Eksingedalen IL 40 år.

Noverande og tidlegare medlemer i Eksingedalen IL /EMIL er invitert til feiring på Eksingedalen skule laurdag 29. oktober i år. Dette er på dagen 40 år sidan laget vart skipa. Det skjedde også på skulen på Bergo.
Påmeldingsfrist er 15. oktober, og skal gjerast til Elisabeth Holth på telefon 56595833 eller e-post: post@haugenfjellgard.no 

Det blir servert rømmegraut og spekemat, eller pølser til dei som ynskjer det. Det blir også kaker og kaffi.


Frå eit av laget sine høgdepunkt, opninga av lysløypa på Bergo i 2008. Foto: Vaksdalposten

Til programmet treng me hjelp frå medlemane. Me ynskjer å visa idretts- og turklede frå ulike tidsepokar, også frå tida før laget si levetid. Kan du stilla inni kleda under denne programposten er det supert. Dersom ikkje, ynskjer styret å låna klede. Hugs å merkje kleda med namn. Lever kleda på skulen eller til ein av styremedlemane.
Det same gjeld bilete. Har du eit eller fleire bilete frå tilskipingar i laget sin regi, ynskjer me å bruka desse på festen. Dersom du kan digitalisera bileta sjølv kan dei sendast på e-post. Papirbilete kan leverast til Liv Anne Bergo. Hugs også her å merkja bileta.

Slik lyder meldinga frå styret i Eksingedalen IL, som er festkomitè. I styret er Elisabeth Holth, Anita Gullbrå, Liv Anne Bergo, Sveinung Tyssen Bergo og Magnar Nese

meir fisk