Idrettslaget jubilerte

Tekst: Sigrid Nese

Eksingedalen IL feira 40 år!

Laurdag 29.oktober 2016 feira Eksingedalen idrettslag 40- års jubileum. På denne dagen for førti år sidan, 29. oktober i 1976, vart Eksingedalen idrottslag skipa. 

   Fest i gymsalen på skulen. Foto: Sigrid Nese

Om lag 50 av laget sine medlemmar var med på markeringa på Eksingedalen skule. Åge Lavik, Veslemøy Bergo og Harald Lundestad, som var med å starta idrettsalet for førti år sidan var også tilstade. Resten av styret bestod av Marit Fjellanger, Ester Gullbrå, Ragnar Trefall, Gunnar Jarle Nesheim og Bernt Bergo.

  Veslemøy Bergo, Aage Lavik og Harald Lundestad, viktige personar i laget sin oppstart. Foto:    Sigrid Nese

Dagens leiaren i idrettslaget, Elisabeth Holth leia festen. Det vart servert rømmegraut, laga av Anne Margrete Eikefet, og pølser. 

Magnar Nese tok gjestane gjennom lags-soga til idrettslaget. Ein gong var det skitrekk i Haugen. Det vart lagt ned i 1995. Gjennom åra har idrettslaget jobba for ballbane og lysløype på Bergo, det har gjeve resultat.

 

Tidene har endra seg, det har også kledestilen. Ei manekengframsyning tok for seg dei ulike klede-epokane som har prega idrettslaget. Det starta med 70-talets hippieistil med nikkers, fjellanorakk og treski. På 80-talet hadde idrettslaget fått sine eigen overtrekksdrakter med EMIL-på baksida. På  90-talet enno nyare drakter, no også med eigen EMIL-logo på brystet. På 2000- talet investerte idrettslaget atter ein gong i ny drakter, denne i blå og svart. I 2015 med Eksingedalen idrettslag på ryggen. Til slutt inntok den moderne turgåar catwalken. Og Anorakken er framleis moderne.   

  70- og 80-tals ski og klesbunad. Og, skidressen passar enno. Foto: Kari Bergo

Håvard Bergo hadde laga ei biletvisning med tilbakeblikk frå dei 40 åra idrettslaget har eksistert. Markeringa vart avslutta med kaffi og kake.

  Kaka var laga av lokal konditor. Foto: Sigrid Nese

Tidene har endra seg, men det er framleis mykje aktivitet i idrettslaget. Styrketrening kvar onsdag i vinterhalvåret, yogakurs, skirenn og fjelltrim.

Det har vore 40 fine år, og det vert spanande å sjå kva dei neste 40- år vil bringa for Eksingedalen idrettslag. 

Lags-soga finn du med å klikka på Eksingedalen IL på denne sida.

Nye overtrekksklede. Aktivitet er sykkel, langrenn og fotball utanfor dalen. Foto Kari Bergo

90-tals jakker, kreativt bukseval. Foto: Kari Bergo

Nikkers, anorakk og fjellski. Foto: Kari Bergo

Pauseaktivitet. Foto: Sigrid Nese

 

meir fisk