Fin tur avslutta ei god Eksingdalshelg

Ein fin gjeng møttest på Smalastølen og traska lia opp til Flatekvalstølen søndag. Godsnakking med "Gompetrollet", nokre seigmenn og litt sjokolade måtte til - og så kom alle seg godt til støls.

Sigrid var god og interessant historieforteljar under matpausen på stølsvollen. 

Etterpå gjekk omlag halve turfølgjet oppover til murane i Muradalen, vidare til Nipevatnet og ned att forbi Lavikstølen til Haugen. Ein turdag med fint ver og sol set me ekstra pris på denne sommaren.

 
 
Oppmurte trapper, spor etter reitleveg for ferdafolk over fjellet før i tida.
 
 
Stølskaffien til Jomar smakte ekstra godt då den vart servert på murane i Muradalen! 
 
Blide Elias med mamma Aud Marit på høgaste punktet. Herifrå går det nedover heilt til Haugen.

Takk for ein trivelg turdag og ei strålande Eksingedalshelg!
Alle foto: Liv Anne Bergo
meir fisk