Full aktivitet i påska

Når påska kjem, fyllest Eksingedalen med utflytta døler, hyttefolk og andre ferierande. Snøen ligg innnbydande, og det går ikkje mange påskedagar før der er spor av ski og moro nær sagt overalt - og uavhengig av vèr. Det er også tid for tradisjonar. På Gullbrå var det tid for tradisjonelt påskeskirenn torsdagen.

Full innsats ved standplass.fv Torstein Gullbrå, Jan-Olav Hilleren og Svein A Tollefsen

Nær 30 ungar stilte til start for å gå løypa med ulike hinder- og ikkje minst ballong-skiskyting. Sjølv om nokon armar var litt i kortaste laget for luftgeværet, vart det mange treff. Støtteapparatet var effektive og lada kontinuerleg, slik unngjekk ein kø på standplass. Ungane hasta vidare etter skyting og kom seg gjennom bakke opp, bakke ned, slalom og grøft. Ein imponerande innsats frå deltakarar og like stor innsats frå heia-gjengen ved sida. Dei minste imponerte kanskje aller mest - og gjorde seg absolutt fortent til premie. Yngstemann hadde sin første skitur denne påska, og kom seg godt gjennom heile løypa.

Etter at ungane hadde gått sin runde var det dei vaksne sin tur. Stafett med tre på kvart lag - full fart med knall og fall og diverse dueller undervegs. Både stil og innsats! Tidtaking på alle høyrer også med - raskast etappetid hadde Ole-Johan Faugstad Gullbrå, med tida 2.21.  

Dette var moro i år også!

Stafett-laga i gang

Veksling.

Velfortent premie til Kari Gullbrå Hosås

meir fisk