Resultat etter 21 dagar i rugemaskin på skulen:


Stor stas med to søte små kyllingar i klasserommet!      Foto: Eksingedalen skule

OPPTUR 2017 i Eksingedalen

Første onsdagen i mai kvart år er det turdag for mange ungdommar i Hordaland. Den Norske Turistforeninga har i fleire år gjennomført OPPTUR i mai for alle 8.klassingar. For første gong var det i år eigen OPPTUR i Eksingedalen, og for alle elevane ved Eksingedalen skule.
Arrangørar var V
oss Utferdslag og Eksingedalen IL.
Gjengen på Kultatoppen.   Foto: Håvard Bergo

Ullhuer frå Eksingedalen reddar liv i Afrika

Kvinne- og familielaget har i 10 år strikka huer til nyfødde born i Afrika. Denne veka var det årleg innsamling og i alt 546 huer vart samla inn. Her er det snakk om direkte hjelp frå strikkar, via vår "lokale jordmor" til mor og barn i Malawi eller Zanzibar. Jordmor Britt Eide viste bilete og fortalde frå mor/barn prosjekta i Afrika som ho har vore involvert i, om oppbygging av fødestover og kompetanse i dei to landa. 

Fleire tusen huer er strikka i Eksingdalen og Modalen desse åra.

Folkevandringar i Eksingedalen

Fire blide jenter skin om kapp med sola på Kvitanosi.

Dette illustrerer to flotte Eksingedalsdagar, med skitur i etterlengta sol til Kvitanosi langfredag og meir enn fullsett gymsal til bingo på skulen skjærtorsdagskvelden. Eksingedalen IL er svært godt nøgde med frammøtet! Kring 180 vart talde på bingo, og jammen var nok talet endå høgare på Kvitnosturen. Fakisk snakk om rekord! Uoffisielle tal frå Gullbrå er 200 på tur!

Idrettslaget inviterer til påskebingo og tur til Kvitanosi

Eksingedalen IL har to gode påsketradisjonar: BINGO og PÅSKETUR!
Bingoen er som vanleg skjærtorsdag kveld, og fellesturen på ski går langfredag.

Kl 19.30 torsdag 13.april ynskjer laget alle velkomne til bingo i gymsalen på skulen.
Det vert som vanleg 4 omgangar bingo med kaffipause midtvegs.

Kr 20,- pr bingobrett
Kr 30,- for brus og mat / kaffi og mat

Diverre er det komme feil pris på bingobrettet på plakatane.
Hugs kontantar! Idrettslaget lovar mange fine gevinstar i år også!

Gratulera med dagen, Hege og Eksingedalen!

Klokka 10.00 fredag 7.april 2017 opna ei blid Hege Marie Lavik døra til Eksngedalen Snarkjøp As. Mange gode ord frå kundar i kø, alle glade for å ha butikk i Eksinedalen att! Butikken er helt ny, lys og triveleg - og hyllene var fulle av varer. Utvalet såg verkeleg innbydande ut!

Hege har god grunn til å smila i dag! Og i kaffikroken ventar ei nydeleg kake.

 

 

Kunde nr 1 gjennom kassa var Elias frå Eksingedalen skule som handla inn til påskekantina.

Aktivt arbeidsstyre heldt fram i Bygdarådet

Torsdag 6.april la Bygdarådet som vanleg fram ei fyldig årsmelding for årsmøtelyden. Dette året kunne ein feira at to viktige saker er i mål: Telenor leverer 4G-signal i heile Eksingedalen - og 24.mars fekk også heile dalen DABsignal.
At Bygdarådet har vore viktige pådrivarar er heilt sikkert!

Frøydis Gullbrå heldt fram som leiar av Bygrarådet. Jon Trefall og Laila Bolstad Eikefet heldt fram i styret - og med seg får dei Ole Jakob Nese som ny styremedlem.

Blid gjeng ved oppvaskbenken etter årsmøtet: Frøydis, Jon og Laila.

Blide Hege opnar butikk til påske!

Eksingedalen kan gle seg! For fredag 7.april opnar Hege Marie Lavik opp att butikken på Lavik under namnet Eksingedalen Snarkjøp. Ho kan ynskja både bygdafolk og tilreisande velkommen til påskehandel på Lavik. Butikken er heilt ny: Nytt golv, nymåla veggar, ny innreiing og ikkje minst: Ny himling med ledljos. Hege er godt nøgd. Ho har pussa opp heile butikken og husveret oppe også. Det har vore mykje arbeid, men no kjenner Hege det ekstra spennande: For snart kjem varene, og det er knappe to veker til alt er skikkeleg i gang!

- Eg gler meg veldig, seier Hege. Eg opnar fredag 7.april kl 10.00. Eg er spent på om folk kjem!

Ny video: Eksingedalen - Ei perle i Hordaland

Snøras på Gullbrå

Dette er resten av raset "Storasvåa" som stengte bygda inne i januar 2015.

Etter dette raset gjekk 21. jan, vart ein del snø liggjande att på svaberget. Dette kom altså ned no 18.mars. Sakte og forsiktig, gjennom skog og hei. Og ingenting hamna i vegen. 

Syndiker innhald
meir fisk