Framtidig drift av butikken på Lavik kanskje sikra

Eksingedalen Eigedom AS tilbyr Hege Marie Lavik å kjøpe butikkbygget på Lavik.

Under den ekstraordinære generalforsamlinga som vart halde 30. september vart det fleirtal for å tilby Hege å kjøpa heile bygget for kr. 50.000,-. Grunnen til at generalforsamlinga valde denne løysinga var planane for vidare butikkdrift som vart lagt fram. 
- Det viktigaste for dalen er at det framleis skal vera butikk her, sa fleire av dei frammøtte. 

Dersom salet vert ein realitet, er det ikkje behov for Eksingedalen Eigedom AS lenger. Selskapet, som i starten heitte Eksingedalen Sameiga har heile tida hatt som mål at det skulle vera butikk i bygget på Lavik. Etter å ha vore eigar av bygget sidan COOP la ned drifta, er det no tid for endringar. 

meir fisk