God deltaking på ope VM i Eksingedalen

På rekkje og rad, klare til VM-start. Godt med ein vaksen ved sida av seg. Start nr 2, Emilie Farestveit med bestemor Anne Mari trygt i handa.

Over 30 stilte til start i ope VM (Vaksdalsmeisterskap) i friteknikk.  Det er andre gongen Eksingedalen IL arrangerer denne typen skirenn, som erstattar VM i stafett som laget stod for tidlegare. I år gjekk rennet i dei flotte løypene på Nesheim. Etterkvart vart det litt nysnø i lufta, men fin temperatur og god stemning i kiosk- og målområdet var det under heile arrangementet. Gullpokal og medaljer - og attpåtil ein sjokolade i premie var topp! Premieutdelling på skikkeleg "palle", med fillrye på.  Det ser elles ut til at konkurranse-instinktet og motivasjonen for å ta ut alle sine krefter aukar med aukande alder.  Med unnatak av eldstemann som utelukkande tel talet på mil i Nesheimsløpa. 30 mil til no i vinter.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Start nr 9 Knut Eirik Seim og systra Ingrid Seim frå Bulken IL ventar på tur.

"Eg trur tida vert god", sa Knut Eirik, 3 1/2 år etter halvgått løp. Og det vart den. 

 

 

 

 

Premieutdeling i yngste klasse. Ingrid Seim står på pallen. Tidtakar Olav Gullbrå har kontroll på resultat og tider, "primus-motor" Magnar Nese (i farten med ryggen til) er premiesjef.

Ungdommar og damer er klare til start pulje 2. Så fyk dei ut, med 30 sekund mellom seg og startar jakta på ryggen framfor.

 

 

 

 

 

 

"Mil-slukar" og eldstemann Nils L. Nesheim får velfortent gull om halsen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Resultatliste ope Vaksdalsmeisterskap i langrenn, fri teknikk 2016  
            tid mål
  Jenter under 7 år 0,5 km      
  Heidi Nesheim, Eksingedalen IL   11,09
  Emilie Farestveit, Modalen IL     11,22
  Signe Nesheim, Eksingedalen IL   15,27
  Lisa Mo, Modalen IL     13,12
             
  Gutar under 7 år, 0,5 km      
  Jonas Aas Nese, Modalen IL     14,29
  Markus N Engeseth, Modalen IL   7,46
  Viljar Vetlejord Feirud     15,00
  Knut Eirik Seim, Bulken IL     7,55
             
  Jenter 7 år, 1 km        
  Ingrid Seim, Bulken IL     7,17
             
  Gutar 8 år, 1 km        
  Tobias Aas Nese, Modalen IL     12,36
  Olai Nese, Modalen IL     11,07
  Elias Bergo, Eksingedalen IL     10,30
  Lage Vetlejord Feirud     21,36
             
  Gutar 10 år, 2 km        
1 Jonathan Thorsen, Modalen IL     8,06
             
  Jenter 12 år, 3 km        
1 Marion Thorsen, Modalen IL     13,44
             
  Gutar 13 år, 3km        
1 Idar Gullbrå, Eksingedalen IL     12,25
2 Andreas Bergo, Eksingedalen IL   28,20
             
  Junior jenter, 4 km        
1 Hanna Gullbrå Tollefsen, Eksingedalen IL   19,17
             
  Trim damer, 3 km        
1 Gørild Aas Nese, Modalen IL     19,09
             
  Damer senior, 5 km        
1 Frøydis Gullbrå, Eksingedalen IL   17,45
2 Anita Furevikstrand Seim, Bulken IL   18,01
3 Sigrid Nese, Eksingedalen IL     19,36
             
  Gutar 16 år, 5 km        
1 Håkon Øvstedal       15,23
2 Ole Johan F. Gullbrå, Vaksdal IL   17,02
             
  Menn senior, 10 km      
1 Eirik Straume Normann, Bergsdalen UL   33,15
2 Nils Martin Seim, Bulken IL     35,05
3 Gaute Øvstedal, Eksingedalen IL   38,07
4 Lars Ørjan Nese, Modalen IL     43,47
             
  Menn 50 +        
1 Magnar Nese       33,36
2 Inge Olav Herfindal       33,41
3 Sveinung Tyssen Bergo     37,41
4 Trygve Njåstad       39,31
             
  Menn 70 +, 10 km        
1 Nils L Nesheim       56,20
             

 

meir fisk