november 2015

Førjolstreff i Ljosheim

Kvinne- og familielaget inviterer små og store til tradisjonelt førjolstreff i Ljosheim laurdag 12.desember kl 11 - 15. 
For dei yngste vert det nisseverkstad, baking av kakemenn, peparkaker og lussekattar - medan dei vaksne kan nytta høvet til å laga dekorasjonar eller kransar til jol. 

Kl 13 vert det servert risgraut, jolekaker, saft og kaffi.

Frå joleverkstaden desember 2013

Avlyst møte

Bibelskulen på Bildøy avlyser planlagt møte i Nesheim kyrkje laurdag 28. november. Grunnen er dei store nedbørsmengdene som er meldt.

Førjolskveld på låven

Tidspunkt: 
15. Desember 2015 - 19:30
Beskrivelse: 

Anna og LivAnne inviterer til førjolskveld på låven!
Enkel servering, kaffi og gløgg.
Ta gjerne med handarbeid!

Joleverkstad i Ljosheim

Tidspunkt: 
12. Desember 2015 - 11:00
Beskrivelse: 

Joleverkstad frå kl 11-15

Kafe med laurdagsgraut frå klokka 13

Alle er velkomne!

Kvinne- og familielaget

Sikringsarbeidet godt i gang

Sikringsarbeidet etter raset i Nesheimslia er godt i gang, og etter første veka ser det slik ut. Laus stein er fjerna og bolting er ferdig i det øverste partiet.

 

Siste nytt om mobilutbygging

Ny 4G sendar er idriftsett på Bindingsbø i slutten av oktober.

For det vidare arbeidet med utbygging av mobildekning i Eksingedalen får me i dag følgjande referat frå siste møte mellomTelenor og kommunen:

Høvik/Vetlejord:
•   Planlagt idriftsett i slutten av november 2015.

Lavik:
•       Møte med Motorola og Nødnett gjennomført  27.oktober.

•       Avklaringer om innplasseringer jobbes med mellom tekniske enheter i Motorola og Telenor Norge.

•       Nytt statusmøte avtalt 11. desember.

Ny video: Eksingedalen - Ei perle i Hordaland

Haustfest med liv og latter

Dølalaget arrangerte haustfest på Ljosheim fyrste laurdagskveld i november. Variert program og feststemte folk gjorde kvelden til ein suksess

Musikk og moro

Synfaring i Trefallstranda

Vegvesenet inviterte i oktober bygdafolk og kommunen til å vere med å vurdere kva tiltak som kan gjere vegen langs Trefallstranda tryggare. Kanskje litt rettare og breiare vegbane langs stranda i alle fall vil gjere det raskare å passere her. Referat frå møtet kom i dag: 

Trefallstranda vinter 2015. Litt smalt                                                 Foto: F. Gullbrå

 

Villreinplan på høyring

Framlegg til interkommunal kommunedelplan for Fjellheimen villreinområde er lagt ut til offentleg ettersyn. 

Kommunane Vik, Aurland, Høyanger, Modalen, Vaksdal og Voss har i fellesskap utarbeidd framlegget til interkommunal kommunedelplan for Fjellheimen villreinområde.

Formålet med planarbeidet er å sikra villreinstamma gode levevilkår i eit langsiktig perspektiv. Planframlegget inneheld føresegner og retningsliner for arealforvaltninga av området.

Høyringsdokumenta er å finne på Vaksdal kommune sine heimesider:
 
 
Uttalar/merknader til planframlegget skal sendast til Vaksdal kommune, Konsul Jebsensgt. 16, 5722 Dalekvam, eller post@vaksdal.kommune.no, innan 11. desember 2015.

meir fisk