august 2016

Varer og mat i rikeleg utval under MARKNADEN i Eksingedalen

Innimellom program, konkurransar og toradarmusikk kan ein frå kl 12 -16 sjå og handla ulike varer - og verkeleg kosa seg med god mat kring kafeborda. Utvalet spenner frå det lokale til det internasjonale.
Dette vert å finna i marknadsområdet laurdag:

Sal av mat:

Rømmegraut, laga og servert av Anne Margrethe
Heimalaga "kvardagsmat" frå Pøylo: korv med potet, gulrot og kålrabi
Thai-mat, laga av Nora
Indisk mat laga av Sukhjeet i Nærbutikken

"Søt kafe" med kaker og kaffi, ved Thea, Jorill og Kari

I salstelta:

16. August 2016 - 12:45

Tidspunkt: 
16. August 2016 - 12:45
Vertilhøve: 
Pent
Vannstand: 
Middels
Luft-temperatur: 
+ 21 grader
Vasstemperatur: 
+ 11 grader
Kommentar: 
En fin dag med litt svak vind. Sporadisk vaking. Vannstanden er på sakte synkende. I går to fiskere, men vet ikke noe om fangst. Værmeldingen er nå tilbake etter et ferieopphold.

Sprek start på Eksingedalsdagane

For sjuande gong arrangerer Eksingedalen IL Fagerdalsløpet. I år markerer løpet oppstarten av Eksingedalsdagane 2016, og er både for trimmarar og dei som vil springa på tid. Start er ved Fagerdalen Kraftverk og mål ved butikken på Lavik. Trimmarane byrjar kl 11og er i mål til marknadssopninga. Konkurranseklassen byrjar 11.45 - og dei raskaste i konkurransklassen vil vera i mål like etter klokka 12. 

 

Løypa startar ved Fagerdalen Kraftverk, går via Haugen og ”runden” ned att til kraftverket, så vidare til målgang ved Eksingedalen Nærbutikk på Lavik

I Fagerdalen går løpet på grusveg. Det er først stigning i vel 2 km, så vel 2 km med nedover og flatt.
Siste kilometeren, frå kraftverket til mål ved butikken,er flat og går på asfalt.

Både trim og konkurranse har same startstad, og løparane er ansvarlege for å koma seg til startstaden sjølve.

 

 

 

Løypekart for FAGERDALSLØPET


 

Rulleskitur Eidslandet - Gullbrå

Tidspunkt: 
12. August 2016 - 11:00
Beskrivelse: 

Rulleski-tur frå Eidslandet til Gullbrå fredag 12. august. Det går også fint å bruka rulleskøyter og stavar. Start  frå Eidslandet kl. 11.00. Planlagde pausar ved kalkverket på Høvik, Lavik og på Nesheim. Hugs mat og drikke + pengar dersom du skal snopa på butikkane.

meir fisk