Årsmøte i bygdarådet - med endeleg sakliste

ÅRSMØTE I EKSINGEDALEN BYGDARÅD

Torsdag 7.april 2016 kl 19.30 på Eksingedalen skule 

Alle over 16 år som er folkeregistrerte i Eksingedalen har møterett og stemmerett ved årsmøtet.

Endeleg sakliste:

1.   Godkjenning av innkalling og sakliste

2.   Val av møteleiar og skrivar

3.   Gjennomgang av årsmelding for 2015

4.   Rekneskap for 2015

5.   Val av arbeidsstyre ( noverande arbeidsstyre er: Evelyn Gullbrå, Frøydis Gullbrå, Jon Trefall)

6.   Drøfting av Bygdarådet sine moglege arbeidsoppgåver

7.   Møteplassar for folk - på tvers av alder, buplass og interesser. Kva vil me ha?

8.   Kommunestruktur. Skal me i Eksingedalen følgje resten av Vaksdal mot Bergen om der blir samanslåing, eller skal me arbeide for andre alternativ?

Eidsland Grendalag har no gitt uttale til høyringsnotat Modalen kommune har sendt ut. Dei ynskjer i framtida å verte ein del av Modalen kommune, evt saman med ein større nordhordlandskommune. Arbeidsstyret i bygdarådet føreslår at det i møtet blir stemt over tre alternativ:

-Me arbeider for at Eksingedalen skal følgje resten av Vaksdal (unngå oppsplitting av kommunen)

-Me gir innspel på at Eksingedalen ynskjer å bli del av Modalen kommune, på same måte som Eidslandet har gjort

-Me arbeider for at Eksingedalen skal bli del av Voss kommune

Her treng me debatt og alle synspunkt må kome fram. Vårt framlegg er at dersom det blir over 2/3 fleirtal for eitt forslag kan styret i bygdarådet arbeide vidare med dette.

9.   I 2016 går konsesjonsvilkåra for Eksingedalsvassdraget ut, og skal fornyast. Dette gir oss ein anledning til å gje innspel som kan ivareta allmenn-interesser i dalen. Det kan medføre positive tiltak og gode ringverknader for bygdene våre. Orientering.

Årsmelding er lagt ut på heimesida www.eksingedalen.no under fane Bygdarådet og årsmeldingar. Det blir også lagt ein kopi på nærbutikken på Lavik.

VEL MØTT!                                                 

Arbeidsstyret i Eksingedalen Bygdaråd; Jon Trefall, Evelyn Gullbrå, Frøydis Gullbrå

meir fisk