Drama i lysløypa

Håkon og gamlingen.

På startstreken i fellesstarten stod mellom andre ungdomen Håkon og ein gamling. Den unge var kjapp i starten, gamlingen hadde sin fulle hyre med å hengja på. No galdt det å få teknikken på plass, stavar og ski medverka til å få dei to fortast mogeleg fram, til mål. Enkeldans, dobbeldans, padling og svingteknikk. Alt måtte klaffa for å setja den andre på plass. Hjå det unge publikumet var det ingen tvil om kven det var som hadde mest sympati. Gamlingen måtte helst mosast skikkeleg.
Begge måtte nedpå ein tur i ein vanskeleg sving. Den fremste gjekk over ende, den andre vart dregen med i fallet. Opp igjen og vidare var målet for begge. Ungdomen fekk ei luke, men var snill og venta på gamlingen. Farten auka, og i siste stigning såg gamlingen sitt snitt til å pressa seg forbi, han var ikkje snill. I spurten var dei jamgode, men gamlingen utnytta fordelen av å koma først inn på stadion. Etter målgang låg dei begge og heiv etter pusten. Då dei kom seg på beina takka dei kvarandre for kampen.
Kvar dette gjekk for seg? Jau, i lysløypa på Bergo ein onsdagskveld i februar.

Lysløyperenn på Bergo 17. februar 2016    
             
Resultatliste          
             
  Kort runde          
  Vemund Bergo   8,25    
             
  1 runde          
  Elias Bergo     8,41    
             
  1,5 rundar          
  Silje Gullbrå     8,54    
             
  2 rundar          
1 Helene Gullbrå Eriksen   6,57    
2 Vegard Gullbrå Tollefsen   7,13    
3 Idar Gullbrå     8,50    
4 Andreas Bergo   18,44    
5 Johannes Bergo   20,54    
             
  Gutar 16 år, 6 rundar        
1 Håkon Øvstedal   14,17    
             
  Damer senior, 4 rundar        
1 Sigrid Nese     12,30    
2 Anna Bergo     14,38    
3 Aud Marit Brønstad Bergo 19,30    
             
  Menn senior, 6 rundar        
1 Magnar Nese   14,15    
2 Sveinung Tyssen Bergo   15,37    

 

meir fisk