mars 2016

Årsmøte i bygdarådet - med endeleg sakliste

ÅRSMØTE I EKSINGEDALEN BYGDARÅD

Torsdag 7.april 2016 kl 19.30 på Eksingedalen skule 

Alle over 16 år som er folkeregistrerte i Eksingedalen har møterett og stemmerett ved årsmøtet.

Endeleg sakliste:

1.   Godkjenning av innkalling og sakliste

2.   Val av møteleiar og skrivar

3.   Gjennomgang av årsmelding for 2015

4.   Rekneskap for 2015

5.   Val av arbeidsstyre ( noverande arbeidsstyre er: Evelyn Gullbrå, Frøydis Gullbrå, Jon Trefall)

6.   Drøfting av Bygdarådet sine moglege arbeidsoppgåver

7.   Møteplassar for folk - på tvers av alder, buplass og interesser. Kva vil me ha?

8.   Kommunestruktur. Skal me i Eksingedalen følgje resten av Vaksdal mot Bergen om der blir samanslåing, eller skal me arbeide for andre alternativ?

Eidsland Grendalag har no gitt uttale til høyringsnotat Modalen kommune har sendt ut. Dei ynskjer i framtida å verte ein del av Modalen kommune, evt saman med ein større nordhordlandskommune. Arbeidsstyret i bygdarådet føreslår at det i møtet blir stemt over tre alternativ:

-Me arbeider for at Eksingedalen skal følgje resten av Vaksdal (unngå oppsplitting av kommunen)

-Me gir innspel på at Eksingedalen ynskjer å bli del av Modalen kommune, på same måte som Eidslandet har gjort

-Me arbeider for at Eksingedalen skal bli del av Voss kommune

Her treng me debatt og alle synspunkt må kome fram. Vårt framlegg er at dersom det blir over 2/3 fleirtal for eitt forslag kan styret i bygdarådet arbeide vidare med dette.

9.   I 2016 går konsesjonsvilkåra for Eksingedalsvassdraget ut, og skal fornyast. Dette gir oss ein anledning til å gje innspel som kan ivareta allmenn-interesser i dalen. Det kan medføre positive tiltak og gode ringverknader for bygdene våre. Orientering.

Årsmelding 2015-2016

Årsmelding for Eksingedalen Bygdaråd 2015-mars 2016

 

Årsmøte for 2014 vart halde 8.4.2015. Etter nye vedtekter frå 2014, har alle folkeregistrerte i Eksingedalen over 16 år møterett og stemmerett ved årsmøte.

Arbeidsstyret har dette året vore slik samansett: Frøydis Gullbrå (leiar), Evelyn Gullbrå, Jon Trefall.

Det har i 2015 vore arbeidd med desse sakene:

Halde fram med følgjande faste saker for bygdarådet:

Langløp på ski påskeafta

Det vart arrangert langløp på ski, både klassisk og skøyting, på Nesheim påskeafta. Mildver og vind prega løpet. For dei som gjekk klassisk var det gode forhold. Dei som gjekk skøyting fekk ei tøffare oppgåve, då det vart bløtt i traseen, Vind og lause forhold gjorde løpet til ein kraftprøve. Alle gjekk ikkje like langt, det var valfri løypelengd, med øvre grense på 3 mil.

Styrketrening og volleyball

Tidspunkt: 
6. April 2016 - 20:00
Beskrivelse: 

Styrketrening og volleyball på Eksingedalen skule kl. 20.00. Eksingedalen IL

Styrketrening og volleyball

Tidspunkt: 
30. Mars 2016 - 20:00
Beskrivelse: 

Styrketrening og volleyball på Eksingedalen skule kl. 20.00. Eksingedalen IL

"Langfredags-Tur"

Vermeldingane førte til at den tradisjonelle langturen til Kvitanosi vart avlyst. I staden vart det sett opp ein kortare tur i enklare terreng, til Eksestølen. 24 møtte opp på Ekse i 11-tida fredagesføremiddagen, og gjekk i snøver oppover mot stølen.

Framme på stølen hadde dei raskaste spadd opp flotte benkar til til sitjeplassar for heile turfølgjet.   

"Skjærtorsdags-Bingo"

Tradisjonen tru var gymsalen på skulen godt fylt opp av forventningsfulle bingospelarar torsdagskvelden i påska. Foto: LivABergo

3-mil

Tidspunkt: 
26. Mars 2016 - 11:00
Beskrivelse: 

Det blir arrangert 3-mil i løypene på Nesheim laurdag 26. mars kl. 11.00. Fellesstart. Løparane er ansvarlege for å ha med drikke og mat/energipåfyll til rennet. Mogeleg å gå kortare enn 3 mil. 

Full aktivitet i påska

Når påska kjem, fyllest Eksingedalen med utflytta døler, hyttefolk og andre ferierande. Snøen ligg innnbydande, og det går ikkje mange påskedagar før der er spor av ski og moro nær sagt overalt - og uavhengig av vèr. Det er også tid for tradisjonar. På Gullbrå var det tid for tradisjonelt påskeskirenn torsdagen.

Full innsats ved standplass.fv Torstein Gullbrå, Jan-Olav Hilleren og Svein A Tollefsen

Idrettslaget har fellestur til Eksestølen i staden for Kvitanosi

Turgruppa avlyser fellestur til Kvitanosi langfredag på grunn av dårlege vermeldingar. I staden vert det tur til Eksestølen, med start frå Ekse kl 11. Frå Eksestølen er det mellom anna mogeleg å gå vidare til Nesheimstølen for dei som ynskjer det. Eksestølen er ein lett tur som passar for alle.

Påskearrangement i Eksingedalen

Eksingedalen IL står for to gode "påsketradisjoner":
Torsdag kl 19.30 er det PÅSKEBINGO på skulen på Bergo
Fredag er det plan om fellestur til KVITANOSI. Start frå Gullbrå kl 11. Vermeldingane for fredag er tidleg i veka ikkje så gode. Turen kan bli avlyst i dårleg vêr. Dette vert opplyst om på Bingoen, følg elles med på www.eksingedalen.no for opplysning om dette.

Skitur til Nonhaugen og sosial dag i "Hola"

Tidspunkt: 
10. April 2016 - 12:30
Beskrivelse: 

frå kl 12.
Skitur til Nonhaugen, sosialt i "Hola" etterpå!
Turgruppa syter for at det er bål for grilling

Årsmøte i Øvre Eksingedalen Hjortevald

Tidspunkt: 
29. Mars 2016 - 19:30
Beskrivelse: 

Årsmøte i Øvre Eksingedalen Hjortevald på Eksingedalen skule tysdag 29. mars kl. 19.30

Møte i Nesheim kyrkje

Tidspunkt: 
1. April 2016 - 20:00
Beskrivelse: 
Møte i Nesheim kyrkje
fredag 1. april kl. 20.00
Tale av Olav Eikemo frå Indremisjonen,  
Kollekt.  Velkomne

Blide trimmarar på felles søndagstur

9 turgåarar møttest på Ekse til Eksingedalen IL sin fellestur til Eksestølen. Det var vårleg i lufta, med varmegrader og litt skoddeyr. Sikta var periodevis dårleg, så alle valde vegen attende til Ekse i staden for mot Nesheimstølen.

Opp att frå Eksestølen. Alle var glade for at det var fellestur - så ein kom seg ut på ski denne søndagen også! Foto:LivABergo

God deltaking på ope VM i Eksingedalen

På rekkje og rad, klare til VM-start. Godt med ein vaksen ved sida av seg. Start nr 2, Emilie Farestveit med bestemor Anne Mari trygt i handa.

Over 30 stilte til start i ope VM (Vaksdalsmeisterskap) i friteknikk.  Det er andre gongen Eksingedalen IL arrangerer denne typen skirenn, som erstattar VM i stafett som laget stod for tidlegare. I år gjekk rennet i dei flotte løypene på Nesheim. Etterkvart vart det litt nysnø i lufta, men fin temperatur og god stemning i kiosk- og målområdet var det under heile arrangementet. Gullpokal og medaljer - og attpåtil ein sjokolade i premie var topp! Premieutdelling på skikkeleg "palle", med fillrye på.  Det ser elles ut til at konkurranse-instinktet og motivasjonen for å ta ut alle sine krefter aukar med aukande alder.  Med unnatak av eldstemann som utelukkande tel talet på mil i Nesheimsløpa. 30 mil til no i vinter.

Møbiusstrikk og triveleg samver på strikkekafe i Ljosheim

Ein triveleg kveld vart det i Ljosheim tysdag 8.mars. Strikkepinnane gjekk flittig, og mange nytta høvet til å læra seg Møbisustrikk. Liv Marion frå Garnsenteret på Voss var flink til å forklara. Møbiusstrikk er ein artig og anleis metode til å strikka sjal, der strikketøyet veks ut fram i begge endar og ein sit att med eit vridd sjaI.  tillegg synte Liv Marion fram nye strikkeoppskrifter og modellar -  og inspirerte forsamlinga til nye strikkeprosjekt! 

 

Liv Marion viser, og Veslemøy vil gjerne prøva noko nytt.                          Foto: Anna Bergo

Årsmøte i P/L Eksingedalen Bruk

Tidspunkt: 
30. Mars 2016 - 19:30
Beskrivelse: 

Årsmøte I P/L Eksingedalen Bruk på Eksingedalen skule onsdag 30. mars kl. 19.30

Årsmøte i Øvre Eksingedalen Grunneigarlag

Tidspunkt: 
11. April 2016 - 19:30
Beskrivelse: 

Årsmøte i Øvre Eksingedalen Grunneigarlag på Eksingedalen skule 11. april kl. 19.30.

Årsmøte med bingo for Husastyret i Ljosheim

Tidspunkt: 
22. April 2016 - 20:00
Beskrivelse: 

I Ljosheim

Rekordmange krus - og nytt styre

Under årsmøte i Eksingedalen idrettslag 5. mars vart det utdelt krus til dei som har gått på alle postane i fjelltrimmen gjennom ein sesong ( 12 stølar, 3 fjelltoppar). I 2015 var det rekordmange som klarte dette - heile 28 stykk. 

Premie for å ha fullført alle postar i fjelltrimmen i 2015. Nede fv: Haldis Bjotveit Øvstedal, Mari Odland Trefall, Anita Gullbrå, Helene Gullbrå Eriksen, Hanna Gullbrå Tollefsen, Vegard Gullbrå Tollefsen. 2. rekkje fv: Liv Anne Bergo, Solfrid Urke Nese, May-Britt Eriksen, Frøydis Gullbrå.  3 rekkje fv: Håkon Øvstedal, Karin Flatekval, Jomar Flatekval, Jon Trefall, Magnar Nese, Sveinung Tyssen Bergo. 

Utenatt med Anna

Friluftsgruppa hadde natt til laurdag 5. mars overnattingstur til Almane. Dei tøffaste sov heilt ute under open himmel - dei andre i lavvo.

Anna passar på at Elias Bergo har alt han treng til ei natt ute.

Anna Bergo driv friluftsgruppa for alle elevar på skulen i Eksingedalen. Denne helga hadde ho invitert dei med på friluftsovernatting. Nesten alle ville vere med på tur - og dei fekk heldigvis fint vèr.

meir fisk