Godt haustferietips: Fjelltrim i Eksingedalen

Med fantastiske vermeldingar og nydelege haustfargar kan fjellturar i Eksingedalen anbefalast! Det er i alt 15 postar å registrera seg på.
Bøkene i Eksingedalen IL sin fjelltrim for 2016 vert skifta ut frå 10.oktober og utover. Dersom nokon kjem til trimpost med ny bok, og gjerne ville vore registrert på 2016-sesongen kan ein gje beskjed om dette til turgruppa i idrettslaget (Aud Marit, Solfrid eller Liv Anne). Namna i bøkene skal no teljast opp og premieringa vert på idrettslaget sitt årsmøte i januar.
Med nye bøker er 2017-sesongen i gang! God tur!

meir fisk