4826 smalabeist skal heim i frå fjella i Eksingedalen

September er tid for sauasanking. Heile 4 826 smalabeist  (sauar og lam) vart sleppte i Eksingedalsfjella i vår. I desse dagar er det slutt på sommarferien, og alle skal heim att. Med eit sankevèr utanom det vanlege, sol og sommarvarme  - vert det mange fine turar. Eksingedalsfjella om hausten kan anbefalast! Så får ein håpa at dei aller fleste av dyra vender fint heimover når dei ulike sankelaga går "manngard" i fjella!

Sankehelg og ettersanking er no gjennomført, så om turgåarar ser sau i fjellet er det fint om dei melder frå til grunneigarar i Eksingedalen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sau sett -  på framsida av Nonhaugen!   Foto: LivABergo

 

 

Sau funne og på veg heimover!

På lang, lang rekkje nedover lia.....

Og: Er du sau frå Bergo er siste etappen med båtskyss!

 

 

 

meir fisk