2016 var eit aktivt turår i Eksingedalen

2 633 namn var oppførte i bøkene til idrettslaget sin FJELLTRIM for sesongen 2016. Mest besøkt i år var Brakestadstølen, med Kultatoppen og Flatekvalstølen som turmål nummer to og tre. 

På idrettslaget sitt årsmøte var det premiering, og 27 ivrige trimmarar hadde nådd målet om alle 15 postane og med det greidd kruset! Kruset er det sjuande i serien, og 11 turgåarar har alle krusa til no.

I tillegg vart dei ivrigaste premierte med gåvekort i sportsbutikk på Voss:

6-12år: Elias Bergo, 51 poeng og alle postane
13-16 år: Vegard Gullbrå Tollefsen, 78 poeng og alle postane
Vaksne: Haldis Øvstedal, 177 poeng og alle postane

Småtrolldiplom (for alle under skulealder) vart delt ut til syskentrioen på Nesheim, Heidi, Signe og Kasper.

Turgruppa gjennomførte i 2016  tre skiturar, ni fjellturar til fots og den årlege sykkelturen frå Gullbrå til Eidslandet.

Nytt program er sett opp for den kommande sesongen:
Søndag 5.februar: KOM DEG UT DAG
Søndag 19.mars: Skitur til Blånipa eller Blåvasshorgi
Langfredag, 14.april: Skitur til Kvitanosi
 

Første onsdagstur vert 24.mai, og sykkelturen vert 11.juni. Alle datoar vert å finna i kalenderen på heimesida. Følg med for endringar!

meir fisk