Eksingedalen IL

Eksingedalen idrettslag vart starta i 1976. I 1977 var tunnelen til Modalen ferdig, og det vart oppretta stadgruppe i Modalen. Etter namnekonkurranse vart det nye namnet EMIL, som var ei forkorting for Eksingedalen-Modalen IL. Laget låg i to kommunar, og hadde difor kvar sin økonomi, difor "Stadgruppe".

I februar 2011 valde Modalen å starta eige idrettslag, Modalen IL (MIL). Så no er me tilbake til utgangspunktet i 1976. Namnet vart endra attende til Eksingedalen IL på årsmøtet 21. januar 2012.

 

Eksingedalen IL
Eksingedalen IL
Eksingedalen IL
Eksingedalen IL
Eksingedalen IL

Aktivitet i laget:

Turgruppa er ansvarlege for "Fjelltrimmen", 15 trimpostar som for  det meste ligg på stølar i dalen, men også nokre toppar, med Kvitanosi som den høgaste. Arrangerar også kveldsturar vår og haust, samt fellesturar både på ski og til fots.

Fotballgruppa er frå 2016 i "dvale" då me ikkje har nok aktive fotballspelarar i dalen. 

Friidrett har ikkje eiga gruppe, men ein kontaktperson som er ansvarleg for at det er råd å ta idrettsmerke i dalen. Denne kontaktpersonen er no Elisabeth Holth.

Skigruppa arrangerar lokale renn, samt Vaksdalsmeisterskap i fri teknikk. Skileik er hovudfokus i gruppa, men me ser sjølvsagt etter talent som kan satsa innan idretten. Har lysløype ved skulen på Bergo.

Styret for året 2017:

Anna Bergo, leiar

Sveinung Tyssen Bergo, kasserar

Aud Marit Brønstad Bergo, turgruppa

Magnar Nese, leiar skigruppa

Anita Gullbrå, styremedlem

I skigruppa: Magnar Nese (leiar), Ivar Bergo og Olav Gullbrå
I turgruppa: Liv Anne Bergo (leiar), Solfrid Urke Nese og Aud Marit Brønstad Bergo

 

LAGSSOGA for Eksingedalen IL 40 år
framført på jubileumsfesten 28.oktober 2016.
 

"Gratulera med dagen. 30 år er ikkje så lang tid, men det kan vera greit å stoppa opp og sjå tilbake og mimra litt."
Slik starta Nils L. Nesheim sitt jubileumsresymè for 10 år sidan. Me hadde då feiring i grendahuset på Ekse i samband med skiskule/overnattingstur. Og det resymèet vert lese opp i dag også, pluss frå dei ti siste åra. Me venta altså ikkje 20 år for å jubilera på nytt. Det var viktig for oss å kunna ha med oss så mange som råd av dei som var med på oppstarten av laget.

Nils tok også for seg åra før laget vart skipa. Han såg bakover på 1900-talet.
Då ser det ut til at det i periodar ar vore drive idrett i dalen, og då vinteridrett som langrenn og hopp. Så tidleg som før 1920 hadde Eksingedalen deltakarar i Landsrennet, det som seinare vart Holmenkollrennet. Anders Gullbrå som budde på Binningsbø, hevda seg godt og tok premie, trur det var damens pokal i kombinert. Han vart truleg ein inspirator for ungdomane i dalen, og i 20-åra kan her ha vore eit godt hoppmiljø i dalen. I Skarpbakken på Fosse vart det hoppa opp mot 50 meter, som var bra på den tida. Det ser ut som at dette tok slutt kring 1930. Dei neste 10 åra var det truleg lite aktivitet, men det tok seg opp under krigen då det var mange ungdom i dalen. Det var både langrenn og utforrenn, truleg i 45-46. Etter den tid reiste mestsparten av ungdomen frå delen på skule og arbeid. Skyttarlaget vart no det einaste laget som dreiv med organisert for unge og eldre.

Midt på 50-talet hadde han Aage vore ute i verda og sett at det vart spelt fotball der ute. Han prøvde å få i stand noko liknande her i dalen og. Baneforholda var ikkje dei beste, og spelet deretter «det gjekk litt i hytt og ver» i fylgje Nils, men det var no aktivitet. 60-talet hoppar me over, då hadde folk flest meir enn nok med å halda hovudet over snøen.

Det var etter at skulen på Bergo vart bygd og dalen samla til eitt rike, at idèen om eit idrettslag kom opp. Og her startar lags-soga.

Grunnlaget er møteboka til hovudstyret. Det er ikkje gått gjennom møtebøkene til gruppestyra. Det må også bemerkast at ikkje alle vedtak er ført ut i livet. Nokre vedtak er også endra undervegs.

Laget vart skipa 29.10.76. Namnet vart Eksingedalen Idrottslag. Det var 31 frammøtte på skipingsmøtet. Første styre var samansett slik:


Aage Lavik, leiar
Ragnar Trefall, kasserar
Ester Gullbrå, skrivar
Gunnar Jarle Nesheim, Bernt Bergo, Veslemøy Bergo og Marit Fjellanger var styremedlemer.

Medlemspengar vart sett til kr. 10,- for vaksne og kr. 5,- for skuleborn.
Det vart fastsett treningssamlingar ein gong i veka med Harald Døsen som leiar.
Same dag hadde styret møte og oppretta skigruppe, friidrettsgruppe og fotballgruppe. Laget vart meldt i i Hordaland skikrets, Hordaland Friidrettskrets og Norges idrettsforbund.

Medlemsvervinga gjekk greitt, 22. februar 1977 hadde laget 128 medlemar.

1976 (Aage Lavik)
På styremøte 19. desember kom Harald Døsen med ynskje om ei lita lysløype.

1977, namnet vart EMIL
Samanslåing med Modalen er komen i stand, med eiga stadgruppe for Modalen. Vaksdalsmeistarskap i skistafett, fotballen kjem i gang med kampar mot Stamnes og Modalen. Me vert representert i kontaktutval for idrett i Vaksdal kommune. Arrangert skitur frå Lavikstølen til Nygard i Modalen. Asbjørn Nese etterlyste fleire treningssamlingar med kyndige skiinstruktørar.

1978
Lysløype vart kjøpt inn for kr. 5000,- + dugnad. Lysa vart hengt opp langs telefonlina på innmark på Bergo. Laget vart tilbod om å bruka symjehallen i Modalen gratis for medlemar. God aktivitet i gruppene.

1979
80 personar på årsmøte. Innkjøp av ovetrekksdrakter med namn.

1980
Det vart valt alpingruppe med Per Ivar Nese, Gaute Lavik og Robert Gullbrå som medlemar. Laget kjøpte rulleski til utlån.

1981
Formingsgruppa på skulen hadde laga framlegg til emblem. Deltaking i dugnad for BKK i Modalen. Kr. 5200,- til vårt lag.

1982
Berre eitt styremøte dette året. Styret sette av kr. 15.000,- til skitrekk, men før pengane vert brukt skal det kallast inn til medlemsmøte.

1983
Laget dekker startkontigent for dei som deltek i turrenn. Årsmøte vedtek å byggja skitrekk i Haugen.

1984 (Bengt Eriksen)
Byggjenemnd for skitrekk vart vald. Laget betalar for løypekøyring på Bergo og Ekse. Lysløypa vert demontert.

1985 (Ester Gullbrå)
Dugnadsarbeid for BKK, kr 9000,- for vårt lag. Laget gjev kr. 2000,- til kjøp av piano på skulen. Kr. 6000,- vert løyvt til fotballbane i Modalen.

1986 (Johan J Gullbrå)
Skitrekket opnar i påsken, og er også open i nokre helger etterpå. Varmestove/kiosk er under bygging. Totalkostnad kr. 60.000,-. Me gjev tilskot på kr. 2000,- til orgel i Nesheim kyrkje.

1987 (Johan J Gullbrå)
Gav tilskot til kjøp av TV på skulen med kr. 2000,-. Samarbeidet med stadgruppa i Modalen vert teke opp.

1988 (Kåre Magnar Trefall)
Varmestova er ferdig. Ynskje om kjøp av videokamera til bruk under trening og konkurransar. Løyving kr. 20.000,-. Kjøpet vart ikkje gjennomført.

1989 (Kåre Magnar Trefall)
Samarbeidet med Modalen er eit tema som har gått igjen dei siste åra, utan at forholda vert betre ser det ut til. Løyving til Husmorlaget på kr. 2000,-.

1990 (Magnar Nese)
Spørsmål om å skaffa meir ribbevegg i gymsalen. Medlemsverving. Subsidiera kjøp av rulleski med 60% for medlemar. Utlyst konkurranse om lagsmerke/jakkeemblem. Henta inn tilbod på løypemaskin. Nye overtrekksdrakter vert kjøpt inn.

1991 (Magnar Nese)
Laget melder seg inn i Norges Fotballforbund. Sender brev til kommunen om trong for treningsbane for fotball. Det vart vald banekomitè som ser på lokalisering. Bergo, Fagerdalen og Vetlestølen vert lagt fram som alternativ. Turgruppa vert oppretta. Kjøp av trakkemaskin for kr. 54.527,-

1992 (Magnar Nese)
Laga instruks for gruppestyra, gruppene må halda minst 2 styremøte i året. Banekomitèen har bestemt seg for Bergo som plassering av fotballbana. Laga reglar for bruk av trakkemaskina. Kjøp av kassettspelar til dametrimmen. Laget vedtek to paragrafar frå ALKOKUTT. Reidar Fjellanger og Atle Bergo fekk blomar for lang og tru teneste, Reidar for 16 år og Atle for 7 år.

1993 (Magnar Nese)
Gruppene vert oppmoda om å tenkje ny aktivitet. Skitrekket ope i vinterferien. Arbeidet med planar for ballbane held fram. Medlemsverving. Skigruppa skal arbeida med planar for hoppbakke.

1994 (Magnar Nese)
Veritas stengjer skitrekket. Alpingruppa skal vurdera ulike alternativ for vidare drift. Søkjer om ny konsesjon for 10 år framover.

1995 (May-Britt Eriksen)
Held saka om fotballbana varm. Fredsmarsj. Skitrekket vert lagt «brakk», som det står i referat frå styremøte 20.06. Arbeidet med fotballbane held fram. Kostnad 1-1,5 millionar. Samanslåing av gruppene. Alpingruppa blir avvikla, dei andre uendra. Laget deler ut telefonkatalogen. Laget skriv brev til Vaksdal formannskap om ballbana som administrasjonen har stroke frå budsjettet for 1996.

1996 (Knut Furevikstrand)
Me valde å ikkje melda oss inn i turmarsjforbundet. Framlegg om å leggje ned friidrettsgruppa nedstemt på årsmøte. Laget står for TV-innsamlinga.

1997 (Kåre Magnar Trefall)
Gruppeleiarane vert innkalla til alle styremøte. Oppretta stipendordning for ungdomar som ikkje har tilbod i dalen i sin idrett. (fotball) Løyver kr. 1000,- til utstyr på skulen. Styret vedtek å betala administrasjonskostnader til leiaren med kr. 500,- i året. Turgruppa utvidar med 3 nye postar. Forslag om å selja trakkemaskina.

1998 (Kåre Magnar Trefall)
Dametrimmen vert innmeldt i gymnastikk- og turnforbundet. Friidrettsgruppa lever farleg, men blir redda i år også.

1999 (Kåre Magnar Trefall)
Løyver kr. 1000,- til feiring av tusenårsskiftet. Laget vil ikkje skipa til juletrefest, slik husmorlaget ber om. Laget vil selja trakkemaskina (kr. 4000,-)

2000 (Astrid Lavik)
Kjøper basketballkorger. Det er tankar om å akekveldar frå Haugen til Vegaskiftet. Redskapshus på ballbana vert påbegynt. Melder Dametrimmen ut av gymnastikk- og turforbundet.

2001 (Astrid Lavik)
Kjøper inn to bordtennisbord som vert plassert på skulen. Kjøper slodd til preparering av langrennsløyper (skøyting).

2002 (Jon Trefall)
Saka om ny lysløype kjem opp. Post på Haugastølen for fjelltrimmen, som no har 14 postar.

2003 (Bjørn Finne)
Arbeider med lysløypesaka. Lokalisering Haugen. Planane vert lagt fram på årsmøte. Kostnadsramme kr. 657.000,-. Saka vert utsett til ekstraordinært årsmøte. Set i gang idrettsskule for dei minste.

2004 (Bjørn Finne)
Ekstra årsmøte om lysløypesaka. Det vart vald byggenemnd som skal vurdera i detalj både Haugen og Bergo. På årsmøte seinare på året la nemnda fram sitt forslag til løysing. Bergo vart staden. Årsmøte vedtok å bruka kr. 75.000,- av laget sine midlar. Nemnda fekk utvida mandat.

2005 (Frøydis Gullbrå)
Ny plakat i butikkvindauget. Idrettsskulen held fram. Realisering av lysløypa held fram. Meldinga frå årsmøte var å «gi gass».

Her sluttar Nils si oppsummering, og han har lagt til eit etterord:
«Det vart litt springande dette, men me får ta ein grundigare analyse til 50-årsmarkeringa. Så er det no dette med å ha visjonar og å setja seg mål framover. Kva med å ha visjonen om ein eksingedøl i Holmenkollen i dette hundreåret også? Eller ein Brannspelar? Kanskje me skal vera nøgde med Vaksdalsmeistrar?

2006 (Frøydis Gullbrå)
Stor aktivitet i laget. Skiskule på Ekse første helg i februar med overnatting. Markering av 30-årsjubileum. Auka deltakong på Fjelltrimmen til turgruppa. Endring og auke i antal premiar utdelt for deltaking i denne trimmen. Støttar drifta av Ljosheim med kr. 1000,-. Denne støtten vert årleg.

2007 (Jennifer Jones)
Står for TV-innsamlinga i Eksingedalen. Økonomisk støtte til dei som tenar fotball på Voss etter søknad. Det er laga EMIL-logo som egnar seg for trykk, i år på krus som fotballpremie.

2008 (Kåre Magnar Trefall)
Kjøp av innebandykøller. Ynskje om kjøp av meir løypeprepareringsutstyr. Skøyteis har gjort at det var diskusjon om isprepareringsutstyr. Konklusjon at ikkje passar for oss. Lysløypa på Bergo opna. Laget har betalt heile gildet sjølv. Lyset går også an å bruke på fotballtrening. Nye overtrekksdrakter vert diskutert.

2009 (Kåre Magnar Tefall)
Kjøp av fotballmål, internasjonal storleik. Laget registrert i Brønnøysundregistra for å kunna motta Grasrotandelen. Kjøp av ishockeykøller. Kjøper ny sporsetjar til snøskuter.

2010 (Einar Hovda Nilsen)
Premie for å ha besøkt alle postar i Fjelltrimmen i løpet av eitt år blir eit krus med K. «Samleserie» med bilete frå postane. Startar med Kvitenosi, fortset nedover dalen.(15 postar). Vassproblem på ballbana i flaumar, kva kan gjerast?. Bana sig også. Ynskje om eitt ekstra lyspunkt på ballbana, utfordrar Vaksdal kommune. Skal me byggja klatrejungel? Fagerdalsløpet vert arrangert for første gong.

2011 (Einar Hovda Nilsen)
Nye overtrekksklede på plass, sal av reklameplass på kleda. Er medarrangør i sykkelrittet «Den Grøne Sløyfa», Evanger – Eidslandet over Nesheimsfjellet. Spørsmål om kjøp av brukt trakkemaskin. Konklusjon; kjøp meir utstyr tilpassa snøskuter. I Modalen vert stadgruppa avvikla, eige idrettslag (Modalen IL) vert starta opp. Kva no med EMIL? Volleyballkampar i Bryggjeslottet. Initiativ til idrettshall i dalen. Stikkord BKK, ny konsesjon.

2012 (Elisabeth Holth)
Einar Trefall held fram satsinga si på langrenn. Ynskjer å representera laget, me støttar økonomisk. Namnebyte, tilbake til Eksingedalen IL. Diskusjon om samanslåing av lag i dalen for å redusera antal tillitsvalde. Styret ser ikkje dette som aktuelt ut frå vår aktivitet. Kjøp av overtrekksdrakter, no med Eksingedalen IL på + reklame. Laget tek initiativ til å fremja lokale kandidatar til Vaksdal kommune sin kulturpris.

2013 (Elisabeth Holth)
Jobbar for å få Vaksdal kommune til å gjera vedlikehald på ballbana, som dei eig. Klatrejungelen vert «lagt på vent». Løyver kr. 2000,- til prosjektor og skjerm på skulen (i bruk no), løyver kr 1000,- til Kvinne- og Familielaget sin utstyrskonto til kjøkkenet på skulen. Kjøper utstyr til styrketrening på skulen til om lag kr. 20.000,-

2014 (Frøydis Gullbrå)
Bingoen er framleis ein suksess (har hatt 180 innanfor dørene på det meste). Mange med på skiturane laget arrangerer. Stipend til Einar Trefall og Håkon Øvstedal. Aukande besøk på postane i Fjelltrimmen. Tal utdelte krus ligg no på om lag 25.

2015 (Frøydis Gullbrå)
Einar Trefall deltek i NM på ski på Røros og blir intervjua av NRK. Midlertidig stopp for VM i skistafett. VM langrenn fri teknikk vert arrangert for første gong. Etterbestilling av overtrekksdrakter. Fornying av sponsoravtalane våre. Dugnad på ballbana, rydding av kvist og oppretting av gjerde. Kjøper rulleski til utlån. Laget tek på seg ansvar for heising og firing av flagg på skulen på offentlege flaggdagar. Løyver kr. 20.000,- til Bygdarådet til nye stølsinfotavler.

2016 (Elisabeth Holth)
Yogakurs på skulen. Ikkje redd for å prøva noko nytt. No heller.

Einar er nemnt her. Andre frå dalen har utøvd idretten sin i andre lag (fotball). Dan Børge, Maud Jane og Karina Høvik (Voss og Dale) Kristian Nese var innom Dale og Sogndal, Øyvind og Åsmund (Ostereidet) Anita Furevikstrand (Voss) Einar, Knut, Olav og Håvard (Voss) Elias, Jessica (Modalen), Vegard (Modalen og Voss)

Andre berre nyt det å vera ute og leika/boltra seg i naturen både sommar og vinter i uorganisert aktivitet. Eller går tur, som er det som aktiviserer flest medlemar akkurat no.

Uansett er det slik at sjølv om me har eit idrettslag som tilbyr aktivitet, er det foreldre og til tider besteforeldre som tek den største jobben. Spesielt når vekentleg aktivitet foregår utanfor dalen.  

Den jamne aktiviteten i laget er ikkje nemnd i dette samandraget. Nemnast kan: Skirenn, langrennscross, skistafett, friidrett, VM terrengstafett, alpinrenn, skiturar, fjellturar til fots, herretrim, dametrim, fellestrim, styrketrening, volleyball, fotballkampar, deltaking i fotballcupar, sykkeltur Gullbrå- Eidslandet, rulleskitur Eidslandet –Gullbrå, Fagerdalsløpet, idrettsmerkeprøvar, + vår store inntektskjelde sidan 1996 PÅSKEBINGOEN

Oversikt over leiarane i laget

1976-1983    Aage Lavik                       7 år
1984            Bengt Eriksen                  1 år
1985            Ester Gullbrå                   1 år
1986-1987    Johan J Gullbrå               2 år
1988-1989    Kåre Magnar Trefall                  2 år
1991-1994    Magnar Nese                   5 år
1995            May-Britt Eriksen             1 år
1996            Knut Furevikstrand           1 år
1997-1999    Kåre Magnar Trefall                  3 år
2000-2001    Astrid Lavik                     2 år
2002            Jon Trefall                      1 år
2003-2004   Bjørn Finne                      2 år
2005-2006   Frøydis Gullbrå                2 år
2007            Jennifer Jones                1 år
2008-2009   Kåre Magnar Trefall                  2 år
2010-2011    Einar Hovda Nilsen           2 år
2012-2013    Elisabeth Holth               2 år
2014-2015    Frøydis Gullbrå                2 år
2016-           Elisabeth Holth

Dei med fleire periodar:

Kåre Magnar Trefall, 7 år
Frøydis Gullbrå, 4 år
Elisabeth Holth, til no 3 år

meir fisk