februar 2016

Årsmøte i bygdarådet

Tidspunkt: 
7. April 2016 - 19:30
Beskrivelse: 

Årsmøte i Eksingedalen Bygdaråd.

Vanlege årsmøte saker, diskusjon om kva som er viktig for Eksingedalen framover. Kaffi og noko å bite i. Håpar mange vil møte fram.

Ope meisterskap i langrenn i Eksingedalen

Eksingedalen IL ynskjer alle som vil gå langrenn velkomne til Nesheim i Eksingedalen 12. mars. Då vert det arrangert Vaksdalsmeisterskap i langrenn, fri teknikk. Sjølv om det heiter Vaksdalsmeisterkap er det ope for alle som vil delta. Sjå innbyding under.

STRIKKEKAFÉ i Ljosheim på Kvinnedagen

Ekstra informasjon dersom du vil prøva MØBIUS STRIKK:
Ta med ein rundpinne 80 cm, tjukn etter kva garn du har og vil strikka av.
Liv Marion tek med pinnar nr 5, 5,5 og 6 - og noko garn som er passande til dette. Så høve til å kjøpa hjå Liv Marion om du ikkje har
.

Basar i Ljosheim

Tidspunkt: 
8. April 2016 - 19:00
Beskrivelse: 

Basar i Ljosheim fredag 8. april kl. 19.00. Eksingedalen Kvinne- og Familielag.

Strikkekafe i Ljosheim

Tidspunkt: 
8. Mars 2016 - 19:00
Beskrivelse: 

Strikkekafè iLjosheim tysdag 8. mars kl. 19.00 Liv Marion frp Garnsenteret på Voss vert med. Eksingedalen Kvinne- og Familielag

Lukkast ikkje med å løysa ut snøskred

Trefall 25. februar kl. 10.45

Første smell er utløyst. Det danna seg ei lita sprekke i snøen, men det blei ikkje utløyst skred slik ein håpa på. Heller ikkje dei andre forsøka lukkast.

Talentpris til Kari Bergo

Kari Bergo fekk tildelt ”Mary Kay Sullivan talentpris” på Vintertreffet på Vaksdal sist helg.
Juryen hadde dette året valt ut Kari. Stian Jordalen og firmaet hans, Dale  Trafikksenter, står bak prisen. Forutan heider og ære er det ein sjekk på 5 000 kr.

Trefallstranda opna

Tysdag 23. februar kl. 15.00 vart vegen mellom Brakestad og Gullbrå opna for trafikk.

Kyndelsmesse og persok

Ein eksingedøl sa ein gong at kyndelsmesse-dokka kjem når den kjem. Ei dokk er eit kraftig snøfall, og det har me hatt dei siste dagane. Kyndelsmesse er i følge primstaven 2. februar, så snøfallet dei siste dagane bomma med 18 - 20 dagar til å bli kalla kyndelsmesse-dokk. Forklaringa til teiknet på primstaven er slik. 

Ras i Trefallstranda stengjer vegen i Eksingedalen

Eit ras i Trefallstranda mellom Brakestad og Trefall stengjer vegen i Eksingedalen. Trefall, Ekse og Gullbrå er difor isolert. Det har kome om lag 1 meter med tørr nysnø dei tre siste dagane, og  rasfaren er betydeleg, kan ein sjå på yr.no sine sider. Dette står å lesa i "Hordaland"
http://www.avisa-hordaland.no/nyhende/35-personar-isolerte-av-snskred

Årssamling i Vaksdal og Modalen produsentlag, TINE

Tidspunkt: 
3. Mars 2016 - 11:00
Beskrivelse: 

Årssamling i TINE Vaksdal og Modalen produsentlag i Ljosheim torsdag 3. mars kl. 11.00

Friluftslivgruppa overnattar ute

Tidspunkt: 
4. Mars 2016 - 17:30
Beskrivelse: 

Overnatting ute!

Drama i lysløypa

Håkon og gamlingen.

Strålande skirenn i sol!

Første pulje klar for start i Eksingedalen IL sitt lagsmeisterskap

Flotte løyper og varmande sol skapte god ramme omkring Eksingedalen IL sitt lagsmeisterskap. Det var mange blide andlet og muntre kommentarar -  og mykje skryt for dei flotte løypene på "Nesheim Stadion". Yngste deltakar var under to år - og gjennomførte med glans. Det gjorde også alle andre startarar. Etter rennet var det varm saft og kiosk.  Premien var ein gullpokal! Alle i kaffialder fekk seg kaffi - av den passande sorten for dette høvet: "Ever good" . Stor skiglede i Eksingedalen denne flotte laurdagen.

Resultatliste lagsmeisterskap langrenn

Sol og kaldt vinterver møtte deltakarane på Nesheim. Skarpt føre og gode spor gjorde at to av løparane valde å staka løpet på glatte ski. Elles var skareklister beste festesmørningen. 

Møte i Nesheim kyrkje

Tidspunkt: 
29. April 2016 - 20:00
Beskrivelse: 

Møte I Nesheim kyrkje fredag 29. april kl. 20.00. Arvid Larsen og Leiv Nesheim frå Nordhordland Indremisjon deltek.

Møte hjå Inger og Yngve Lavik

Tidspunkt: 
23. Februar 2016 - 20:00
Beskrivelse: 

Møte hjå Inger og Yngve Lavik tysdag 23. februar kl. 20.00. Leiv Nesheim frå Nordhordland Indremisjon deltek.

Årsmøte i Kvinne-og familielaget

Tidspunkt: 
14. Februar 2016 - 19:30
Beskrivelse: 

på Ekingedalen skule

Lagsmeisterskap i langrenn førstkomande laurdag

Det første skirennet går av stabelen laurdag 13. februar. Dette rennet er lagsmeisterskap for Eksingedalen IL, men er ope for deltaking for alle som vil gå skirenn. Rennet går i klassisk stil i løypene på Nesheim. Løypene er i år preparert med traktor og Skjeldalsfres og er faste og stødige. For dei som treng godt feste for stavane er dette ei god nyhet. 
Når rennet er ferdig blir det kiosk og premieutdeling. Blir det fint ver skjer dette på Nesheim, elles flyttar me til Bergo og skulen med dette, er meldinga frå skigruppa i Eksingedalen IL.

meir fisk