mars 2015

Retro Skidag

Tidspunkt: 
2. April 2015 - 12:00
Beskrivelse: 

Retro skidag i Hola på Nesheimsfjellet. Alle velkomne!

Status for utbygginga av mobilnettet

Einingsleiar Samfunnsutvikling i Vaksdal kommune, Willy-André Gjesdal melder denne veka følgjande om status for utbygging av mobilnettet i Eksingedalen og området Grøsvik – Toskedal:  

"I Hordaland fylke har Telenor utfordringar med entreprenørkapasitet. Det er gjennomført møte med leiinga hjå entreprenørar og dekningsdirektør i Telenor"

Årsmøte i Øvre Eksingedalen Maskinlag

Tidspunkt: 
26. Mars 2015 - 19:00
Beskrivelse: 

Årsmøte i Øvre Eksingedalen Maskinlag på Eksingedalen skule kl. 19.00

Dugnad utsett

Tidspunkt: 
9. Mai 2015 - 10:00
Beskrivelse: 

Det er for mykje snø til å gjennomføra dugnad. Ny dato vert kunngjort seinare.

Styret i Eksingedalen IL

Vaksdalsmeisterskap i vakkert vintervèr

Dei elleve deltakarane i VM-langrennet fekk fint ver, bra løyper og velfortente premiar i det første fristilsmeisterskapet i kommunen. Arrangøren er sjølvsagt skuffa over at deltakinga var så låg, men det la ikkje nokon dempar på humøret til dei frammøtte. Både dei som gjekk klassisk og dei som skøyta hadde gnistrande føre.

Snøras på Gullbrå

Dette er resten av raset "Storasvåa" som stengte bygda inne i januar 2015.

Etter dette raset gjekk 21. jan, vart ein del snø liggjande att på svaberget. Dette kom altså ned no 18.mars. Sakte og forsiktig, gjennom skog og hei. Og ingenting hamna i vegen. 

På skirenn med hovudlykt

Då lysløypetrasèen på Bergo var full i sand flytta skigruppa rennet til Nesheim, der løparane måtte sørga for å bera med seg lys for å koma seg rundt løypa. Og frammøtet var supert, av både unge og vaksne.

Basar i Ljosheim

Eksingedalen kvinne- og familielag inviterer fredagskveld, den 20.mars, til basar i grendahuset Ljosheim på Flatekval. Her vert det godt gammaldags åresal med mange fine gevinstar - og det vert trekkjing av loddbøkene.
Aller først denne kvelden er det eiga "barnetrekkjing", der alle er sikra gevisnt!
Kaffi, kaker og saft vert det også, lovar kvinne- og familielaget!

Ope vaksdalsmeisterskap

Laurdag er det klart for vaksdalsmeisterskap i langrenn på Nesheim i Eksingedalen, denne gongen i fri teknikk. Det betyr at det er lov både å skøyta og å gå klassisk. I invitasjonen står det at rennet går på Bergo, men etter at den var sendt ut er det bestemt at rennet skal gå på Nesheim. Eksingedalen IL har kalla rennet for vaksdalsmeisterskap, men rennet er ope for alle som vil delta.

Pressemelding

Møte i Nesheim kyrkje

Tidspunkt: 
26. Mars 2015 - 15:30
Beskrivelse: 

Møte i Nesheim kyrkje ved Audun Hjelvik, Nordhordland Indremsjon, kl. 19.00

«Vurderer å leggja opp»

I sin beste alder kjem Nils L Nesheim med dette utsagnet etter å ha gjennomført årets lagsmeisterskap i langrenn på heimebøen på Nesheim. Den spreke pensjonisten gjennomførte sine 7,5 km i fin stil, og kom inn som lagsmeister i klassen.

Nils med startnummer for siste gong?                                                Foto: F. Gullbrå

Vegmøte om rassikring, stenging og rydding

Det har vore mykje vèr i vinter. Trefall, Ekse og Gullbrå har vore innestengt på grunn av ras og rasfare i fleire periodar, på det meste 11 dagar. Ved fleire tilfelle utanom dette har fylkesveg 344 i Eksingedalen vore vanskeleg framkommeleg på grunn av mangelfull brøyting, og bygdarådet har uttrykt si bekymring over dette. På bakgrunn av desse sakene hadde Vaksdal kommune innkalla til møte om saka i dag, og representantar frå kommunen, bygda, Hordaland Fylkeskommune og Statens Vegvesen var samla.

 

Handtering av ras og rasfare

Eksingedølane i møtet meinte ei stenging av vegen over så lang tid som 11 dagar er eit veldig drastisk tiltak, spesielt tatt i betraktning at her er ingen alternativ veg – me vart totalt isolerte. Samfunnsmessige konsekvensar blir store, og det gir risiko for liv og helse av andre årsaker enn ras. Det vart spelt inn fleire alternativ til full stenging, som nattestenging, overvaka kolonnekøyring mm.  Avdelingsdirektør i Statens Vegvesen, Olav Finne fortel at nye HSM krav gjer at dei no vil måtte gå til slike tiltak som vegstenging ved stor rasfare, tidlegare vart dette ikkje gjort. Dei støttar seg til råd frå sine geologar i slike tilfelle. På spørsmål om ikkje det ville vere lurt å også rådføre seg med kjentfolk i høve reell rasfare, var svaret at det kunne vere vanskeleg i ein akutt situasjon. 11 dagar burde vere nok tid til også å diskutere dette med kjentfolk, var innspelet frå samferdselssjefen. Vegvesenet tok med seg innspela frå møtet, og me håpar dei vel anna alternativ enn full stenging over fleire dagar neste gong rasfaren i Trefallstranda vert stor.

Årsmøte i Øvre Eksingedalen Grunneigarlag

Tidspunkt: 
26. Mars 2015 - 19:30
Beskrivelse: 

Årsmøte i Øvre Eksingedalen Grunneigarlag på Eksingedalen skule torsdag 26. mars kl. 19.30.

Dyktige mjølkebønder

TINE sitt produsentlag for Vaksdal og Modalen hadde årssamling på Mo onsdag 25. februar. Tre produsentar hadde gjort seg fortent til heider gjennom levering av elitemjølk gjennom fleire år. Inger Marie og Asbjørn Lavik fekk utdelt 10-årsplakett for å ha levert elitemjølk i 10 år. Det same har Haldis og Gaute Øvstedal gjort, og vart heidra med 10-årsplakett. Ann-Jorunn Farestveit fekk 5-årsplakett.
Det var godt oppmøte på årssamlinga, 70 % av leverandørane i laget sitt område deltok på møte.

Vinnarar: Haldis, Gaute, Inger Marie, Asbjørn, Ann-Jorunn. Foto: TINE

Årsmøte i bygdarådet

Tidspunkt: 
8. April 2015 - 19:30
Beskrivelse: 

Årsmøte i bygdarådet kl 19.30 på Eksingedalen skule. Ope for alle innbyggjarar i Eksingedalen.

meir fisk