Idrettslaget inviterer til påskebingo og tur til Kvitanosi

Eksingedalen IL har to gode påsketradisjonar: BINGO og PÅSKETUR!
Bingoen er som vanleg skjærtorsdag kveld, og fellesturen på ski går langfredag.

Kl 19.30 torsdag 13.april ynskjer laget alle velkomne til bingo i gymsalen på skulen.
Det vert som vanleg 4 omgangar bingo med kaffipause midtvegs.

Kr 20,- pr bingobrett
Kr 30,- for brus og mat / kaffi og mat

Diverre er det komme feil pris på bingobrettet på plakatane.
Hugs kontantar! Idrettslaget lovar mange fine gevinstar i år også!

Så håpar ein at vêret er lagleg for tur til Kvitanosi fredag. Start frå Gullbrå er klokka 11. Vêrmeldinga er noko usikker, så endeleg avgjerd om det vert arrangert fellestur eller ikkje vert teke torsdag kveld. Sjekk www.eksingedalen.no

 

 

 

 

 

 

meir fisk