Gudsteneste og baby- og småbornssong i Eksingedalen kyrkje

Invitasjon til baby- og småbornssong

Me ynskjer velkomen til baby- og småbornssong for de som er under skulealder i Nesheim og Eksingedalen sokn!
Det vert ei enkel og uformell samling tilpassa aldersgruppa, med blant anna kjende og nye rørslesongar, litt kreativ bibelfortlejing og såpebobler.
Samlinga vert samstundes med gudstenesta i Eksingedalen kyrkje på sundag, kl. 11 -12 i sakristiet.
Bruk gjerne inngangen på baksida for å koma direkte inn.

Etterpå er det kyrkjekaffi saman med dei som er på gudstenesta. Kom gjerne med heile familien, så kan dei som ikkje er med på samlinga, vera med på gudstenesta.  

Samlinga blir leia av trusopplærar Kristin Straume Audestad, som har hatt fleire liknande samlingar andre stadar i kommunen.

Ta kontakt med Kristin (95766379) om du har spørsmål.

Helsing Nesheim og Eksingedalen sokn

meir fisk