Gratulera med dagen, Hege og Eksingedalen!

Klokka 10.00 fredag 7.april 2017 opna ei blid Hege Marie Lavik døra til Eksngedalen Snarkjøp As. Mange gode ord frå kundar i kø, alle glade for å ha butikk i Eksinedalen att! Butikken er helt ny, lys og triveleg - og hyllene var fulle av varer. Utvalet såg verkeleg innbydande ut!

Hege har god grunn til å smila i dag! Og i kaffikroken ventar ei nydeleg kake.

 

 

Kunde nr 1 gjennom kassa var Elias frå Eksingedalen skule som handla inn til påskekantina.

- Dette vart ein lykkedag, sa blide Elias! Med handlenett, blokk og penn til å skriva fleire handlelister - ei gåve tilkunde nr 1. Så her vert det nok meir kantinehandling!

meir fisk