DAB i heile Eksingedalen?

Det er planlagt meir DAB utbygging i Eksingedalen. Dette melder NRK i dag.

I august begynte styret i Eksingedalen Bygdaråd å undersøkje DAB-dekninga i dalen. Ved å ta kontakt med NRK, fekk me opplyst at der var dekning langs fv 344, men at enkelte hol kunne førekomme. Me fekk også grei forklaring på kva utstyr som måtte til for å få inn desse nye radiosignala inn i ein bil. Desse opplysningane gjorde oss nyskjerrige. Frøydis sette mannen på saka, og fekk innkjøpt DAB-adapter til golfen - montert nøyaktig og punktleg etter oppskrift. Så sette me oss i bilen og tok spente turen gjennom dalen.  Frå Gullbrå var der ingen lyd, og stille var det heilt til me bikka Nesheim. Då kom der brått enkelte innslag av skarpt skurr. Ikkje slik vanleg suse-skurr som når FM dekninga er ustødig. Nei, dette var kraftigare saker. Men ingen fornuftig lyd før me passerte Bego. Då kom nokre nyheitglimt, innimellom dette skarpe skurret. Og slik held det fram, mest stille, litt skrurr, litt høyrbar lyd - heilt til me kom til Lavik. Då starta musikken! Og fin klar lyd. Ikkje antydning til noko form for skurr heile resten av dalen nedover. Det var nesten så me ikkje høyrde lyden av bilen heller, så bra var det.

Turen har me tatt mange gonger etter dette - med same resultat. God dekning frå Eidslandet til Lavik, enkelte glimt vidare opp til Bergo, derifrå ingen signal. Dette er omlag som dekningskartet til NRK viser.

Dette vart tilbakeformidla til NRK, og me sende også bekymring til Vaksdal kommune i september. Det vart formidla at det er viktig med radiodekning i heile dalen, då mange brukar denne når dei ferdast langs vegen. Her er også mange hytter utan internett-tilgong, og ein del fastbuande har heller ikkje tilgong på internett-radio. Via radio blir viktig informasjon formidla, både om ver, veg og andre nyheiter. Einingsleiar for samfunnssikkerheit og beredskap, Willy Andrè Gjesdal forsto umiddelbart vår bekymring og sende melding frå kommunen til NRK og medietilsynet.

Melding tilbake frå NRK kom i dag, og Vaksdal kommune opplyser på si facebook-side: 

"NRK stadfestar at dei har har motteken bekymringsmelding frå Vaksdal kommune om mangelfull dab-dekning i midtre og øvre delar av Eksingedalen.
Dei har starta prosessen med mål om å forbedre dekningen innan FM-slokking i 2017. Dei peiker på at det er knytt usikkerheit til tidspunktet for etablering."

Gode nyhender - så håpar me dei når målet dei set, og sørger for betre dekning i dalen, forhåpentleg vis til alle.

Nyttig informasjon om DAB finn du på NRK sine sider: www.radio.no

 

meir fisk