Førehandsval, valkafè og lokal valgransking

Vaksdal kommune gjennomfører denne veka førehandsrøysting rundt om i grendene i Vaksdal. I Eksingedalen var det mange som nytta høvet til å gje si røyst til partiet dei meiner skal styra landet dei kommande fire åra. Folk sette pris på å framleis få røysta på skulen i Eksingedalen. Dei tre gutane i 9.klasse sytte for servering, og valkafè var populært. Mange tok seg riktig god tid med kaffi og kaker og fekk prata med naboar og sambydingar.

Ettermiddagsskule for blide 9.klassingar, som i tillegg til å ha kafè også gjennomførte lokal valgransking som dei skal jobba vidare med i samfunnsfagstimane.

I vallokalet tok Tove Bruvik Erdal og Sølvi Lergård seg av førehandsrøystinga.

Og etterpå vart det god servering og hyppig påfyll av kaffi!  

meir fisk