Endeleg mobildekning til alle

6. desember vart endeleg masta på Lavik i Eksingedalen klar til å sende 4G signal utover Haugen, Fjellanger, Yksendalen og Lavik. Dermed har alle fastbuande i dalen fått mobildekning.

Kake må til når mobildekninga er på plass                                   Foto: F Gullbrå

Før 2010 starta bygdarådet i Eksingedalen arbeid med å detaljert kartleggje mobildekninga i dalen. Denne var då som kjent nokså spreidd og mangelfull. Det vart halde møte med Vaksdal kommune og Telenor i 2010, med mål om å få gjort noko med dette. Då midlar til mobilutbygging vart lyst ut frå Hordaland Fylkeskommune i juni 2011, vart det frå Vaksdal kommune søkt om midlar til utbygging i område utan dekning og i juli same året vart det tildelt 4,7 mill til utbygginga. Kommunen tok på seg resten av kostnaden med utbygginga. Etter fleire anbodsrundar utan at nokon la inn tilbod på jobben, gjorde kommunen til slutt avtale med Telenor, og arbeidet kom etterkvart i gong. I løpet av 2015 vart 4 sendarar i Eksingedalen sett i drift på Gullbrå, Trefall, Bindingsbø og Høvik. No i starten av desember 2016 kom altså den siste sendaren på Lavik i drift. Desse 5 nye sendarane, saman med dei 2 som var her frå før, sikrar no at alle innbyggjarane kan bruke mobilen sin heimefrå. Det har tatt tid å få dekninga på plass, og det er fleire som har arbeidd for dette, både i Eksingedalen og frå kommunen. Ein sentral person frå kommunen som har jobba jamnt og iherdig for å få framgang i arbeidet er einingsleiar for samfunnsutvikling, Willy Andrè Gjesdal.

Ein viktig milpæl er nådd, og markering vart halde i Yksendalen laurdag, med kake, kaffi og gode ord. Invitasjon vart sendt på sms.

Samling av siste pulje som har fått mobildekning i Eksingedalen           Foto: F Gullbrå

meir fisk