Folkevandringar i Eksingedalen

Fire blide jenter skin om kapp med sola på Kvitanosi.

Dette illustrerer to flotte Eksingedalsdagar, med skitur i etterlengta sol til Kvitanosi langfredag og meir enn fullsett gymsal til bingo på skulen skjærtorsdagskvelden. Eksingedalen IL er svært godt nøgde med frammøtet! Kring 180 vart talde på bingo, og jammen var nok talet endå høgare på Kvitnosturen. Fakisk snakk om rekord! Uoffisielle tal frå Gullbrå er 200 på tur!

Kvitanosi i sikte, uendeleg med vakkert landskap!

Som perler på ei snor vandra folket til topps på Kvitanosi, 1433 moh.

Omlag vindstilt på toppen, det var berre å nyta nista, utsikt og godt selskap!

Eit glimt frå bingoen, konsentrasjon og spenning! Folketalet i Eksingedalen er fleirdobla desse påskedagane.

Bingotrilling og tørre bingovitsar, alt som vanleg!

meir fisk