Adventskonsert i Nesheim kyrkje

Mange av adventstradisjonane i Eksingedalen er allereie gjennomført, både i heimane og fellesaktivitetar. Det har vore lysmesse, juleverkstad og førjulstreff med laging av pynt og dekoresjonar. Lussekattar og gløgg har vorte innteke, og på facbook blir baking av knekabrød/nekabrød (kjært barn har mange namn) vorte dokumentert. Nokon har alt klingen i boks i frysaren, andre fortel at det er ein vetlejulafta-aktivitet å få denne klar. Og julekaker er det sikkert baka mykje av også.
Ein annan tradisjon som står for døra er adventskonserten i Eksingedalen. I år er det Nesheinskyrkja som kallar bygdefolket inn til ei musikalsk førjulsstund, søndag 17. desember. Kantor James Reed har med seg elevar frå kulturskulen denne kvelden, og Nesheim sokneråd stiller med kyrkjekaffi etter at konserten er over.

meir fisk