Blide Hege opnar butikk til påske!

Eksingedalen kan gle seg! For fredag 7.april opnar Hege Marie Lavik opp att butikken på Lavik under namnet Eksingedalen Snarkjøp. Ho kan ynskja både bygdafolk og tilreisande velkommen til påskehandel på Lavik. Butikken er heilt ny: Nytt golv, nymåla veggar, ny innreiing og ikkje minst: Ny himling med ledljos. Hege er godt nøgd. Ho har pussa opp heile butikken og husveret oppe også. Det har vore mykje arbeid, men no kjenner Hege det ekstra spennande: For snart kjem varene, og det er knappe to veker til alt er skikkeleg i gang!

- Eg gler meg veldig, seier Hege. Eg opnar fredag 7.april kl 10.00. Eg er spent på om folk kjem!

I tillegg til nyoppussa lokale er også kjeda ny. Butikken på Lavik vert ein Snarkjøpbutikk.
- Snarkjøp er ei kjede for småbutikkar, og ligg utanfor Norgesgruppen. Når eg opnar er det 33 Snarkjøpbutikkar i Noreg, dei fleste på Vestlandet. Det er gode vilkår og ingen kjedeavgift i Snarkjøpkjeda. Eg føler at dei hjelper meg fram. Dei skaffa meg mentor for prosjektet som hjelper og støttar meg. Mentoren min er Gunta, som driv ein liten snarkjøpbutikk på Hellesøy. I tillegg får eg god hjelp frå Merkur, som støttar alle småbutikkane. 

Hege vil gjerne selja det folk ynskjer å finna på ein nærbutikk. Til det treng ho hjelp. Ho ynskjer innspel på varer og opningstider, vil gjerne gjera alt ho kan for at butikken skal bli slik kundane vil ha det. Framover vert butikken open kvar dag, og ho vil søkja om å få vera sundagsopen også i sommarsesongen.

Førebels er opningstidene slik:
Mandag- torsdag: 10 - 17.30
Fredag: 10 - 19
Laurdag: 10 - 14

- Eg er arbeidsnarkoman, så mykje arbeid skal gå fint! Eg har hatt opptil tre jobbar på ein gong før, seier Hege. Så får me sjå om eg treng meir hjelp etter kvart.

Hege er fødd og oppvaksen på Lavik og flyttar no heim att til Eksingedalen. Ho har budd på Voss i 6 1/2 år, og har i tillegg til å gått på vidaregåande jobba mykje i matbutikkar, bensinstasjon og på Peppes Pizza. Med seg på flyttelasset har ho nestsjefen i familien, katten Tia, og sambuaren Kawe. Desse tre har halde i lag i sambuarskap i over 6 år. Hege gler seg til å ta fatt på mykje arbeid med butikken. Ho skal denne sommaren kobla av med søndagsturar i fjellet i Eksingedalen. 

- Eg er glad i å gå i fjellet; bada, fiska, dela kvikk-lunsj med sauar. Slik finn eg ro. Favorittstaden min er Yksendalsstølen. Der har eg hatt mange fine turar og gode opplevingar.

Men, korleis vart det eigentleg kjøp av lokale og butikk for deg på Lavik?

- Eg bestemte meg aldri... Men, det starta med ein tanke som ikkje stoppa. Pappa fekk nok alt i gang (med hjelp av Mamma), og så er me komne hit. No er eg veldig glad for det!

Heile familien er engasjert i butikkdrifta og for at Hege skal får ein god start: Mor, far og tanter. Dei vaskar og skrur hyller og møblar, og hjelper til med papirarbeid og marknadsføring. Mor Liv Edith ringjer gjerne rundt og spør kva folk ynskjer å finna i hyllene. Alt frå bleier til tobakk skal vera best mogeleg tilpassa det kunden ynskjer kjøpa. Hege prøver seg fram med vareutvalet, men påpeikar at ho er heilt avhengig av tilbakemeldingar for å kunna tilpassa. Ho bed difor om både ros og konstruktiv kritikk som kan gje betre butikk. Til no har ho opplevd velvilje, støtte og god hjelp frå mange.

- I ei så lita bygd er ALLE like viktige for at butikken skal bli bra. Folk må etterspørja det dei ynskjer - og så er Hege sjefen og gjer det beste ho kan for alle. Seier Mamma Liv Edith medan ho skrur i saman kontor-skrivebordet til Hege. Hege nikkar og smiler, og oppmodar folk om å ta kontakt for bestilling av varer, tankar om vareutval / opningstider eller kva som helst som gjeld butikken.
Telefonummeret til butikken er det same som tidlegare: 56 59 58 20
E-postadressa er: eksingedalen1509@gmail.com

Og, for dei som lurar på kva 1509 er, så er det husnummertet til butikken på Lavik. Alt ligg godt til rette for god påskehandel i Eksingedalen i år!

 

meir fisk