Bygda seier ja til Modalen

Torsdag kveld vart det halde årsmøte i Eksingedalen Bygdaråd. Ei sak som engasjerte mange, var om me skulle gi innspel i kommunestruktur-debatten.

Alle eksingedøler var invitert til møtet og mange hadde møtt fram. Det vart stor diskusjon omkring saka om kommunestruktur. I følgje informasjon på Vaksdal kommune si heimeside, har Vaksdal kommune 2 alternativ dei arbeider med; vere eigen kommue som no, eller få samanslåing med Bergen og Osterøy. Ved siste alternativ ser kommunen det som aktuelt at indre strøk blir frådelt og denne delen av kommunen (innbefatta Eksingedalen) kan då enten gå mot Voss, Stor-Voss, Modalen eller Nordhordland. Kva alternativa er, vil vere klart etter at stortinget hausten 2017 har fastsett kommunestrukturen. Kanskje blir det då ny folkerøysting om desse alternativa.

Det me diskuterte i møtet, var kva stemninga no er, og om me skulle gje innspel allereie no på kva veg Eksingedalen ynskjer å gå i framtida. Me har også fått intensjonsavtalen Modalen kommune har skrive om ny stor Nordhordlandskommune på høyring.

Alle frammøtte var einige om at Eksingedalen ikkje høyrer heime i Bergen kommune. Etter diskusjonen vart det føretatt avrøysting. Folk kunne stemme over om dei ynskte at Eksingedalen skulle halde fram som del av Vaksdal kommune ( som no), om dei ynskte å arbeide for å gå mot Voss, eller om dei ynskte at dalen i framtida skulle bli del av Modalen kommune. Bygdarådet ville ha solid fleirtal for eitt alternativ for å arbeide vidare med det. 

Av 32 godkjende røystesetlar, ville ei stemme halde fram med Vaksdal som no, ei stemme ynskte å arbeide for samanslåing mot Voss, medan 30 røyster ville vere saman med Modalen i ny kommune.

Ut frå dette resultatet vil bygdarådet sende ein høyringsuttale til Modalen kommune, der ein gir uttrykk for at Eksingedalen ynskjer å gå saman med Modalen. Sjølv om ikkje alle eksingedøler her har gitt si stemme, var alle invitert og orientert om at denne saka skulle opp. Me reknar difor med at dei som hadde sterke synspunkt i saka møtte. 

Årsmøtet hadde også mange andre saker på agendaen, så mange at nokon også måtte avvente. Gjennom årsmeldinga for 2015 gjekk me gjennom kva saker som ar blitt arbeidd med dette året, og det kom innspel på kva som var viktig vidare. Saker som vil bli prioritert å arbeide med framover er vegstandard i dalen, pleie-og omsorgstenester og endring av posten sine tenester - kva verknader vil det ha for oss. Konsesjonsvilkåra for Evanger kraftverk skal fornyast i år, her kan også bygdarådet vere med å gje innspel. I tillegg arbeider me for full mobilutbygging, nettsida eksingedalen.no og fleire andre, faste saker. 

Ved valet var det fastsett nytt styre: Frøydis Gullbrå, leiar, Jon Trefall styremedlem, Laila Bolstad Eikefet, styremedlem

 

meir fisk