Ein viktig møteplass der varene står perfekt!

9.klasse ved Eksingedalen skule,Vegard Gullbrå Tollefsen, Idar Gullbrå og Andreas Bergo har besøkt Hege på butikken for å sjekka ut korleis det er å driva butikk. Etter besøket leverte dei denne artikelen til Eksingedalen.no: 

Å ha ein butikk i nærleiken er alltid viktig. Ikkje berre for å få varer du treng kjappast mogeleg, men også for å møte andre folk. Difor bestemte 9.klasse på Eksingedalen skule å ta ein tur ned for å sjå korleis det er å drive ein butikk her i Eksingedalen. Det er kaldt, men stille og fint vær. Me svingar inn på parkeringsplassen, og går ut av bilen for å besøke Eksingedalen Snarkjøp, den einaste butikken i heile dalen. Me tek ein kjapp titt inn i vindauget, der det står sjokoladejulenissar fint stilt opp, og smilar mot oss. Når me går inn døra, ringjer det i kubjølla, og me vert ønskt varmt velkomen av kjøpmann Hege Marie Lavik. Det er varmt og godt i butikken, men for augeblinken er det ingen kundar der. Tek me ein kjapp titt rundt i butikken, ser me at kvar einaste vare står perfekt, og alle etikettane peikar rett utover.

Hege spør om me vil ha kaffi. Ho sit i den koselege kaffikroken og tek seg ein kopp sjølv. Me slår oss ned, og byrjar å prate. Me lurar på kvifor ho vil drive butikk på ein slik plass, og då svarar ho at ho fekk ein mogelegheit når butikken var lagt ned, og det var ingen andre som ville drive. Ho fortel også at det har vore ein draum heilt sidan barndomen å drive butikken på Lavik. Ho har også jobba på andre matbutikkar, og tatt fleire kurs om butikkdriving, så ho har erfaring frå før. Ho sa at ho rett og slett ikkje kunne sei nei når sjansen bydde seg. Det kjem eit par kundar inn døra. Dei fleste vil ha ein kopp med kaffi, og slår av ein liten prat.

Sjølv om det er ein liten butikk, er det alltid noko å gjere. Hege fortel at ein vanleg dag består av mykje rydding og vasking, og plassering av varer. I tillegg må ho ta i mot bestillingar på telefon og pakke i kasser. Når det ikkje er meir å gjere i butikken er det alltid noko kontorarbeid som må gjerast, legg ho til. «Sjølvsagt blir det kaffidrikking og prating med kundane innimellom også» smiler ho. Når ein driv butikk på ein så liten plass vert du veldig godt kjend med kundane, og mange set seg ned og slår av ein prat med Hege. Ho fortel at det er veldig sosialt sidan alle kjennar alle i dalen. Hege fortel også at ein ikkje treng noko spesiell utdanning for å starte butikk, men at det er lurt å ha erfaring for å få alt til å gå rundt. Ein må vete korleis ein bestiller varer, berekne kor mykje ein skal ha av kva, vete kva ein skal gjere for å få ferskvarene til å halde seg lengst mogeleg, sende faktura, og mykje, mykje meir. Det kjem eit par kundar til inn i butikken. Praten går lett, og kaffikanna begynnar å nærme seg tom. Hege seier at ho trivst i jobben, men at det ofte kan bli litt stille når det ikkje er kundar.

Hege fortel at den raraste opplevinga ho har hatt på butikken er når ein gut på 8-9 år prøvde å stele ein leverposteiboks. Når foreldra skulle ta ein leverposteiboks sa guten at dei hadde leverpostei. Dette forstod ikkje foreldra, sidan dei var heilt sikre på at dei ikkje hadde. Til slutt tok guten leverposteiboksen opp av lomma og sette den på plass. Kvifor han ville stele leverpostei og ikkje godteri er ikkje godt å vete.         

Hege prøvar å lage litt forskjellige hendingar på butikken for at folk kan samlast for å prate og ha det kjekt. Ho fortel at til helga, den 1. desember, skal ho ha juleopning på butikken. Då skal det tennast jolelys, og det vert servert kaffi, gløgg, peparkaker og pølser. Hege synest det er viktig å lage til nokre arrangement slik at folk frå heile dalen kan møtast, og håpar at flest mogelege kjem på fredag klokka 17.00.

    

meir fisk