Brunaurefiske i Eksingedalen

Kultivert fiskeområde



Ekso Villfisk  har sidan år 2000 drive eit intensivt utfiskingsarbeid.
Ved bruk av småmaska garn vert fiskebestanden tynna med ca. 12000 fisk pr. år. I tillegg til bestandstynning vert det kvart år sett ut ein del større fisk frå Ekso Villfisk sitt kultiveringsanlegg i Sødalen. Dei største fiskane bidreg  mykje til tynning av småfiskbestanden og det er no mindre behov for bestandsregulering med garn.




I  deler av elva har det vore eit aukande problem med vannvegitasjon og spesielt flotgras. Dei siste åra har dette vore eit hinder for fiske i siste halvdel av sesongen. Det er spesielt sone 3 og deler av sone 1 som grasveksten har utvikla seg mest. I 2011 vart graset i sone 3 klipt maskinelt og  planterøter i botn vart fresa med spesialutstyr. Det er eit areal på ca 175 da som vart behandla på denne måten. Sone 3 med sine store grunner frå  1 – 3 meter er eit spesielt gunstig  oppvekstområdet for fisken. Korleis fresing av botnvegitasjon vil påvirka  f.eks  døgnflueklekkinga i komande sesong  veit vi ikkje før i månadskifte mai – juni . Normalt startar klekkinga når vanntemperaturen er ca 7 grader. Hausten i 2012 vil sone 1 og deler av sone 2 bli behandla på same måten. 



Den kultiverte delen av elva er skilt ut som eige område og har eigne reglar for fiske. Gjeldande fiskereglar finn du på infotavlene til Ekso Villfisk, og i brosjyrer som du får utdelt ved kjøp av fiskekort. Vi ber alle som fiskar i kultiveringsområdet visa respekt for regelverket. Vi arbeider no med eit nytt regelverk og det kan verta ein del endringar for å beskytta fisken i nokre område. Slike endringar kan f.eks vera:


Eigen fluefiskesone og fangsbegrensningar. (her er det sone 3 som er mest aktuell etter fjerning av flotgras)


Fiske fra båt kan bli forbudt  i deler av elva (f.eks fluesone). Båt kan brukast til forflytning, men ikkje å fiska frå. Dette gjeld ikkje fiskeregulerende tiltak som Ekso Villfisk arbeider med.


Endringar må godkjennes av Grunneigarlag. Når endringar er endelig godkjent vil alle bli informert  på nettsida  www.eksingedalen.no.


 


Kultiveringsområdet er delt i fire soner og er godt skilta med sone nr, båtplassar og fiskekortsalg. Området har eigne reglar for fiske.  Hovedinfotavlene finn du ca 300 m før Flatekvalfossen og ved Nærbutikken på Lavik. Det er også tre mindre infotavler i dei enkelte soner. Ved kjøp av fiskekort i kultiveringsområdet bidreg du direkte økonomisk til arbeidet som vert gjort i elva. Du får også tilgang på gratis båt om nokon av desse er ledige. Vi disponerer i dag fem båtar. Vi gjer merksam på at det på kort varsel kan verta innført begrensningar på bruk av båt. Dette gjeld særleg i sone 3.


Bilparkering – Overnatting i telt/ Lavu


I sone 2 er det parkering for 3 – 4 bilar og eit bord m/benk på sjølve plassen. Nede ved båtplassen ( ca 100m frå parkering ) er det eit bord med tak over og det er plass til 2 telt/ lavuer. Avstand til butikk ca 2 km.



På andre sida av elva ved Nærbutikken på Lavik er det eit større tilrettelagd område. Her er det plass til 6 – 7 Lavuer og ca 10 bubilar/vogner. Plassen er bygd i to plan der den nederste delen er tilrettelagd for telt/lavuer. Område for bubilar ligg 1,5 m høgare. Plassen ligg i elvekanten og har 5 bord m/benker. Det er gangavstand til butikk (ca 200 m ), og eit enkelt utedo ligg i skogkanten ved sida av tilkomsvegen. Plassen har ikkje strømtilførsel.


Ved øvre del av sone 4 er det parkering for tre bilar og plass til 2 – 3 lavuer. Her er det eit bord m/benk. Avstand til butikk er ca 500 m.


Det er berre dei som har betalt fiskekort som kan nytta seg av telt/ lavu og parkeringsplassar. Utover dette er det inntil vidare ingen døgnavgift. Ingen av overnemde plassar har strømtilførsel. Vatn kan hentast i elva like ved.


Ny info


Vi oppdaterer til ei kvar tid nettsida på nyttig informasjon og nye reglar for fiske. Er det noko du saknar her på sida så gjev oss gjerne ei tilbakemelding.


 


 

meir fisk