Elevar med høgt karaktersnitt

På skuleavslutninga på Bergo på torsdag vart undersøkingar om at små skular ikkje har høgare karaktersnitt enn store skular gjort til skamme...

10. klasse saman med Liv Anne Bergo, Sigmund Simmenes og kontaktlærar Eirik Fære

Jakop, Håkon og Magnus fekk mykje skryt for både innsats og resultat når dei no er ferdig i 10. klasse i Eksingedalen. Varaordfører Sigmung Simmenes kom med gode ord og løfte om pengar dersom dei no flytteklare elevane ville byggje eller kjøpe hus i heimkommunen. Rektor Liv Anne sparte heller ikkje på rosen og kunne sitere ein imponert sensor under munnleg eksamen.

Som vanleg fekk elevane med seg tale frå 9. klasse som kunne avsløre litt anna frå skuledagane. Susanne delte også ut diplom, der Magnus vart utnevnt til Årets villmann, Jakob til Årets førstemann og Håkon til Årets supermann. 

7. klasse viste bilete frå skuleåret og dei yngste imponerte med song og anna underhaldning.

meir fisk