
Beskrivelse: 

Styrketrening på Eksingedalen skule kl. 20.00. Eksingedalen IL

Engasjerte Eksingedølar om kommuneframtida

Omlag 40 møtte  fram på informasjonsmøtet om ny kommunestruktur i Eksingedalen tysdag 10.februar. Dette viser at engasjementet og interessa for kvar Eksingedalen skal høyra til i framtida er stor. Ordførar Eirik Haga og Rådmann Trine Grønbeck er på rundreise i bygdene i Vaksdal for å informera om kommunereforma, og har no gjennomført same type folkemøte i alle bygdene i Vaksdal. 

Både rådmannen og ordføraren var grundige i sine forklaringar, og folket lytta! Foto:LivABergo

Årssamling i Vaksdal og Modalen Produsentlag

Tidspunkt: 
25. Februar 2015 - 11:00
Beskrivelse: 

Årssamling i Vaksdal og Modalen Produsentlag på Mobryggja onsdag 25. februar kl. 11.00

Møte hjå Inger og Yngve Lavik

Tidspunkt: 
27. Februar 2015 - 16:00
Beskrivelse: 

Reidun Skurtveit frå Nordhordland Indremisjon held møte hjå Inger og Yngve Lavik fredag 27. februar kl. 16.00

Møte i Nesheim kyrkje

Tidspunkt: 
26. Februar 2015 - 19:00
Beskrivelse: 

Reidun Skurtveit frå Nordhordland Indremisjon held møte i Nesheim kyrkje torsdag 26. februar kl. 19.00

Årsmøte og bingo i Ljoheim

Husastyret i Ljosheim inviterer til årsmøte for ungdomshuset fredag 13.februar kl 19.30. Etter årsmøtet vert det både matservering og tre omgongar med BINGO! Fine vinstar, lovar husastyret!

Nytt ras på Gullbrå, veg stengt ved Brakestad

Mellom kl 21 laurdag kveld og 09.00 sundag morgon har det gått ras som sperrar fv 344 på Gullbrå. Dette er i rasløpet "Langaskredo", ca 300 meter lengre inn i dalen enn der ras gjekk 21. januar (Storasvåa). Fleire medier har kome med feilaktige opplysningar om ras og vegsperring i dag, me skal difor prøve oppklare litt her.

Raset som har gått i dag, 8.febr ( sannsynleg rasløp markert med piler (forbehald pga dårleg sikt))

Skileik

Skileikdagen søndag vart avlyst på grunn av ras og vegstenging. Naturen spelar ikkje på lag med oss nett no. Men skigruppa kjem sterkt tilbake. Ny dato kjem til å verta sett opp. Me må jo bruka snøen når den først har kome i så store mengeder som i år, heiter det frå arrangørane.

Framtidig kommunestruktur

Vaksdal kommune heldt folkemøte på Eksingedalen skule tysdag 10.februar kl 19.00. Dette er eitt av Vaksdal kommune sine sju folkemøte som vert arrangert rundt i bygdene i januar og februar. I tillegg til desse bygdamøta skal kommunen halda eit møte med næringslivet og eit møte med lag og organisasjonar.

I innbydinga står det ar målet med møta er todelt:
1. Å gje innbyggjarane kunnskap om reformen.
2.Å få kunnskap om kva innbyggjarane meiner om kommunestruktur og tilhøyrigheit.

PÅSKEBINGO

Tidspunkt: 
2. April 2015 - 19:30
Beskrivelse: 

Bingo på Eksingedalen skule kl. 19.30. Fire omgangar, kaffipause. Eksingedalen IL.

Skileikdag i Myrkdalen

Tidspunkt: 
12. April 2015 - 11:00
Beskrivelse: 

Me reiser til Myrkdalen og avsluttar skisesongen med skileikdag. Eksingedalen IL, skigruppa.

Vaksdalsmeisterskap i langrenn, fri teknikk

Tidspunkt: 
21. Mars 2015 - 12:00
Beskrivelse: 

VM i langrenn, fri teknikk på Bergo laurdag 21. mars kl. 12.00. Eksingedalen IL, skigruppa.

Lagsmeisterskap i Eksingedalen IL

Tidspunkt: 
15. Mars 2015 - 13:00
Beskrivelse: 

Ope lagsmeisterskap i langrenn på Bergo søndag 15. mars kl. 12.00. Rennet år i klassisk stil. Kiosk, premieutdeling. Eksingedalen IL skigruppa.

Skileikdag på Nesheim

Tidspunkt: 
8. Februar 2015 - 13:00
Beskrivelse: 

Skileikdag på Nesheim søndag 8. februar kl. 13.00. Eksingedalen IL, skigruppa.

"Kom deg ut-dagen" 1.februar

"Kom deg ut på tur!" oppmodar Turistforeninga. Foto: LivA Bergo

Den Norske Turistforeninga sin nasjonale turdag "Kom deg ut-dagen"  fekk kanskje ei anna meining for dei 28 Eksingedølane som har vore stengte bak vegbom, rasfare og ras siste 10 dagane.  

Uansett; Turistforeninga oppmodar alle til å komma seg ut på tur og oppleva gleda over å vera ute i aktivitet! 2015 er også Friluftslivets år. Eksingedalen har mykje å by på i så måte. Sola er på veg attende til dalen, og der sola ikkje er komme til gardane enno er det berre få høgdemeter ut av vegen for å komma i sol og nydeleg vinterterreng. 

 

Ikkje lov å skriva Eksingadalen lenger

Sist året har Vaksdal kommune arbeidd med å  utstyra vegar, hus og folk med presis adresse. Ei av følgjene av dette er at det ikkje lenger er tillate å skriva Eksingadalen. No heiter det Eksingedalen – med e.

Nye namn på vegar og stader i Eksingedalen har vore på programmet i Vaksdal kommune i 2014, heilt fram til hausten som var. Etter innspel frå kommunen har Statens Kartverk følgt opp, med å fatta vedtak i tråd med kommunen sine ønskjer.

Det er Statens Kartverk som står bak og driv den retningsgjevande karttenest på nettet. På nettadressa ”norgeskart.no” kan me allereie sjå resultatet.

meir fisk